Bente Lindvig i Tenketårnet
Bente Lindvig i Tenketårnet

Ein underskogskunstnar

Ho kallar seg sjølv det, Bente Lindvig, biletkunstnaren som har funne sin heim i Kivledalen. Litt i utkanten av det etablerte, i underskogen. Men der trivst ho godt.

– Bare kom inn. Eg har akkurat stelt meg klar.

I døropninga står Bente og ynskjer velkomen ein laurdagsmorgon i oktober. Sjølv har ho vore oppe sidan grålysninga. Alt sju om morgonen var ho i sving over tunet for å teste ut eit nytt eksperiment. Ein steinomn til bakst av brød og andre bakevarer. Omnen har ho sett opp inne i løa saman med bilete og ein koseleg krok med stolar og bord for dei om kjem på opninga av Bentes bakstehus.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No skal det bli bilete og brød for dei som kjem, ler ho.

Bakardotter

Bente voks opp i Skien, på Lindvigs bakeri på Frogner. Bakeriet er borte no, men lukta av bakverk er noko som heng i. Og då er det ekstra moro å eksperimentere med spanande brødoppskrifter i steinomnen.

– Eg trur far hadde syntest dette var moro. Men eg har nok ikkje dratt med meg så mykje lærdom frå oppveksten i bakeriet. Det einaste eg hugsar er at det er viktig med ordentlege råvarer, og det fylgjer eg, seier Bente.

Bente Lindvig,siste år som lærar på Seljord folkehøgskule, lina for biletkunst
Bente Lindvig,siste år som lærar på Seljord folkehøgskule, lina for biletkunst
Bente Lindvig opnar bakstehus på Kivletunet i  Kivledalen.
Bente Lindvig opnar bakstehus på Kivletunet i Kivledalen.

Men ho trur at faren eigentleg skulle ha vore musikar i staden for bakar. Men å satse på kunst som ein leveveg var ikkje noko han såg på som eit alternativ. For å leva av kunst er ikkje lett.

– Far var livredd for at eg skulle satse på kunsten. Me hadde ein kjempeflink kunstnar i Skien, Selmer, då eg voks opp, og han fekk stadig brød i byte for kunst, fortel ho.

Men kunst blei det, mellom anna som lærar i biletkunst i over to tiår.

Lærar

I vår gjekk Bente over i ein ny fase i livet. Etter å ha vore knytt til Seljord folkehøgskule i 25 år som lærar gjekk ho av med pensjon.

– Eg har eit sterkt kjærleiksforhold til den skulen. Eg er glad i å arbeide med unge, og har prøva å formidle meir enn bare fag. Det har eg fått mange gode tilbakemeldingar på i ettertid frå tidlegare elevar i form av brev og samtaler. Nokre av elevane har rett og slett blitt venner, fortel Bente.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv beskriv ho overgangen som både rart og rett.

– Eg er jo 65 år, og det kjenner eg. Og eg hadde polio som liten. Det har eg mest fortrengt – men eg blei lam som 5-åring. Det har eg måtta arbeidd mykje med etterpå. Men eg er særs takksam for at det gjekk så bra midt oppi det heile, fortel ho.

Aldri meir

Det har gått 20 år sidan ho kjøpte garden Sudigard-Kivle i Kivledalen. På dei åra har Bente stadig bygd ut og gjeve tunet nye mogelegheiter. I 2006 sto kapellet «Den sorte perle» klart til vigsling. Sidan har eit nytt atelier kome opp og løa er omforma til eit intimt utstillingslokale av bilete, no med noko attåt.

Bente vil feire 20-årsjubileet neste sommar med ein festival.

– Den skal heite «Aldri meir». For etter eit arrangement er eg alltid så sliten og seier aldri meir, så då kan festivalen likegodt heite det, ler ho.

I underskogen

Så var det dette med underskogen. Kunstnaren som finn seg sjølv litt på utsida av det etablerte. For sjølv om ho har undervist i biletkunst i fleire tiår og har kunstskular og kurs bak seg, har ho ikkje det ho kallar «fagboka i orden».

– Eg er litt utanfor, utan papir på at ein er kunstnar. Det er der underskogen kjem inn, men det går det òg. Kunsten poppar opp her og der. Den vil alltid vera overraskande, seier ho.

   Men denne dagen er det litt travelt, for sjølv om brøda er ferdigsteikte er det andre detaljar som skal på plass. Til kvart brød festar ho eit lite dikt, handskrive på kvitt papir.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg dablar litt med dikt også. Der kjem underskogen inn att, ler ho.

Tanketårn

Om det gjeld hagen som bognar med eple i 360 meters høgde, urtehagen, pergolaen med drivhuset eller kapellet, kan ein sjå på tunet til Sudigard-Kivle at kreativiteten får blomstre. Noko Tanketårnet er eit strålande eksempel på.

Med lågbudsjett og eigne midlar har ho sett opp sitt eige tårn for tankar, med utsikt utover fjella mot Seljord.

– Der kan ein sitja å tenke, og kanskje blir ein inspirert til å tenkje ein ny tanke, smiler Bente.

Som fersk pensjonist ynskjer ho å kunne fokusere meir på kunsten i alle sine former.

   – Eg har lært mykje av å arbeide med dette tunet, og eg har ei glede over å kunne uttrykke noko. Det er eit hamskifte å gå over til pensjonisttilværet, men eg sat i tenketårnet her om dagen, og då byrja det å gløde litt. Så eg har nokre tankar om framtida, ler ho.