– Det er ei tid for alt
I 1975 kom fysioterapeutane Alf Tveit (68) og Gabriela Beurmann Tveit (65) til Dalen. 42 år seinare stenger dei arbeidsplassen og flyttar til Gvarv.
Dalen fysikalske institutt lukka dørene for godt i førre veke. Dei siste og trufaste pasientane fikk sin siste behandling og kontoret skal tømmast. Tokke kommune har bestemt seg for å gjere nokre endringar i tilbodet, og det blir ingen som tek over instituttet etter ekteparet.
I det me kjem opp trappa og inn døra til fysioterapeutane møter me Alf Tveit. Han er alt i gang med å rydde ut av skuffar og skap.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er rart å skulle stenge dørene etter så mange år. Det er sjølvsagt vemodig, men det blir godt å gjere noko anna. Det kjennast veldig naturleg, seier han.
Aktiv gut
I 1949 kom Alf Tveit til verda. I lag med foreldra var han busett i Sauherad kommune dei fyrste åra før familien på tre flytta til Fyresdal. Der budde dei frå Alf var seks til ti år, før dei flytta attende til Sauherad.
I oppveksten var Alf ein aktiv gut som lika det meste av idrett. Han var aktiv på ski, spelte fotball, dreiv med friidrett og var med på det han kunne. Hans store lidenskap for idrett og aktivitet førte han til fysioterapeutstudiane i Berlin i Tyskland.
– Eg var ein aktiv gutunge. Det blei naturleg for meg å utdanne meg til å bli fysioterapeut.
Møttes i Berlin
I den vesle byen Bad Sachsa i Tyskland vaks Gabi opp. Med ei mor som var fysioterapeut fekk ho god kjennskap til yrket, noko som gav meirsmak. Då Gabi var ferdig med gymnaset hadde ho eit ynskje om å forlate heimbyen, oppleve andre stader og drog til Berlin for å studere fysioterapi.
Der møtte ho den unge og flotte nordmannen.
– Eg var heldig som møtte Gabi. Det var tøffe tilhøve i Tyskland. Det var eit tøft studie og all undervisning var på tysk. Me var mange skandinavar og nordmenn på skulen, så det var ikkje så enkelt å lære seg tysk. Eg hadde hatt det på skulen, og kunne litt, men eg fekk god hjelp av Gabi. Me måtte jo kommunisere på tysk, fortel Alf.
– Det var eit tøft studie, seier Gabi.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg kunne språket så det var ikkje noko problem, men eg minnast at me hadde utplassering frå tidleg om morgonen til ut på dagen, hasta oss tilbake til skulen att for forelesingar som varte til langt ut på ettermiddagen, seier Gabi.
– Ja. Me hadde sytten eksamenar på tre dagar. Då var ein gåen etterpå, legg Alf til.
Då dei begge var ferdig utdanna vurderte dei å bli verande i Tyskland. Dei fekk tilbod om jobb, men så var det telemarkingen som måtte heim att.
– Alf ville heim til Telemark og eg var ikkje vond å be. Eg hadde lyst til å reise frå Tyskland, for å oppleve noko anna, og for meg var Noreg svært eksotisk, fortel Gabi.
Kom med ein gong
Alf drog i førevegen til Noreg. Han jobba nokre månadar som vikar før han ringte rundt til dei ulike kommunane i Telemark etter jobb.
– Eg kontakta han som var distriktslege, Olav Røyneland og spurte om dei hadde bruk for fysioterapeut på Dalen. Før eg var ferdig med det eg ville sei sa han:
– Ja, kom med ein gong!
– Eg måtte forklare at me var to og han svara at me skulle komme begge to. Då var det avgjort og me flytta til Dalen, seier Alf.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då ekteparet Tveit blei kjent i Tyskland var det Alf som måtte lære seg eit nytt språk. No var det Gabi sin tur, og ho var ikkje redd for å flytte til eit nytt land eller ny stad der ingen av dei kjente nokon.
– Familien min var ikkje særleg nøgde då me skulle flytte til Noreg. Eg hugsar godt då eg fortalde det til mamma. Ho lika det ikkje for ho synest det var så fattigsleg der. Me flytta til Dalen i 1975, og då var det stor forskjell på Noreg og Tyskland. Noreg låg 15-20 år etter Tyskland, men slik er det ikkje no lengre, seier Gabi.
Gloseark
Alf og Gabi fekk seg hus på Åmdals Verk og opna klinikk på Dalen. Gabi, som ikkje kunne språket anna enn norsketuristfraser trong tid for å finne seg til rette og lære norsk.
Alf gjekk i gang med å ta inn pasientar medan Gabi skulle vere heime den fyrste månaden.
– Etter ei veke kjeda eg meg og ville vere med Alf på jobb. Han laga eit ark til meg der han skreiv ned ord og fraser som eg trong for å kommunisere med pasientane. Ord som høgre, venstre og slapp av. Eg tok i mot éin pasient om dagen, helst ein pensjonist som hadde god tid, seier Gabi og smiler.
– Eg trur pasientane var hos deg bort imot to timar, legg Alf til og smiler til Gabi.
– Ja, det tok lang tid, men eg lærte veldig mykje av det.
Fysioterapeutane fann seg godt til rette. Dei blei godt teke imot av innbyggarane på Åmdals Verk og på Dalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg var ein av dei fyrste utlendingane som kom til Dalen. Eg hugsar fyrste gonga eg møtte Lisette Haukelidsæter. Ho kjem frå Nederland og kunne tysk. Det var ei frigjering å få prate tysk med nokon andre enn Alf. Me snakka tysk til kvarandre i mange år. No går det i norsk, seier Gabi.
– Det har gått ut over tysken min. Den er blitt litt rusten, seier Alf.
18 månader aleine
To år etter at Alf og Gabi kom til Dalen reiste Alf i siviltenestene i 18 månader. Gabi blei igjen på Dalen og tok imot pasientane.
– Det var ein tung vinter og eg følte meg veldig lita. Det var forferdeleg mykje snø og avstanden frå Åmdals Verk til Dalen blei frykteleg lang. Alf skulle vere borte neste vinter også, så eg prata med kommunen og fekk ein kommunal bustad på Dalen. Då løyste alt seg, fortel Gabi.
Side om side
I år er det 42 år sidan Alf og Gabi kom flyttande til Dalen og opna dørene til Dalen fysikalske institutt. I løpet av alle åra ekteparet har arbeidd side om side som fysioterapeutar har dei begge hatt fleire permisjonar og gjort andre ting.
– Eg er rastlaus av meg og må ut og lufte meg i periodar. Då eg kom til Noreg blei eg raskt fasinera av den norske kulturen og husflid. Eg har gått på vevkurs og eit år gjekk eg på husflidlinja i Valle i Setesdalen. Eit heilt år sat eg berre og vevde, og det var fantastisk. Veving var heilt nytt for meg.Eg likar godt fargar og vera kreativ, så eg kosa meg veldig det året, fortel Gabi.
– Eg var igjen på Dalen og tok imot pasientar, medan Gabi vevde, smiler Alf. Ho kom heim kvar helg, så det gjekk veldig greitt, legg han til.
Spelemannen
Hardingfela har vore ein trufast fylgjesvenn for Alf og er hans største hobby.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han har vore med og vunne fleire kappleikar, noregsmeisterskap og han har og fått ein kongepokal.
– Eg og fela mi har opplevd mykje moro i lag. Eg har vore distriktsmusikar innan folkemusikk i 10 år. Tre av åra arbeidde og som musikar på fulltid i lag med Ellen Nordstoga i Vinje, der eg mellom anna underviste på Raulandsakademiet. Eg har reist verda rundt med hardingfela og har vore så heldig at Gabi har blitt med meg. No er eg for det meste dommar i kappleikane, seier Alf.
– Dalen har vore basen vår alle desse åra. Me har gjort ulike ting kvar for oss i periodar, men har alltid kome tilbake til Dalen og kvarandre. Det er her me har hatt klinikken og huset vårt, som me bygde ved Bandak på slutten av 1980-tallet. Me likar å engasjere oss og har vore med på mykje her i kommunen. Fysioterapi er så myke meir enn å ta imot pasientar på behandlingsbenken eller i treningsrommet, seier Gabi.
– Synest de det er vanskeleg å legge ned klinikken?
– Det kjennast veldig naturleg. Me føler at me har gjort jobben vår som fysioterapeutar etter 42 år. No blir me pensjonistar. Det er sjølvsagt litt vemodig, men no er tida inne for å gjere noko anna, seier Alf.
– Eg synest det har vore vanskeleg, seier Gabi og held fram:
– I 2001 tok eg vidareutdanning innan «lymfødemterapi». Dette er ein sjukdom som gjev hevelsar i kroppen. Den kan vera medfødd eller kome etter ein tøff kreftbehandling. Før eg tok denne utdanninga var det berre Britta Sandåk i Vinje som kunne tilby behandling i Vest-Telemark. Eg tok over etter henne, og det har ikkje vore andre som har kunne ta over før no nyleg. Det har gjort at avgjerda om å slutte har vore vanskeleg.
– Det ein person i Åmot som skal tilby «lymfødemterapi» framover. Det er eg veldig glad for. Eg har blitt veldig glad i pasientane mine. Mange har eg hatt sidan 2001, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Har hatt stor betyding
Dalen fysikalske institutt har gjennom åra hatt mange faste og trufaste pasientar frå Tokke, nabokommunane og heile Vest-Telemark. Førre torsdag fekk Alf og Gabi førespurnad om dei kunne bli med på eit møte med nokon av pasientane.
Fysioterapeutane ana fred og inga fare, men det dei ikkje visste var at pasientane deira på Dalen hadde laga i stand eit forundringsselskap for dei.
– Ein av pasientane kom opp på kontoret og henta oss. Me skulle møte dei andre. Ute var det regn, mørkt og trist. Då me kom inn på kroa var det mørkt – ljoset var sløkka, seier Gabi.
– Plutseleg gjekk ljoset på. Der stod det over 20 pasientar. Det var dekka eit langbord med kvite dukar, ljos og blomar og me skulle eta middag. Me fekk flotte blomar og gode ord. Det var rørande og betyr utruleg mykje for oss begge.
Alf er einig med kona.
– Det var utruleg hyggeleg. Gjennom alle desse åra på Dalen er det pasientane me har vore her for, legg han til.
– Kva skal de finne på no?
– No skal me bli pensjonistar. Me har kjøpt hus på Gvarv i Sauherad og flytter dit. Familien min bur der, så det blir fint å komme nærare dei. Det er jobben som har halde oss på Dalen, seier Alf.
– Det blir godt å bu litt meir sentralt. Me har familie og leilegheit i Tyskland og ynskjer å reise dit og vere der over lengre periodar. Me har hatt mange fine år på Dalen, men no er det tid for noko nytt, fortel Alf og Gabi Tveit.