Synnøve Ofte Jakobsen frå Høydalsmo er no på misjonsoppdrag på Vanuatu i Stillehavet, og hadde dermed ikkje høve til å ta i mot prisen. (Privat foto)
Synnøve Ofte Jakobsen frå Høydalsmo er no på misjonsoppdrag på Vanuatu i Stillehavet, og hadde dermed ikkje høve til å ta i mot prisen. (Privat foto)

Skreiv Noregs beste nynorskeksamen

Nynorskstilen til Synnøve Ofte Jakobsen frå Høydalsmo har gjeve ho Oos’ legat. Same pris har både nobelprisvinnar Edvard Moser og tidlegare kringkastingssjef Einar Førde fått.

Ja, det er noko som er betre enn toppkarakteren seks i nynorsk eksamen frå vidaregåande. Alle som får karakteren seks på eksamensoppgåva si i nynorsk hovudmål, kan få stilen sin sendt inn til juryen for Fridtjov Oos’ legat.

Juryen vel ut tre vinnarar kvart år, og no er Synnøve Ofte Jakobsen blitt éi av dei. I tillegg til 5000 kroner i premie får ho bli med i ei eksklusiv gruppe av tidlegare vinnarar av legatet, som inkluderer mellom anna Einar Førde, Ottar Grepstad, Sølve Grotmol, Edvard Moser og fleire forskarar, forfattarar og politikarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skryt frå juryen

Synnøve Ofte Jakobsen var russ ved Kvitsund Gymnas i fjor, og får skryt frå juryen for essayet ho skreiv.

– Det har vore så fint å gå langs dei tekststiane som ho merkjer opp i essayet sitt, skriv juryen.

– Eg var fyrst og fremst overraska då eg fekk vite om juryens avgjerd, veldig glad sjølvsagt, men veldig overraska. Eg prøvde berre å skrive eksamenen slik eg vanlegvis skreiv stilar, å gjere det beste eg kunne, skriv Synnøve Ofte Jakobsen på epost frå Vanuatu i Stillehavet til Framtida.no.

I fjor skreiv VTB om henne då ho enda opp med 23 seksarar og fem femmarar på vitnemålet.

– Vel var eg nøgd med teksten, heilt til eg byrja å samanlikne med andre og angre på at eg ikkje hadde slått opp både den eine og den andre verbbøyinga, men at det skulle halde til noko som dette var verkeleg hinsides all forventing. Det er ei stor ære, og eg tenker mest at det einaste eg kan gjere er å takke for all stadfesting og oppmuntring det har gjeve meg. Eg prøvar å ta det til meg, etter råd frå mine amerikanske reisekameratar, som kanskje er litt flinkare til å ta til seg ros enn nordmenn flest.

På oppdrag i Stillehavet

I januar reiste Synnøve Ofte Jakobsen til Kailua-Kona på Big Island, Hawaii, for å ta ein disippeltreningsskule (DTS) med ein internasjonal misjonsorganisjon kalla Youth With A Mission, i Noreg kjent som Ungdom i Oppdrag.

– Det er eit program på fem månadar som trenar elevane til å vere misjonærar, og sidan eg tok ein Justice DTS, var det ekstra vekt på internasjonal rettferd og kva me kan gjere for å stoppe uretten me ser i verda i dag. Etter 3 månadar med undervisning i Hawaii reiste me på outreach til ulike nasjonar for dei resterande to månadane, forklarer ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skulle eigentleg reise med eit team til Marshalløyene, men etter syklonen Pam i midten av mars, heiv me oss rundt, danna eit nytt team og reiste på fire dagars varsel til Vanuatu med vassfilter, mat, klede, verktøy og pengar til byggemateriale. No har me tre veker att av tida vår her i Vanuatu, er mange opplevingar og erfaringar rikare, og heldigvis er situasjonen her langt betre enn frykta.

Vil jobbe mot urett

– Planen min for framtida er å studere jus, for å kunne jobbe som jurist i land der urett, korrupsjon og menneskehandel langt på veg er akseptert av styresmaktene, medan vanlege folk berre må leve med det. Draumen er å jobbe med systema og lovverka som tillét at denne uretten skjer. Kvar, korleis og når veit eg ikkje, men det er foreløpig heller ikkje så viktig.