– Vår tid er meir krevjande enn for 100 år sidan, seier prost i Vest-Telemark og prest i Tokke, Øyvind Jørgensen.
– Vår tid er meir krevjande enn for 100 år sidan, seier prost i Vest-Telemark og prest i Tokke, Øyvind Jørgensen.

– Vår tid er mykje meir krevjande

Øyvind Jørgensen er fødd og oppvaksen i Larvik. I 1974 flytta han og kona, Herdis, til Kviteseid. Hausten 2006 gjekk turen vidare til Dalen.

Dei fyrste åtte åra av sitt liv budde Øyvind Jørgensen ved Farriseidet i Larvik. Dei neste seks åra budde han og familien rett ved jernbanen i Larvik sentrum. 14 år gamal flytta han til Byskogen saman med familien, og der budde han inntil studietida.

– Det var veldig greitt å bu i Larvik. Barndomen og oppveksten var veldig bra. Og så har eg prøvd å halde på dialekten min, du veit, bussær og bilær, smiler Jørgensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gymnast og sivilarbeidar

Han gjekk på Larvik gymnas etter folkeskulen, og då tida var inne for å avtene verneplikta, ynskte han å gjere det som sivilarbeidar.

– Eg var ganske klar på at eg ikkje ville bere våpen, og for meg var det rett då. I ettertid har eg snakka med andre som har kristent livssyn, men som har avtent verneplikta, og eg har full forståing for deira val, seier Jørgensen.

Tenesta som sivilarbeidar avtente han på Bastøy på ein skule for gutar med åtferdsvanskar.

– Bastøy ligg i Oslofjorden, og det var ein såkalla verneskule for gutar i alderen 14-18 år. Det var ei veldig interessant og lærerik tid, men også ei veldig tøff og krevjande tid for meg, hugsar Jørgensen.

Til saman arbeidde han 17 månadar som sivilarbeidar, og på Bastøy var han i 13,5 månader.

Hotell Gjennomtrekk

– Det blei rett og slett i tøffaste laget på Bastøy, og derfor avtente eg dei siste 3,5 månadane ved Hotell Gjennomtrekk i Oslo, smiler han.

Det var ikkje noko hotell i ordets rette forstand, men eit herberge i form av brakker på Filipstadkaia i Oslo der uteliggjarar kunne få litt mat og ly for natta.

– Det var faktisk Oslo Bymisjon som dreiv denne staden som altså fekk namnet Hotell Gjennomtrekk, seier Jørgensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har ikkje vore på Bastøy etter at han var ferdig der i 1970 , men han kunne gjerne tenke seg attende ein tur no.

– Var litt i «krigen»

– I dag er det som eg veit fengsel der ute. Det er flott natur på Bastøy, og mange stiar ein kan rusle rundt i på øya. Eg kunne godt tenkje meg å reise tilbake for å sjå. Om eg ikkje var i militæret som andre, føler eg likevel eg var i «krigen» på min måte, minnest Jørgensen.

Øyvind Jørgensen starta teologistudia i Oslo ved Ansgarskulen samstundes som han studerte ved Universitetet.

– Eg tok førebuande på Universitetet, og det gjekk i filosofi, gresk, hebraisk og latin. Og så starta eg å studere ved Menighetsfakultetet i 1972.

Interessante kristendomstimar

– Så du hadde tidleg bestemt deg for å bli prest?

– Vel, eg må seie at eg i oppveksten var veldig glad i kristendomstimane på skulen, og eg fann konfirmasjonsundervisninga veldig interessant. Og bibelhistoria er veldig spanande, fortel han.

Jørgensen blei konfirmert i Larvik kyrkje, og han synest det var trist å høyre om tjuveriet av biletet frå kyrkja i vinter.

– Eg hugsar godt det biletet som Lucas Cranach hadde måla, og eg visste det var eit verdifullt klenodium. Heldigvis kom det til rette, seier han nøgd.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kjendis i lågare divisjon

Ein kortare periode i ungdomen var også Øyvind Jørgensen politisk aktiv

– Svært mange var med i AUF og eg var ikkje noko unntak. Etter kvart fekk eg ikkje tid til å engasjere meg, fordi eg, nokre fettarar og ei kusine av meg bestemte oss for å bruke tid på menigheiten. Me reiste rundt med song og musikk, så ein kan vel kanskje seie me blei kjendisar i ein lågare divisjon, smiler Jørgensen.

– Drog det noko særleg med damer det då?

– He, he, det kan vel hende det var nokre som blei sjarmerte av den tostemte songen, men nokon magnet var det ikkje. No til dags er det vel heller eldre damer eg bedårer, ler han.

Ekteskap og flytting

I 1974 gifta Øyvind seg med sin utkåra Herdis Nordbø frå Vrådal, og same året fekk Herdis tilbod om jobb ved Kvitsund gymnas. Det førte til at dei nygifte sette kursen for Vest-Telemark og Kviteseid.

– Eg minnest godt telefonen frå Olav Mosdøl, då Herdis fekk tilbod om jobb. Eg var ikkje ferdig med studia mine, og eg studerte på deltid ved sidan av å passe hus og heim. Etter kvart blei det ungar å ta seg av, og dermed trakk det ut før eg fekk tid til å fullføre studia, forklarer mannen som no er prost i vestfylket.

I 1981 var han ferdig med studia, og han pendla Kviteseid-Oslo i 1981-82 for å ta praktikum. I 1984 blei det lyst ut prestestilling i Kviteseid, og den jobben fekk han.

– Eg hadde hatt over 100 gudstenester som lekmann før eg fekk prestestillinga, så eg hadde god røynsle, smiler Jørgensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elles er han glad i naturen, og spesielt synest han det er moro med vedhogst.

– Tida går fort

Hausten 2006 starta han som prest i Tokke, og han trivst godt i kanalkommunen.

– Eg trivst veldig bra, og det er nesten ikkje til å tru at eg snart har vore her i tri år. Tida går fort, seier han.

– Kva med kyrkja, har ho blitt meir folkeleg med tida?

– For meg er det viktig at me skal ha ei folkekyrkje som er bekjennande, misjonerande, tenande og ope. Det er viktig at elementa er i balanse, og den bibelske bodskapen og den klassiske kristendomen må me aldri gje opp. Eg har lyst til å sitere noko som vår kjære biskop Olav Skjævesland ein gong sa; kyrkja skal vere ope for alle, ikkje for alt. Det er kloke ord, meiner Jørgensen.

Meir krevjande no

– Kyrkja skal rome så mykje, femne om så mangt, men det er ingen enkel formel for å gjere kyrkja folkeleg nok. Det som er heilt sikkert er at kyrkja treng aktive og engasjerte menneske. Og det er ei utfordring å halde på den bibelske kristendomen, og ikkje minst er utfordringa med å formidle bodskapet blitt større enn tidlegare, seier Jørgensen.

Han er også klar på at tidene har endra seg i høve til moral og normer.

– Eg meiner vår tid er mykje meir krevjande enn det var for 100 år sidan. Då var samfunnet meir moraliserande, og det var litt andre normer som gjaldt, forklarer Jørgensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Barn og barnebarn

Herdis og Øyvind har fem born saman, og i tillegg har dei fått to barnebarn.

– Det er moro å vere besteforeldre og barnebarna våre er 6 månader og 2 år. Barna våre bur på litt forskjellige stader og det er ikkje alle me ser like mykje til, men me prøvar å treffast så ofte me kan, avsluttar Øyvind Jørgensen.