Køyrde til butikken med 2,37 i promille

Meir enn eitt år etter at vesttelen køyrde i fylla blei han i januar dømd til fengsel i 24 dagar.

Må i fengsel: Vesttelen må 24 dagar i fengsel etter å ha køyrd i fylla i desember 2018.

Det var i desember i 2018 at vesttelen i 70-åra blei stoppa av politiet. Blodprøve viste promille på 2,37. På vegen til butikken skal han ha vore borti fleire fortauskantar.

– På ein parkeringsplass utanfor ein matbutikk kan det vere ein del folk, og ikkje minst ungar. Det skjedde ikkje nokre uhell på staden, men det var ein stor risiko for fare inne på parkeringsplassen. Likevel er det den høge promillen som gjer at straffa blir sett høgt, konkluderer retten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannen blei dømd til fengsel i 24 dagar og fekk ei bot på 10 000 kroner. Han blir også utan førarkort i to og eit halvt år, rekna frå då han blei fråteken lappen i 2018.

Vesttelen gav ei atterhaldslaus tilståing til Vest-Telemark tingrett.

Straffa blei sett noko ned fordi saka har lege lenge hos politiet utan at det har skjedd noko. Det har vore belastande for mannen. Det er også tatt omsyn til tilståinga.

Vest-Telemark tingrett blei leia av dommarfullmektig Johanne Fjesme Nakrem.