Både laurdag og sundag var det svært godt oppmøte på leikeplass-dugnaden i Åsgrend. Sundag stod det bare att nokre få skruar og litt meir sand før det nye leikeapparatet frå Villmarksserien til verksemda Aktiv lek i Skreosen stod klart. Totalt tok 25 vaksne og 13 barn del i dugnadsarbeidet i helga.

– Kom og leik i Åsgrend

Ein gåvesjekk på 205 000 kroner, godt samhald og dugnadsiver gjev ein morosam, trygg og fin leikeplass for innbyggjarane i Åsgrend. – Heile grenda vil bli meir attraktiv som buplass, men òg som utfluktsstad for folk frå andre grender, meiner Rønnaug Flatin i grendelaget.

I vår fekk grendelaget i Åsgrend ein idé om å gjere leikeområdet utanfor den tidlegare skulestoga, som dei eig og driftar som forsamlingshus, betre, og grendelagsmedlem Rønnaug Flatin tok pennen fatt.

– Eg leita fram alle gode argument eg kunne finne, smiler ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

I søknaden til Sparebankstiftinga fortalde ho mellom anna at grendelaget er limet i lokalsamfunnet og ein brubyggjar mellom generasjonar.

– Me ynskjer å kunne gje eit godt tilbod til alle og styrke samhaldet her. Med ny leikeplass vil me leggje til rette for trygg leik og fysisk aktivitet for barn og unge. Ein ny og spanande leikeplass vil gjere grendehuset til ein veleigna møteplass også for dei yngste, og det vil bli endå meir attraktivt for småbarnsfamiliar å busetje seg i Åsgrend. Heile grenda vil bli meir attraktiv som buplass, men òg som ein utfluktsstad for folk frå andre grender, skreiv Flatin og sendte av stad ein søknad om 250 000 kroner i stønad til eit nytt leikeområde med eit stort leikeapparat tilpassa barn mellom 3 og 14 år.

Folketalsvekst

– Om ein har små barn og ynskjer ein stad å leike er det lite å velje i utanfor skule- og barnehageområda, så nå håpar me mange kjem på besøk til oss, smiler Flatin i grendelaget.

Då grendelaget fekk 205 000 kroner frå Sparebankstiftinga DNB blei det nytt leikeapparatet i Åsgrend og i helga var mellom anna Sondre Martinsen Heggtveit (1) på dugnad saman bestefar Svein Henriksen for å montere det nye leikeanlegget.

– Gode møteplassar kan freiste og vera med på å trekkje nye innbyggjarar til grenda. Og kom gjerne på besøk for å leike hos oss, inviterer Rønnaug Flatin i Åsgrend grendelag medan ho testar den nye sklia.

Trym Steinbakk (5) testar klatreveggen på leikestativet.
Trym Steinbakk (5) testar klatreveggen på leikestativet.
Små og store på dugnadsarbeid i Åsgrend.
Små og store på dugnadsarbeid i Åsgrend.
Små og store på dugnadsarbeid i Åsgrend.
Små og store på dugnadsarbeid i Åsgrend.
Dugnadsarbeid i Åsgrend.
Dugnadsarbeid i Åsgrend.
Dugnadsarbeid i Åsgrend.
Dugnadsarbeid i Åsgrend.
Dugnadsarbeid i Åsgrend.
Dugnadsarbeid i Åsgrend.
Mat til dugnadsfolket sytte Anne Brit Flatin Borgen og Anne Dorthea H. Henriksen for.
Mat til dugnadsfolket sytte Anne Brit Flatin Borgen og Anne Dorthea H. Henriksen for.
Dugnadsarbeid i Åsgrend.
Dugnadsarbeid i Åsgrend.
Leikeanlegget tar form.
Leikeanlegget tar form.
Dugnadsarbeid i Åsgrend.
Dugnadsarbeid i Åsgrend.
Små og store på dugnadsarbeid i Åsgrend.
Små og store på dugnadsarbeid i Åsgrend.
Små og store på dugnadsarbeid i Åsgrend.
Små og store på dugnadsarbeid i Åsgrend.
Dugnadsarbeid i Åsgrend.
Dugnadsarbeid i Åsgrend.

Åsgrend har hatt stor auke i folketalet dei siste åra og har nå nesten 100 innbyggjarar. Relativt mange av desse er småbarn. Det bur òg åsgrendingar på andre sida av kommunegrensa.

Bygda har eit aktivt grendelag og ulike arrangement samlar innbyggjarane gjennom året på tvers av generasjonar.

– Huset blir også leigd vekk til selskap og arrangement og nå håpar me at det nye leikeområdet vil vere eit fint trekkplaster for at mange fleire kjem til Åsgrend. Ein perfekt stad å leige for å halde barnebursdag til dømes, seier leiar i grendelaget, Stian Martinsen Heggtveit.

Stor jobb

Etter at gåvetildelinga blei kjent tidlegare i år starta driftige karar med grunnarbeidet.

Fleire hundre timar gjekk med for å rydde og gjere området klart. Folk har stilt opp med traktorar og gravemaskiner, og mange kveldsbeiter gjekk med for ulike arbeidslag før mellom anna drenering og dei 42 festa til leikestativet var plassert og støypt fast slik at den store dugnaden kunne kome i gang i helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Godt oppmøte

Eit par timar ut i dugnaden laurdag var monteringsarbeidet godt i gang, og leikeapparatet byrja å ta form. Små og store hender samarbeidde godt, vaksne løfta elementa på plass medan dei yngste fann fram skruar eller hjelpte til med å halde drillen.

For kvar seksjon som tok form var ivrige barneføter på plass for å teste og gle seg over det nye apparatet – og me kunne sjå at dei litt meir vaksne også måtte teste apparatet litt.  

Inne på kjøkkenet blei det stelt dugnadsmat før arbeidsfolket heldt fram med arbeidet ute.

Medan dei fleste monterte leikeapparat blei to nye fotballmål også sett saman. Klart grendelaget måtte legge til rette for ein liten fotballkamp også, så nå skal det bli mykje leik og moro for alle som besøker grenda i tida som kjem. Eit tydleg resultat av at godt samarbeid og dugnadsiveren framleis står sterkt på bygda.

Fleire heldige mottakarar

Våren 2017 fekk Sparebankstiftinga DNB totalt 1 647 søknadar om stønad til ulike tiltak, ein av søknadane kom frå grendelaget i Åsgrend i Kviteseid.

I vår kom svaret frå Sparebankstiftinga om at styret hadde plukka ut grendelagets søknad om stønad til leikeanlegg og løyvde 205 000 kroner til prosjektet. Dette var kostnaden på som dekte innkjøp av leikeborga og transport av denne.

DNB løyvde også i vår gåvemidlar til Morgedal idrottslag som fekk 200 000 kroner til isfresar og lysmaster, Telemark lys AS fekk 144 000 til syklar, hjelmar, skøyter og skiutstyr, Seljord frivilligsentral fekk 60 000 kroner til kurs og utstyr for stempeltrykk og Fyresdal musikkorps fekk 50 000 kroner til korpsuniformer.

– Me i DNB er glade for at me kan gje noko tilbake til lokalsamfunnet, dei er ikkje gløymt, sjølv om me fysisk ikkje er tilstades med kontor der lenger, seier finansrådgjevar hos DNB bank ASA, Aud Irene Haugen.