Politiske bylgjer i bryggesak
Usemja kom skikkeleg fram då Nissedal formannskap skulle ta stilling til ein søknad om å flytte ei flytebrygge ved Vik camping.
Ein søknad frå Tellef Fossli i Nissedal om dispensasjon for å flytte flytebryggja frå Vik camping til nordsida av Kvinesodden kom nyleg opp til ny handsaming i formannskapet. Det skjedde fordi det i førre runde var handsamingsfeil ved at saka ikkje var sendt til nabohøyring. Den gongen var det naboparet Anne Kristin Fosli og Ove Flataker som påpeika dette. Formannskapet oppheva 1. juni vedtaket om å stø søknaden, bad om ny sakshandsaming og gav Tellef Fossli dispensasjon til bruk av brygga slik ho alt var oppført, fram til nytt vedtak i saka.
Den nye sakshandsaminga har i seg fem høyringsuttaler. Fosli og Flataker går i ei omfattande tilbakemelding sterkt imot å gje dispensasjon. Dei meiner søknaden ikkje oppfyller formelle krav til ein dispensasjonssøknad, mellom anna manglande vurderingar av alternative plasseringar. Vidare kritiserer paret at søknaden ikkje er sendt Fylkesmannen og fylkeskommunen for uttale. Så meiner dei at bryggja vil vere ei ulempe for utvikling av eigedomen dei har, og at brygga i sterk grad vil svekke kvalitetane området har som ei naturperle prega av ro og fred.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tre andre naboar, Geir Arne Odden, Erling Evja og Gerd Brekke går inn for at det blir gjeve dispensasjon. Nordbygda grendelag bed om at det blir lagt ut markeringsbøyer rundt badeplassen ved Vikodden friområde ikkje langt unna brygga.
To ulike saker
Plansjef og sakshandsamar Sveinung Seljås meiner uttala til Fosli og Flataker på fleire punkt er overspel, og minner om at heile arealet søkjaren har mellom riksvegen og Nisser er lagt ut som byggjeområde for fritids- og turistføremål, alt frå 1992. I formannskapsmøtet la Seljås til:
– Det er ein omstridd nabofeide som eigentleg er utløysande for heile problemstillinga, slik eg oppfattar det.
Anne-Nora Oma Dahle (Sp) ville ikkje stø tilrådinga frå rådmannen om å gje campingplassdrivaren Fossli løyve til å flytte brygga.
– Den næringsdrivande her må nødvendigvis i mi verd operere langt utanfor ein gamal reguleringsplan. Han er langt inne i landbruk-, natur- og friluftsområdet til naboen – han har tatt eit område som var beiteareal. Og om flytebrygga: Der har han kome oss i forkant. Eg kan ikkje sjå anna enn at han har behov for å rydde i den gamle reguleringsplanen, sa Dahle.
Naboeigedomen ho snakka om tilhøyrer Olav Inge Nordbø.
– Nå er du strengt tatt inne på ei anna sak enn me skal behandle i dag, svara ordførar Halvor Homme (Ap).
Dahle var frampå att og meinte at ved å få ny reguleringsplan ville ein rydde opp i usemjer mellom naboane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ved ein reguleringsplan skal me rydde opp i alt for å sikre næringsverksemda og at naboane ikkje lagar hindringar for ho, sa Dahle.
Ikkje ulemper
Geir Christian Enger (KrF) var einig med ordføraren at kravet til Dahle var ei heilt anna sak.
– Arealet der flytebrygga er flytta til er alt regulert, og på regulert område må Fossli få lov til å disponere ulike ting. Om han har gått over grensa på andre område, må det bli ei anna sak, sa Enger.
Ordføraren fylgde opp:
– Skulle me bli så strenge som Dahle legg opp til nå, vil det vere veldig endring av praksis i Nissedal i forhold til næringsdrivande. Det trur eg vil bli veldig dårleg tatt imot blant dei næringsdrivande i kommunen.
– Eg klarer nesten ikkje å sjå ulemper ved å gje dispensasjon til å flytte brygga. Det er viktig å imøtekome dei som faktisk får til noko i denne kommunen, fortsette ordføraren.
Fem knop
Dahle fekk berre eiga røyst på forslaget om å avslå søknaden om dispensasjon og å krevje reguleringsplan for området.
Ian Parry-Jones (Sp) fekk Dahle med på sitt forslag om at ein må leggje ut markeringsbøyer ved Vikodden og framom strandsona til Fosli og Flataker. Fleirtalet Enger, Homme og partifelle Runa Vee Tveit sa nei til å krevje dette, men fylgde Parry-Jones i å sette fartsavgrensing på fem knop i bukta mellom Kvinesodden og Vikodden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dermed får Fossli flytte flytebrygga, men anlegget kan bare nyttast til båtplass for gjester ved Vik camping. Flyttinga av flytebryggeanlegget er søknadspliktig etter plan- og bygningslova, og skal ha kommunalt byggeløyve.
Forheld seg til reguleringsplanen
Tellef Fossli kjenner seg ikkje att i det Anne-Nora Oma Dahle uttalte i formannskapsmøtet.
– Dette er nytt for meg. Det har ikkje vore nokon endringar av området dei siste 20 åra, anna enn å flytte flytebrygga. Området der er regulert til turistnæring, og eg forheld meg til gjeldande reguleringsplan, seier Fossli.
Han minner elles om årsaka til søknaden; høgspentkablar i Nisser låg nesten opp i dagen ved campingplassen. Som fylgje av reguleringa av Nisser blei det etter nødvendig tildekking av kablane umogleg å la bryggja ligge det ho låg.