Dumpa nedst i bakken skal fyllast ut. Libergbakken kjem til å bli mykje slakare og svingen blir retta ut.
Dumpa nedst i bakken skal fyllast ut. Libergbakken kjem til å bli mykje slakare og svingen blir retta ut.

Den umoglege Libergbakken

Seinhaustes 2018 skal den nye vegen mellom Moskeid i Morgedal og Mostøyl stå ferdig. Dermed får E134 ein flaskehals mindre.

«Eit utanlandsk vogntog stod fast i Libergbakken.» «Totalvrak etter å ha køyrd av vegen i Libergbakken.» «Ved Libergbakken køyrde to personbilar ut tysdag føremiddag.» «I Libergbakken stod både ein utanlandsk og ein norsk trailer fast.» Slike notisar har Vest-Telemark blad vore fullt av frå tidleg haust til det blir bart om våren. I alle fall i den tida lensmenn og lensmannsdrengar på dei lokale kontora opplyste om hendingar som fann stad i bygdene. Ikkje det at me trur at Libergbakken har blitt enklare å forsere med åra; bergingsbilane må nok framleis tidt og ofte bistå vegfarande som får trøbbel på strekninga. Dei siste ti åra er det ifylgje Statens vegvesen registrert 14 utforkøyringar og 2 møteulykker på strekninga Morgedal-Mostøyl. Men no skal det altså bli betre.

340 millionar kroner

Hausten 2014 kom meldinga om at regjeringa sa nei til å bruke bompengar for å finansiere opprusting av E134 frå Seljord til Åmot. I staden blei det løyvt 323 millionar kroner over statsbudsjettet, noko som tilsvarar 340 millionar i 2016-kroner. Arbeidet med vegen forbi Plassane i Åmot er godt i gang. Dette er budsjettert til 96 millionar kroner. Resten, altså 245 millionar kroner, skal brukast på strekninga frå Morgedal til Høydalsmo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rettar ut vegen

No står arbeidet med parsellen frå Moskeid til Mostøyltunellen for tur. Den nye vegen der blir 3 460 meter lang, og skal ha ei breidde på 8,5 meter. Prosjekteringsleiar i Statens vegvesen, Helene Nordaberg, fortel at reguleringsplanen som er ute til høyring no er ei omregulering av planen som blei vedteken av Kviteseid og Tokke kommunar i 2011. Generelt inneber den nye planen noko meir utgraving for å få rette ut vegen og få slakare svingar; altså det som på fagspråket heiter ei betre linjeføring.

Noraberg fortel at dumpa nedst i Libergbakken skal fyllast ut. Det skal også byggjast ny avkøyring til Fillebygdi. Denne blir 120 meter nærare Morgedal. I same området skal det også lagast to nye busslommer; ei på kvar side av vegen.

Tre nye bruer

På strekninga blir det tre nye bruer. Brua ved avkøyringa til Nordskog, Løke bru, som no har eit spenn på 5 meter, blir 7,5 meter lang. Rjupestaul bru, som er 4,8 meter lang blir 8 meter, og Stein bru får eit spenn på 7,5 meter.

Vegen kjem ifylgje reguleringsplanen som ligg ute til høyring til å gå litt inn på jordet på Rjupestaul.
Vegen kjem ifylgje reguleringsplanen som ligg ute til høyring til å gå litt inn på jordet på Rjupestaul.

Statens vegvesen har innløyst både Liberg pensjonat, som Kviteseid brannvesen sette fyr på i fjor vår, og ei hytte som står ved sida. Vegen skal gå beint gjennom Liberg-kullen og fram til Rjupestaul, der han går litt inn på jordet, orienterer Noraberg. Gjennom heile Evjemyrdalen skal vegen bli nokså rett og få ei jamn stiging.

Arbeidet med parsellen skal ut på anbod til hausten, og Vegvesenet reknar med oppstart i årsskiftet 2016/2017. Den nye vegstrekninga skal stå ferdig seinhaustes 2018.

Neste strekning som står for tur er Mostøyl-Høydalsmo. Oppstart med arbeidet blir våren 2017, og vegen skal stå ferdig seinhaustes 2018.

P.S. Like før VTB gjekk i trykken melde politiet på Twitter: «E134 - Libergakken: Naudetatane er på veg til trafikkuhell. Bil køyrd i grøfta.» Eit kvarter etterpå tikka denne meldinga inn: «Nytt trafikkuhell i Libergbakken. Trailer køyrd inn i personbil. Ingen personskade.»