Det er stor anleggsaktivitet i Botnedalen om dagen. No blir Botnedalsdammen oppgradert.
Det er stor anleggsaktivitet i Botnedalen om dagen. No blir Botnedalsdammen oppgradert.

Forsterkar demningar for titals millionar

Nye krav frå NVE betyr at Statkraft har sett i verk tiltak fleire stader for å forsterke demningar. – Eit klimaskifte med meir nedbør gjer at NVE ynskjer å auke tryggleiksmarginane, seier prosjektleiar Tor Helge Midtbø i Statkraft.

Botnedalsdammen blei bygt i siste del av 1960-talet. No blir han og sperredammen i Kileroa oppgradert for ein stad mellom 65 og 70 millionar kroner.

– Dette gjer me på bakgrunn av dei nye damføreskriftene som Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) kom med i 2010. Endringar i klimaet gjer at me har kraftigare og meir nedbør enn tidlegare, og dermed blir det ein faktor me må ta omsyn til. NVE har rekna ut kva tryggleiksmarginar som skal vere gjeldande, forklarer Midtbø.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva er ein sperredam?

– For å få ein ynskt vasstand må me sjå kor vatnet kan renne ut når me byggjer ein dam. I Botndalen er det i Kileroa. Hadde me ikkje bygt sperredam der, ville vatnet runne ut. Dermed gjer ein sperredam til at me kan ha meir vatn innanfor hovuddammen, svarer Midtbø.

– Så dersom det er bratte fjellsider i dei potensielle utløpsområda hadde det ikkje vore nødvendig med sperredam?

Botnedalsdammen i Tokke blir oppgradert for å oppfylle krava frå NVE. Det er stor anleggsaktivitet i området.
Botnedalsdammen i Tokke blir oppgradert for å oppfylle krava frå NVE. Det er stor anleggsaktivitet i området.
Damkjerna blir heva og krona plastra. Prosjektleiar hjå Statkraft, Tor Helge Midtbø (t.h.) og anleggleiar hjå hovudentreprenøren Kåsa og Ringhus, Tov-Erik Lien, inspiserer.
Damkjerna blir heva og krona plastra. Prosjektleiar hjå Statkraft, Tor Helge Midtbø (t.h.) og anleggleiar hjå hovudentreprenøren Kåsa og Ringhus, Tov-Erik Lien, inspiserer.
Ivar Åmot køyrer ei av dei ti gravemaskinane på anleggsområdet. Både prosjektleiar Tor Helge Midtbø (t.h.) og anleggsleiar Tov-Erik Lien er fornøgde med arbeidet.
Ivar Åmot køyrer ei av dei ti gravemaskinane på anleggsområdet. Både prosjektleiar Tor Helge Midtbø (t.h.) og anleggsleiar Tov-Erik Lien er fornøgde med arbeidet.
Sperredammen i Kileroa blir også oppgradert.
Sperredammen i Kileroa blir også oppgradert.
Det har blitt etablert steinbrot i Rossevad, om lag 700 meter frå Botnedalsdammen.
Det har blitt etablert steinbrot i Rossevad, om lag 700 meter frå Botnedalsdammen.
Overløpsterskelen på Botnedalsdammen blir forsterka.
Overløpsterskelen på Botnedalsdammen blir forsterka.

– Det er rett. Terrenget rundt avgjer om det er moglege «lekkasjar» og dermed behov for sperredam, seier han.

Hevar kjernen

Sjølve kjernen på dammane blir om lag ein meter og sytti centimeter høgare enn i dag.

Arbeidet med å forsterke Botnedalsdammen og sperredammen i Kileroa starta i fjor haust. Det er den lokale Vinje-entreprenøren Kåsa og Ringhus som er hovudentreprenør for prosjektet.

– Me starta i steinbrotet i Rossevad i fjor haust. Det går med mykje masse til prosjektet, og det var derfor fornuftig å ha stein og masse i forskjellige storleiksvariantar klart til sjølve opprustinga av dammane, fortel Tov-Erik Lien, anleggleiar hjå Kåsa og Ringhus.

I dag er det ti gravemaskinar og seks dumparar i full drift i Botnedalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og me er om lag 30 personar i arbeid. Det inkluderer underentreprenørar som me har leigd inn. Mellom anna har me folk frå Skorve som tek seg av å forsterke overløpsterskelen. Det består av mykje støype- og armeringsarbeid, seier Lien.

Titals tusen kubikk

Det har til no gått med mykje masse til hevinga av damkjernen og plastringa av krona og nedstraums sida av dammen.

– Så langt snakkar me om godt og vel ti tusen kubikk med plastringsstein og i overkant av førti tusen kubikk med støttefylling som er bygt inn, seier prosjektleiar Midtbø.

Det er stor aktivitet i området, og det er ikkje berre på dammane at det er full fart.

– Det skjer mykje samstundes i og med at me må hente masse av forskjellig slag. Det er eit skikkeleg anleggsområde, og det er viktig at det er eit godt koordinert samarbeid, seier han.

I rute

Midtbø er så langt godt fornøgd med arbeidet som er utført, og etter planen skal arbeidet vere avslutta neste haust.

– Så langt vil eg seie me er i rute. Det er moro å sjå at me har dyktige gravemaskinførarar som kan plastre ein dam. Rett nok brukar dei GPS i maskinen i dag, men gode plastarar er faktisk mangelvare. Dei som er dyktige på dette har gjerne passert dei sytti. No er fleire yngre gravemaskinførarar under opplæring her, forklarer han.

Han seier at Statkraft i tillegg til krava frå NVE gjerne legg inn ein ekstra margin for å møte eventuelle framtidige krav.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kall det gjerne eit klimapåslag, seier han.

– Korleis vil du beskrive Botnedalsdammen i forhold til dei andre dammane de har ansvaret for i Vest-Telemark?

– I storleik er nok dammen her gjennomsnittleg. Samanlikna med Songa er han liten. I kvalitet blir han heilt tipp topp, og tilfredsstiller absolutt alle krav, svarar han.

– Kven sjekkar om alle krava blir fylgt opp?

– Me har ein uavhengig byggjeleiar som er her i anleggsperioden. Kvar månad skriv han rapport om kva som er gjort. I samarbeid med meg blir rapportane sendt til NVE, og dersom det skulle oppstå avvik er det opp til NVE å ta grep, fortel Midtbø.

Joleferie

Truleg blir det pause frå anleggsdrifta frå jol og fram mot påske. Men så blir det full fart att.

– Det er ikkje mogleg å gjere ein tilfredsstillande jobb når klaken kjem. Derfor blir nok tida nytta til noko rydding og oppussing, men arbeidet på dammane blir sett på vent til varmare dagar att. Men sjølvsagt veit me ikkje no korleis vinteren blir, seier anleggsleiar Lien.

Hausten neste år skal alt vere ferdig, og då skal både steinbrot og vegar vere rydda og stelt slik at det er mest mogleg funksjonelt og tek seg bra ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er eit interessant prosjekt, og truleg blir dammen i Songa neste prosjekt, avsluttar Tor Helge Midtbø.