– Synd at ein ikkje får kjøpt kjekjøt på butikken
Då bondespira Rønnaug Flatin budde i Nederland hadde ho ein draum om å få seg geiter. Nå hoppar ti halvvaksne glade kje rundt heimen for å halde vegetasjonen nede og er til selskap og glede for familien.
Når Rønnaug låser opp grinda er Blåmann snar med å springe henne i møte.
– Han var den minste av dei alle då kjea kom i vår, så han har alltid lika ekstra mykje kos, smiler Rønnaug og går til fôrbrettet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nå finn geitene mest mat sjølve, men det er stor stas når Rønnaug kjem med bytta med kraftfôr.
– I starten fekk dei mjølk på flaske, det var ein del arbeid. Eg måtte grytidleg opp for å fôre geitene, så inn for å amme minsteguten, få jentene av garde til barnehagen og eg på jobb. Om kvelden var det fyrst mat og leggetid for barna i heimen, så ut til geitene med flaske, minnest ho.
Byggjer sjølv
Alle geitene stimlar seg rundt Rønnaug, medan ho prøvar å få dei til å oppføre seg skikkeleg.
– Ned med beina, instruerer ho og forklarar at dette patentet framleis er under utvikling.
– Eg måtte få maten litt opp på veggen, og laga ei list dei kan setje frambeina på slik at dei ikkje trør i maten, forklarar ho.
Eit lite uthus geitene kan søkje ly under er også snikra – og så var det gjerde då.
– Inngjerding av området var den tyngste og mest kostbare jobben. Her er steinete og ulent så det tok tid, seier ho.
Pippi-sitat
Det var i fjor ho henta dei tre fyrste geitekja heim, i år utvida ho geitehaldet til ti.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Då eg bestemte meg for å få geiter i fjor skreiv eg Pippi-sitatet «det har eg aldri prøva før – så det klarer eg heilt sikkert» på Facebook. Eg måtte teste ut korleis det fungerte, og eg er framleis i testfasen, ler Rønnaug.
Og med pågangsmot som Pippi gjekk det godt for bondespira.
– Geitene har aldri stukke av, skal me reise bort får eg andre til å sjå til dei. Eg dullar nok litt meir enn nødvendig. Slik for sikkerheitsskuld, smiler ho.
Halvårs bonde
Sjølv om det kanskje kunne frista å utvide, meiner Rønnaug det er for dyrt å byggje fjøs.
– Det er også for tidkrevjande for meg med heilårs geitehald, og for usikkert til at eg hadde tort prøve på mjølkeproduksjon. Med tre små barn, full stilling i fylkeskommunen og som frilans fiolinist går dagane, seier ho og trivst med geitehaldet som det er i dag.
Ho meiner at geitehald på dette viset er ei idealistisk drift.
– Det blir truleg ikkje overskot, ikkje nokon gong. Det vil kanskje ta fleire år bare å dekkje inn kostnadene til inngjerdinga, meiner ho og set seg på benken der geitene også finn seg godt til rette rundt henne.
– Dei er svært sosiale, dei ropar på oss når me kjem heim, fortel ho medan fleire av geitene kjeler seg mot matmor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein draum
Rønnaug flytta heim att til Vestberg i Åsgrend, på kommunegrensa mellom Kviteseid og Seljord i 2011, etter ni år i Nederland.
– Då eg budde i Nederland drøymde eg om å få geiter. Eg har alltid syntest dei er så kule, og eg var nyfiken på å smake kjekjøt, seier ho.
Då ho flytta tilbake til heimlandet la ho også merke til at det grodde att rundt heimen, med geiter kunne ho gjere noko med saka.
– Men eg har ikkje vakse opp på gard, så eg visste ingenting om korleis eg skulle gjere dette. Eg lånte bøker på biblioteket og googla mykje om geitehald. Eg sendte meldingar, spurde og ringte i aust og vest for å få mest mogleg informasjon. Det var vanskeleg å finne svar, så eg kontakta også Norsk sau og geit og etterlyste ei mentor-ordning. Nå har det kome mange grupper på Facebook, så nå er det mykje lettare å få svar, seier ho.
Utruleg godt kjøt
Då Rønnaug skulle velje geite-rase hamna ho på norsk mjølkegeit.
– Eg visste ingenting om raser, men den norske mjølkegeita er mest vanleg her lokalt. Sjølv om dei er magre og ikkje særleg kjøtfulle ynskte eg denne rasen. Tanken om å hjelpe til så nokre kje får eit litt lengre og betre liv enn dei elles ville hatt verka også inn. Kje av mjølkegeita er nerast eit «biprodukt» om ein fokuserar på mjølkeproduksjon. Og kjekjøtet smakar utruleg godt. Det er synd at ein ikkje får kjøpt kjekjøt i butikken, seier ho.
Starta i det små
Når sommar går mot haust avsluttar Rønnaug geitehaldet for denne gong. Men slaktinga på hausten er noko ho grua seg til.
– Her hadde eg heller ingen kunnskap så eg melde meg på slaktekurs på Søve før det blei slakting heime. I haust vil eg sende dei fleste geitene til slakteriet, men prøvar å slakte eit par heime også, seier ho
Artikkelen held fram under annonsen.
– For det er jo så god mat, legg ho til.
Grilla kjekjøt
Å vere geitebonde halve året er ikkje så arbeidsamt, meiner Rønnaug.
– I to somrar har eg fått bittelitt innsyn i korleis det er, og eg har fått endå meire respekt for heiltidsbonden. Ein bonde må jammen stå på og vera god i alt, rosar Rønnaug.
Det har blitt mange spørsmål frå ideen blei realisert i fjor vår.
– Eg er veldig takksam for all hjelp eg har fått, både frå Gunnar Haugo som selde meg kjea, gode naboar og sambygdingar, veterinærar, Nortura og Mattilsynet. Alle er hjelpsame, og ingen spørsmål føles for dumme, smiler geitebonden.
Og vil ein teste om Rønnaug har rett i at kjekjøt er godt, kan til dømes eit besøk til bondelagskokken Nils Henning Nesje vere staden under Dyrsku’n på sundag. Då skal Nesje grille og dele kokketips om kjekjøtt.