Olivenbonden ved Grungebru
Nils Johan Svalastog Garnes (36) er avhaldsmannen som blei frelst av olivenolje. Nå tek han med seg sin italienske partner og satsar i Vinje.
– Denne har me laga sjølv. Pressa oliven og tappa på olivengarden vår utanfor Napoli.
Han opnar olivenolje-flaska, hell oppi eit plastbeger og fortel om prosessen til ei middelaldrande dame med tom handlevogn. Nils Johan Svalastog Garnes står på mathuset Jacobs på Nordstrand i Oslo. Ein bydel som ikkje ligg vest i Oslo, men likevel er det ein ser for seg når ein tenkjer vestkant i hovudstaden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mannen me skal bli betre kjent med har sett opp sine eigne olivenolje-flasker saman med litt brød på eit lite bord framfor kjøtdisken i delikatessebutikken. Han er på Oslo-tur for å selje og promotere dei to sortane olivenolje han og sambuaren produserer sjølve i Italia. Etter berre eit par minutt i butikken kan Nils Johan sjå den fyrste flaska forsvinne ned i handlekorga til den svært olivenoljeinteresserte kvinna.
– Folk er veldig interesserte. Det er veldig moro å fortelje om prosessen frå olivenhausting til ein står med flaska her.
Frå London til Grungebru
Eit steinkast unna ein liten time tidlegare. Nils Johan set seg ned med ein kaffikopp på ein kafé. Me har ein god del å spørje om. Kva er det som får ein vinbyggje og ein italiener til å seie opp dei faste jobbane sine, for å satse på olivenolje og flytte heim til Vinje?
Nils Johan smiler og forstår det er mange som lurar.
– Eg har eigentleg alltid tenkt eg ikkje skulle flytte heim. Heime har liksom vore ein feriestad og eg har tenkt at jobb og utdanningsløpet ikkje ville passe med å bu heime.
Han har bachelor og master i utviklingsstudier. Ei utdanning som har lite med alkoholpolitikk som han har jobba med og framleis er engasjert i, og iallfall med olivendyrking å gjere.
Dei siste to åra har han budd i London, sambuaren Giovanni har budd i millionbyen i 15 år. Nils Johan har også budd fire år i den belgiske hovudstaden Brüssel. Det låg ikkje i korta at dei skulle bli olivenbønder i Grungedal.
– Det er store kontrastar. Det tek si tid å kome seg rundt, det blir mykje køyring og ekstra transportetapper. Ein må bli vant til slike ting, men det er veldig fint og eg er glad for å kunne flytte heim.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei har flytta inn på garden ved Grungebru, der foreldra til Nils Johan framleis bur. Nils Johan og Giovanni har installert seg i ein leilegheit i bygget som var vandrarheim fram til 1997. På sikt er målet å lage hus i låven. For augeblikket er olivenolje-lageret på garden det viktigaste.
– Me får veldig god respons og det er mange butikkar som vil ha. Det er framleis liten skala på det og me gjer alt sjølve. Sjølv om me håpar å bli større, er det viktig for oss at me er med på heile vegen, frå produksjonen til flaskene er i butikken.
Fem turar til Italia i året
Det er mildt sagt vanskeleg å dyrke oliven over 800 meter over havet i Vinje. Difor kjem han og Giovanni til å ha fleire lengre opphald i Italia.
– Mor hans starta selskapet i 2012, då ho døydde ville faren avslutte, men me fann ut at me ville halde fram. No har me arva olivenlunden, produksjonslokala og utstyret. Giovanni er der nede no og eg reiser ned i midten av oktober til innhaustinga. Det blir vel fem periodar i Italia i løpet av året. Eg er glad me framleis kjem til å ha dei avbrekka.
Nils Johan tek opp to flasker frå sekken og vil gje oss ein smak. På etiketten står det Uliveti Castel San Martino. Sistnemnte var ei borg som raste under eit jordskjelv i landsbyen Solapaca der dei produserer olivenolja. Byen ligg 50 kilometer inn i landet frå storbyen Napoli, på den italienske sørvest-kysten.
– Når du smakar kan du vri koppen litt i handa så det blir litt varmt. Då kjem smaken godt fram. Kjenner du det smakar og luktar nyslått gras?
Me nikkar og trur det er det me anar ein smak av.
Nils Johan er ivrig, fortel at den andre typen er meir skarpare og heller i ny plastkopp. Han håpar han kan freiste fleire vesttelar til å bruke meir olivenolje i maten.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg brukar det til det meste. Til brødbaking, steiking av fisk, grilla kjøt, grønsaker eller berre rett på maten. I staden for saus nesten. Ein skal ikkje vere redd for å bruke det, seier han og påpeikar at det også er sunt.
– At folk brukar forskjellige typar dressing på salat er berre tull. Det blir veldig feitt. I denne olivenolja er det mykje antioksidantar, vitamin E og ei god feittype. Bra for hud og hår er det også, seier han smilande.
Styreleiar i avhaldsorganisasjon
Enno er det ikkje nok å tene på produksjonen at dei to kan ta ut løn. Dei har ein medhjelpar i den italienske landsbyen som hjelper dei med etikettar, tapping og innhausting som blir løna. Elles er dei enn så lenge avhengige av sidejobbar. Det er der avhaldsmannen kjem inn. Nils Johan har sidan ungdomen vore aktiv i organisasjonar som jobbar med rusførebygging. Fyrst som ungdom i ungdomsorganisasjonen Juvente, så i IOGT i Norge, der han no har ei 50 prosent stilling som politisk rådgjevar i tillegg til at han er styreleiar.
– Eg synest det er viktig at nokon i samfunnet kan snakke om det å ikkje drikke. Det er eit val ein skal kunne ta utan at folk skal synest det er rart. Ein skal ikkje kunne trenge å argumentere med at ein køyrer eller er gravid for ikkje å drikke.
IOGT har både internasjonalt og lokalt arbeid. Styreleiaren i Vinje jobbar hovudsakleg med rusførebygging nasjonalt. Dei har kurs for foreldregrupper og nye nordmenn, mellom anna i Seljord og Bø, som handlar om korleis ein skal vere tydelege foreldre og kva ein kan forvente seg av norsk alkoholkultur.
Ein skulle kanskje tru at ein olivenbonde som ikkje drikk alkohol, blei møtt med skepsis i møte med italiensk vinkultur.
– Vin er veldig viktig i Italia. Det er det dei er stolte av, olivenolja har folk liksom litt på si. Men det er mindre spørsmål der enn i Noreg når eg seier eg ikkje drikk. Det er faktisk fleire ikkje drikkarar der. Det er ingen «big deal» at ein ikkje drikk der, og ikkje slik at eg krenkjer dei ved å seie nei til vin, smiler han.
No er uansett mesteparten av kvardagen i Vinje. På ein gard der alt er så mykje mindre tilgjengeleg enn det var i London. I november flyttar sambuaren Giovanni til Vinje for alvor – Nils Johan er glad også han har vakse opp i rurale strøk.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Han synest det er veldig flott her, men det blir så klart ei omstilling sidan han har budd i London i 15 år. Me skal bruke tid på det Vinje er gode på. Vere ute i fjellet, fiske i åi og sykle mykje. Det er ei viktig interesse som eg ikkje hadde då eg vaks opp heime.
Aldri vore ein draum
Så tilbake til svaret dei to må gje dei nye naboane i Vinje, og sikkert alt har svart kollegane og venene i London på eit hav av gonger. Det er trass alt ein del skilnader frå å bu i London og jobbe med alkoholpolitikk, til å vere pendlande olivenbønder mellom Vinje og Sørvest-Italia.
– Det har eigentleg aldri vore ein draum. Men me byrja å selje parallelt i England og i Noreg, og selde mykje meir her heime. Plutseleg kom det opp greie løysingar som gjorde at det var mogleg å bu heime og halde fram med olivenoljeproduksjonen. Då blei spørsmålet, skal me slutte med olivenolje og fortsette med jobbane i London eller prøve å satse vidare, fortel han.
I Vinje kunne dei kutte bukostnadane og få meir tid og rom til å reise til Italia. Dei trengde ikkje å vere bundne av fulle og faste jobbar lengre.
– Det blei for kjapt å avslutte med olivenolje. Me følte me ikkje hadde gjort nok. Difor var avgjerda ganske enkel.
Slik fekk Vinje sine to fyrste olivenbønder.