Stolt dag for Vest-Telemark
Biskop Olav Skjevesland vigsla Skafsåheii Fjellkyrkje sundag. Kyrkja har endeleg blitt ein realitet etter å ha vore planlagt i over 50 år, og vigsledagen var ho fylt til randen med bunadskledde kyrkjegjengerar.
Det var sokneprest Bjarne Nensæter i Mo som fyrst hadde ideen til ei kyrkje på Skafsåheii, men det skulle altså gå 50 år før ho stod der klar til bruk. Dei åra har vore fylt med hardt arbeid, håp og skuffelsar, fortel Ottar Urbø, ein primus motor i prosjektet.
Flittige eldsjeler
For 19 år sidan var han ein av dei som vart valde inn i nemnda Skafså sokneråd sette ned for å arbeide med fjellkyrkja. Denne arbeidsgruppa har stått på heilt sidan 1990 med Gunstein Seltveit i spissen, og no kan dei endeleg beundre det ferdige resultatet. Før dei tok tak i prosjektet låg det daudt i mange år, i fylgje Urbø. Tidleg på 90-talet kom det ei pengegåve på 1,3 millionar som gjorde det mogleg å byrje planlegginga for alvor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vegen har vore kronglete for eldsjelene som har jobba for fjellkyrkja. Mangfoldige dugnadstimar og pengegåver har gjort at kyrkja står der i dag, men utfordringane har vore mange.
Fleire planar
Mange tomter har vore aktuelle for bygging av ei fjellkyrkje på Skafsåheii, men har blitt forkasta av ulike årsaker, fortel Urbø. Den tomta der kyrkja står i dag, har dei fått av kommunen. Sidan tomta ligg i eit hyttefelt var det alt lagt opp til straum og vatn. Det gjorde at arbeidet gjekk raskare når det fyrst kom i gang. Urbø framhevar arbeidsinnsatsen til Feltspatkompaniet, eit firma som driv med hyttebygging på Hallbjønnsekken. Dei har sett opp den vakre kyrkja og har gjort ein kjempejobb, kyter Urbø.
Me håpar å etterkvart få nok pengar til å byggje ut kjellaren slik me har planlagt. Det vil vere ein ideell plass for ungdomsaktivitetar i kyrkja, og der vil bli sengeplassar til 16 personar, seier Urbø.
Strålande arbeid
Det er ikkje kvar dag ein kan oppleve slike hendingar i Vest-Telemark. Sist gong var i 1958 då Kilen kapell vart vigsla. Biskop Olav Skjevesland rosa dei som har jobba med å få Skafsåheii fjellkyrkje opp og stå.
Dette er ein stolt dag for Vest-Telemark, sa biskopen etter gudstenesta. Han meinte eldsjelene har gjort eit strålande arbeid, og roste dei for å ha hatt tålmod til å takle alle motbakkane arbeidet har bydd på.
Skjevesland framheva at han ville at kyrkja skulle viglast ved å bli teken i bruk, ikkje ved «å skvette vievatn i krokane». Fjellkyrkja sitt mandat er å vere ei levande kyrkje og ein sosial møteplass. Ut frå oppmøtet sundag kan ein slå fast at folk sette pris på nettopp det.