Ventar folke- og fartsfest på Brøløs

Med Edvald Boasson Hagen i spissen syklar neste veke nokre av verdas beste syklistar gjennom Kviteseid og Seljord. På Brøløs skal dei spurte om poeng.

Syklistane i Tour of Norway svingar i Nordbygdi inn på den gamle europavegen, kjem forbi Dyrskuplassen, passerer Nyveg-krysset og Funnemark – før det forhåpentligvis dreg seg mot eit durabeleg spurtoppgjer ved Kiosk-bui.

Viss det ikkje er, slik det var i fjor, ein som har rykt frå resten av feltet då …

Artikkelen held fram under annonsen.

Når syklistane tevlar om spurtpoeng på Brøløs om ei veke blir dei heia fram av alle som har tatt turen til skuleplassen. Her er det storskjerm, speaker og standar som skal skape god sykkelstemning i bygda. I fjor var det mellom 1000 og 2000 menneske i Seljord sentrum. Då var målgang ved Fjellheimtomta.

– Tour of Norway var svært fornøgde med fjorårets arrangement og varsla tidleg at turen også i år kom til å gå gjennom Seljord, seier Hilde Hagen-Nielsen i arbeidsgruppa som har sydd saman det lokale arrangementet.

Direkte på TV

Asbjørn Storrusten er kultur- og næringssjef og folkehelsekoordinator i Seljord kommune. Han ser på sykkelfesten både som god reklame for kommunen og som sentralt i folkehelsearbeidet. Sykkelløpet blir vist direkte på TV2s hovudkanal.  

Når proffane har sykla vidare mot målgang på Rjukan er det barna sin tur. 140 unge deltok i fjorårets barneløp.

– Me forventar endå fleire i år, og håpar også det kjem folk frå nabobygdene, seier Kjersti Ågren frå Møtestad Seljord.

Dei lovar mykje liv og stor stemning i Seljord sentrum, ein dag som er via til sykkel. Skuleelevane har sykkel på timeplanen og får besøk av sykkeltrenar Michel Fouler.

Brau, sveler og smør

Etappen frå Kragerø til Rjukan er den andre av i alt fem etappar i Tour of Norway. I tillegg til spurt på Brøløs blir det bakkespurt ved Nutheim.

Elisabeth Lid, næringssjef i Kviteseid kommune, varslar at dei også vil vera med på sykkelfesten. Det blir ulike aktivitetar ved Kvitsund gymnas.

Artikkelen held fram under annonsen.

Norsk skieventyr deler ut svele, fotballaga heiar syklistane fram, og det blir stand med utdeling av Kviteseidsmør og Morgedalsbrau, varslar Lid.

– Alle skulane og lag- og foreiningar i kommunen er oppmoda til å finne på aktivitetar. Det kjem til å bli liv og røre og stor stemning, lovar Lid.

Tour of Norway

– Arrangert for sjette gong.

– Totalt 21 lag er med. 14 World tour og pro-kontinentallag er med. For fyrste gong blir det også eit norsk landslag i rittet.

– Blir vist på TV2 og Eurosport. Tre timar av «Vest-Telemark-etappen» (etappe 2) blir vist direkte.

– Etappe 1: 18. mai, Drammen–Langesund.

– Etappe 2: 19. mai, Kragerø–Rjukan.

– Etappe 3: 20. mai, Rjukan–Geilo.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Etappe 4: 21. mai, Flå–Eggemoen.

– Etappe 5: 22. mai, Drøbak–Sarpsborg.