Skal bere frukter året rundt
Næringshagen skal få Kviteseid til å blomstre.
– Me vil gjere bygda meir attraktiv, skape arbeidsplassar og eit godt sosialt miljø, sa styreleiar i Vest-Telemark Næringshage (VTNH), Gunnar Ruud, i opningstala si under opninga av den nye næringshagen torsdag,
Samarbeidspartnarane Siva, Telemark fylkeskommune, Kviteseid kommune og Innovasjon Norge var alle til stades på opninga, og det var ein godt nøgd styreleiar som ynskte velkomen til det nye bygget. Bygget kosta totalt omlag 23 millionar kroner, og det var direktør for innovasjon i Siva, tidlegare olje- og energiminister Ola Borten Moe, fekk æra av å offisielt opne næringshagen. Han kunne opplyse at Siva var godt fornøgde med både utviklinga og det ferdige resultatet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ting er på rett veg her i Kviteseid, prosjektet har fått ein veldig god start, og me i Siva er tilfreds med kor langt dette prosjektet har kome. I tillegg har det blitt eit flott bygg, skrytte Borten Moe.
Borten Moes kollega i Siva, Ole Andreas Schärer, sa seg einig, men understreka at ein ikkje hadde fullbyrda potensialet som ligg i prosjektet.
– La fortid vere fortid, no er det framtida som gjeld, sa Sivas seniorrådgjevar.
Satsar på fruktbarheit – året rundt
Sjølve opningsseremonien gjekk ut på planting av eit sitrontre, og dagleg leiar i VTNH, Svein Foldøy fortalde om symbolikken bak dette, før han let Borten Moe ta seg av gartnararbeidet.
– Frukttreet er eit symbol for vekst og utvikling. Sitrontreet er i tillegg spesielt i og med at det under gode forhold kan bere frukter året rundt, noko me håpar å realisere her også, forklarte Foldøy.
Vil gjere regionen meir attraktiv
Dei fleste talarane var opptekne at næringshagen skal vere med på å gjere Kviteseid og Vest-Telemark til ein meir attraktiv plass og etablere seg, både med tanke på næringsskaping, men også reint sosialt.
– Me trur det er enklast å oppnå god næringsskaping dersom ein har eit godt miljø rundt seg. Difor har er den sosiale integreringa viktig for oss, og me vil byggje eit sterkt lokalsamfunn rundt næringshagen, fortalde Foldøy.
Og attraktiv ser det ut som den nye næringshagen er: Alt på opningsdagen er 40 av totalt 50 kontor utleigde.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er imponerande at noko av det fyrste eg blei vist når eg kom hit var kvar det var planlagt å byggje ut, smilte Borten Moe.
Bygget blei fekk også ros av leiar for rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, Eli Taugbøl. Ho har fylgd prosjektet tett og hatt oversyn på den universelle utforminga.
– De har gjort ein god jobb og det er godt framkomeleg for menneske med nedsett funksjonsevne, kytte Taugbøl.
Kva er Siva?
Selskapet for industrivekst SF er eit statleg føretak som arbeider for fleire nyetableringar av bedrifter og auke omstillingsevna i næringslivet.
Selskapet har hovudkontor i Trondheim, og er underordna fiskeri- og næringsdepartementet.
Kjelde: siva.no