– Grunnsynet til skulen er at du skal lære deg å respektere alle. Det finst grunnar for at livet går slik eller slik. Me har så lett for å døme folk, meiner ho. Sjølv bles ho i kva bygdedyret meiner.
– Grunnsynet til skulen er at du skal lære deg å respektere alle. Det finst grunnar for at livet går slik eller slik. Me har så lett for å døme folk, meiner ho. Sjølv bles ho i kva bygdedyret meiner.

Langbesta og skulejente

Astrid Ekre i Seljord er ikkje akkurat som skuleelevar flest. For det fyrste er det heile ti år sidan ho sist hadde joleferie. For det andre er ho ikkje oppteken av skuleprestasjonar. Men ho finn seg godt til rette blant medelevane på Nansenskolen på Lillehammer. Den sytti år gamle oldemora er ein levande interessert student på det humanistiske akademiet som arbeider for å oppmuntre til undring og refleksjon om mennesket sin situasjon i verda.

Folkehøgskuleelven er heime på joleferie. Det er stas. Astrid har nemleg ikkje hatt ferie på ti år.

– Det ein saknar mest med å vera pensjonist er å ha ferie, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje det at pensjonsittilværet er kjedeleg – Astrid keiar seg aldri, ho har det ikkje keisamt heime heller. Kva ho lærer på skulen? Å sjå på alt med litt andre augo.

– Grunnsynet til skulen er at du skal lære deg å respektere alle. Det er grunnar for at livet går slik eller slik. Me menneske har så lett for å døme folk, meiner ho.

Bles i bygdedyret

Sjølv bles ho i kva bygdedyret seier. Syttiåringen likar seg like godt blant ungdomen på puben som i pensjonistlaget eller på Maran Ata. Dukkar ho opp på puben i Seljord blir ho gjerne påspandert ein Jägermeister. Alle, unge som eldre, blir glade når ho kjem. Ho er livleg, interessert, oppdatert og spennande å snakke med, er karakteristikken frå sikre kjelder. Dessutan – ingen har nokon gong høyrt dama snakke vondt om folk.

I førti år hadde Astrid arbeidsplassen sin i Televerket i Seljord. I 1955 byrja ho på «riksen», eit omgrep som knapt er påtakande å forklare for mobilgenerasjonen. Ho var også innom rekneskaps- og personalavdelinga før ho dei siste to åra arbeidde på opplysninga. Så reiste jobben hennar til Skien, og ho vart førtidspensjonist seksti år gamal.

Har gått der før

At det skulle gå ti år før pensjonisten blei skulejente, skuldast ymse omstende i livet. For det har ho vore sikker på i femten år; ho skulle gå på folkehøgskule att. Då Astrid reiste til Lillehammer i haust, visste ho vel kva ho gjekk til. For femten år sidan tok ho permisjon utan løn for å ta eit år nettopp på Nansenskolen.

– Eg gledde meg grueleg den gongen, og var livredd for at noko skulle koma i vegen, hugsar ho.

Det blei eit spennande og lærerikt år. Institusjonen er eit humanistisk akademi som legg vekt på å lære studentane å respektere alle og alle sine meiningar – og å sjå på ting med litt andre augo.

– Der lærte eg ein god del om ikkje å vera så innsnevra, seier den kunnskapstyrste.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje oppteken av å prestere

Sidan har ho aldri vore i tvil – eit slikt skuleår skulle ho ta om att. No er ho ein av kring seksti elevar. Ho er den eldste, men nestemann er bare ein månad yngre enn henne. Nansenskolen legg vekt på aldersspreiing; i alt tolv av elevane er over førti år gamle.

– Mange synest eg er tøff som gjer dette. Slik er det ikkje; eg ser meir på det som ein ego-trip. Å ta eit skuleår er ikkje skummelt i det heile. Men du må vera litt rund i kantane, påpeikar ho, og oppmodar alle som har lyst til å gjera noko utradisjonelt om å rett og slett bare å ta steget. Sjølv har ho ingen prestasjonsangst, og er ikkje oppteken av å prestere på skulen.

– Å roe seg, der er noko av det viktige i livet, fastslår ho.

Men Astrid fylgjer alt av førelesingar, og skryter av at skulen dreg til seg mange både gode og kjende førelesarar. Ho går på linja for idé, kultur og samfunn, der målet er å stimulere til sjølvstendig, kritisk tenking, undring og aktivt samfunnsengasjement. I tillegg til fellesundervisninga har seljordseleven mellom anna idéhistorie og Ibsen som valfag. Filosofi er eit obligatorisk fag.

– Det er moro å tenkje, filosoferer Astrid der ho sit i stogo si heime i Seljord og ser utover vatnet.

Mòsadòtt frå Kviteseid

Opprinneleg er syttiåringen mòsadòtt frå Kviteseid. Ho vaks opp som einaste ungen til Nora og Toralf Midtbøen. Mora kom til Kviteseid som frelsesoffiser, og faren er kanskje mest kjend som ein av «lensekara» til Werenskiold. Frå sikre kjelder veit me at Astrid som barn var god til å hoppe på ski. Det vil ho ikkje ha mykje snakk om, men medgjev å ha vore med og opna fleire skirenn i Midtbøen-bakken.

– Me flaksa vel som kråker. Men me fanst ikkje redde veit du, humrar ho.

Etter folkeskulen gjekk Astrid triårig realskule på Moen i Kviteseid. Deretter ville ho gjerne gå gymnas, men faren ville ikkje koste meir skulegang på henne. I staden blei det fire år med jobb i Hansen-bui i Kviteseid, ein butikk som den gongen selde alt frå bøker til manufaktur og gjødsel. I den tida var ho aktiv i frimisjonen. Å halde husmøte var ein av syslene til menigheten. Ho minnest ein slikt møte i 1953.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då var me tri ungdomar frå Kviteseid som tok buss til Seljord med trekkspel og gitar, og sparka til Kivledalen for å halde husmøte hjå Margit Tresland på Nordistogo Tresland. Det var stuvfullt i stogo, og eg hugsar me song: «Gamle tiders väkkelse vi väntar uti stugora där trängsel var», siterer ho.

Agnostikar og langbesta

Av og til tek Astrid seg ein tur på Maran Ata-møte, fordi ho synest det er løgleg, som ho sjølv seier. Men ho er ikkje lenger aktiv i nokon menighet.

– Kvar står du no i trusspørsmål?

– Eg må vel seie eg er ein agnostikar. Eg bortforklarar ingenting, men trur heller ikkje så mykje, svarar ho.

Ei lita stund blir ho sitjande alvorsam før andletet sprekker opp i eit stort smil.

– Eg var i menigheten til eg blei sleppt laus i Seljord, ler ho.

Der trefte ho Erling Ekre, som ho blei gift med. Dei fekk tri døtre. Astrid blei enkje berre femti år gamal, men har med tida fått åtte barnebarn og to oldebarn. Så no er ho altså langbesta.

Langbesta aldri så mykje, Astrid trivst veldig godt saman med ungdom. Men ho har registrert at dei unge medelevane hennar er annleis enn dei var for femten år sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei synest vera meir målretta no. Det mistenkjer eg Internett for å ha skulda for, seier ho.

Den rivande teknologiske utviklinga synest Astrid er spennande, og som den vitelystne og nysgjerrige personen ho er, har ho aldri tenkt å gje seg.

– Eg vil fram att og kikke kvart tidande år for å sjå på verda...

Nansenskolen

* Ein studiestad for vaksne med ulik politisk, religiøs og kulturell bakgrunn.

* Skulen er forankra i den humanistiske arven og arbeider for å styrke denne.

* Grunnlagt av biskop Kristian Schjelderup og dr. philos Anders Wyller i 1938, i protest mot den aukande utbreiinga av dei totalitære ideologiane i Europa.

* Skulen er knytt til namnet til Fritjof Nansen fordi han sameina sentrale sider ved det å vera humanist; aktiv menneskekjærleik og ein fri tanke.

* Humanismen blir ikkje sett på som eit livssyn, men som ei grunnhaldning som kan sameine menneske på tvers av religionar, livssyn og verdiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Demokrati, menneskerettar, berekraftig utvikling, fredleg konfliktløysing og styring av den teknologiske utviklinga er sentrale tema i undervisninga.

* Skulen har tri linjer; idé, kultur og samfunn, skrivekunst og biletkunst.

* Nansenskulen er formelt å rekne som ein folkehøgskule.

* Idégrunnlaget til skulen: Kjærleik til nesten, respekt for mennesket, truskap mot sanninga, fridom under ansvar og vern om det frie folkestyret.

(Kjelde: www.nansenskolen.no)