Realiserer draumen om Mount Everest
Per Ivar Magnushommen frå Dalane er i dag på veg inn til basecamp for å bestige verdas høgaste fjell. – Eg får ikkje fred før eg prøvar, seier Magnushommen om toppturen som har vore ein draum i 10 år.
Det er tre år sidan førre topptur, då saman med sambuaren Margit Råmunddal til Aconcagua (6962 moh) i Argentina, der vêret hindra dei å kome heilt til topps.
Førre veke blei Margit att heime i Dalane, og Per Ivar sette kursen mot ein fjelltopp han har drøymt om i 10 år: Mount Everest.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg hadde lyst eg også, men ikkje lyst nok. Du skal vere 100 prosent motivert for å gjennomføre ein slik tur, seier Margit.
Per Ivar sjølv understrekar at det ikkje er nokon garanti for at han kjem seg til topps denne gongen heller.
– Og nå skal me noko høgare, så det blir ei skikkeleg utfordring. Vêret og formen min må vere på plass, for ein har bare den eine sjansen om eit toppstøt, fortel han.
Magnushommen, som er dagleg leiar i Skorve entreprenør, fortel om hektiske dagar før avreise.
– Både rekneskap og andre arbeidsoppgåver måtte på plass, men nå har eg fått andre til å ta seg av rolla som dagleg leiar og alt som skjer i verksemda, så det går nok bra at eg blir vekk i eit par månadar, seier han.
På opptaksprøve
Det heile starta for halvtanna år sidan. Reisearrangøren Hvitserk annonserte at dei skulle til Mount Everest i 2015.
– Det er den fyrste kommersielle turen av sitt slag i Skandinavia. Eg melde meg på til opptak, og hadde mellom anna ei prøve som gjekk over fire dagar der me gjorde alt frå å dra tunge dekk til å gå tur med tung sekk.
Per Ivar kom gjennom nålauget til ekspedisjonen, og har etter den tid hatt fleire treningsturar saman med gjengen som nå er på veg til topps. Dei andre i reisefylgjet til Per Ivar er Sverre Christian Taknes, Christian Hauglie-Hanssen, Ole-Petter Thunes og Lars Hagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me gjekk tur i Jotunheimen, og klatra i Hemsedal. Det er viktig å reise saman med folk ein stolar på, og som kan motivere kvarandre. Det er heilt klart mykje psykisk på denne turen, så eit godt samarbeid i gruppa er viktig, innrømmer han.
Elles har det blitt mange treningsturar frå Dalane og i området rundt på truger gjerne med ein tung sekk på 25 eller 35 kilo på ryggen.
– Faktisk så mange turar at trugene er utslitt i løpet av denne vinteren, ler han.
På reisa fylgjet legg ut på er dei fem deltakarar som skal bestige fjellet saman med om lag 25 sherpaer som er med og hjelper til med alt frå matlaging til å få opp utstyr og rigge løype.
– Men når me kjem til leir nummer tre blir sherpaene att der, med unntak av ein sherpa som fylgjer kvar sin mann. I leir fire og opp toppstøtet er me kun ti i reisefylgjet, seier Per Ivar.
Heimlengt
Per Ivar er sikker på at det kan bli tungt å vere vekk heimafrå i ti veker. Vekk frå Margit og frå barna.
– Det kostar mykje pengar å bli med på ein slik tur, og det er nok ikkje alt eg har turt å fortelje. Denne reisa kostar nok meir enn det den hadde gjort med eit engelsk eller amerikansk byrå, men så kjenner eg meg sikrare nå også, smiler han og ser på sambuaren.
– Det er ein viss risiko å leggje ut på ei slik reise, men eg kjenner meg ganske trygg på at det skal gå bra, seier Margit.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg får ikkje fred før eg prøvar, smiler Per Ivar.
– Og eg kjem garantert til å lengte heim, og trur det blir den største utfordringa med heile turen. Den siste tida har sonen min og eg hatt mange flotte treningsturar saman, og dotter mi har spela inn musikk som eg kan høyre på. Margit har sendt med meg ei bok der eg skal skrive litt kvar dag, og som ho har skrive til meg i. Det gler eg meg til å lese, smiler han.
Lukla
Ekspedisjonen startar for fullt då reisefylgjet tar fly frå Katmandu i Nepal inn til Lukla.
– Eg minnest godt den flyplassen frå den førre turen vår. Ein landar i oppoverbakke 2200 meter over havet. Eg minnest flyet rygga heilt inn i fjellveggen før den gav full gass og tok av då me reiste att. Om ein søkjer på Lukla på Youtube, kan ein få sjå litt om korleis det er å besøke denne flyplassen, fortel Margit.
Når reisefylgjet har kome vel på bakken att, startar turen inn til basecamp. Turen tar 8-10 dagar og fylgjet skal bestige nokre høgdemeter.
– Basecamp ligg på 5300 meter over havet, og der har me vore før. Eg veit at me vil kjenne godt til høgda alt då, seier Per Ivar.
Kjenner seg trygg
I basecamp vil ein norsk lege fylgje ekspedisjonen og ta avgjerder for deltakarane dersom dette blir naudsynt. Og mykje av utfordringa knytt til å bestige verdas høgaste fjell er å ha hovudet med seg.
Det er ingen ufarleg tur dei gjev seg ut på, men Per Ivar fortel at det farlegaste partiet ligg ved eit brefall. Her mista 16 sherpaer livet i fjor, og ruta er nå lagt litt om.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ein må på grunn av høgda gå litt opp og så ned att før ein held fram oppover i fjellet. Dette for å unngå høgdesjuke. Det er bestemt at me bare skal passere dette farlege partiet ein gong, og heller gå opp og ned att frå andre toppar i området for å gjere reisa tryggare, seier han.
Men det blir mange bratte parti. Mellom anna må han isklatre ein vegg på om lag 1,2 kilometer.
– Det er tolleg rett opp, det blir eitt steg opp for så å kvile litt. Det er viktig å gå i sitt tempo. Sherpaene legg ruta med taug på førehand. Men det er parti som er vanvittig luftige, innrømmer Per Ivar, som fortel at store delar av reisa til topps er visualisert ved å sjå filmar og bilete av løypa dei skal gjennomføre.
Ei annan del av førebuinga har vore å snakke med folk som har vore på Mount Everest tidlegare. Her har han fått mange nyttige tips.
– Ein arbeider mykje med å finne rett utstyr, fokuserer mykje på kva det veg og at det er det beste for denne reisa. Sjølv om eg hadde mykje utstyr på lager frå tidlegare turar, har eg kjøpt det meste nytt denne gongen. Eg gjer alt for å ikkje fryse. I camp 4 ligg me i eit skar der det kan bli 50 minusgrader og vind, medan litt lengre ned i dalen blir det skikkeleg varmt, så ein må kle seg etter forholda, meiner han.
Ut i mørkret
– Men det er ikkje alt me veit korleis ser ut, sidan delar av turen blir i mørkret. Mellom anna toppstøtet. Då startar me å gå på kvelden. Me skal 848 høgdemeter opp i løpet av 12 timar. I 8-tida på morgon skal me vere på toppen, for det er på denne tida vêret er best, det blæs gjerne opp på ettermiddagen.
– Når er toppstøtet planlagt?
– Me skal vere ferdig akklimatiserte 6.–7. mai, så toppstøtet kan bli mellom 10. og 25. mai. Å plante det norske flagget på toppen 17. mai hadde vore tøft det, men det er vanskeleg å planleggje, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Du kan fylgje den norske ekspedisjonen som har eiga digital dagbok på Hvitserk sine nettsider.
Mount Everest
Verdas høgaste fjell – 8848 moh.
Ligg på grensa mellom Nepal og Tibet.
Fyrste på toppen var Tenzing Norgay og Sir Edmund Hillary i 1953.
Fyrste nordmann til topps var Arne Næss jr. i 1985.
Etter den tid har om lag 25 norske menn og kvinner kome til topps, i fylgje Wikipedia.