Går saman for ein samlande møtestad
Røde kors og folkehøgskulen i Seljord går saman for å vidareutvikle kulturmøta som blei starta i fjor. – Saman ynskjer me å skape ein møtestad der folk som ikkje kjenner kvarandre kan bli kjent.
Førre veke starta eit nytt valfag opp ved folkehøgskulen i Seljord.
– 13 elevar er med i det som me har kalla «Verdsborgar», eit fag der det skal vere rom for å undrast, ein stad der ingen spørsmål er dumme. Og det er ein veldig fin gjeng med ungdommar, seier linelærar Kjetil Flatland.
Artikkelen held fram under annonsen.
I valfaget skal elevane setje seg inn i ulike situasjonar rundt om i verda. Flatland ynskjer også at ungdommane skal nytte seg av menneske i lokalsamfunnet – det var slik ideen om å få til eit samarbeid med det lokale Røde kors blei sådd.
Starta i fjor
Med føremål om å snakke meir norsk, utveksle kunnskap og erfaringar i kvardagen, blei kulturmøta starta i Seljord i fjor haust.
VTB snakka då med Tone Reiten og Habteab Weldetinsae som var to av initiativtakarane til den nye møtestaden. Dei er begge medlemmar i ei undergruppe av Røde kors som arbeider med integrering av nyinnflytta seljordingar.
Duoen meinte at alle måtte ta ansvar for god integrering, og Weldetinsae peika på at det er viktig at dei nye seljordingane sjølv også tar initiativ til å kome seg ut.
– Det er like viktig som at samfunnet må vere viljuge til å ta imot nye innbyggjarar. Ein må ut sjølv for å bli integrert. To dagar i veka med språkpraksis er ikkje nok til å lære seg norsk, uttalte han.
Vellukka
Eitt år etter at planane blei lansert er Reiten gira på å arbeide vidare med kulturmøta.
– Me i Røde kors hadde møte på friviljugsentralen annakvar veke frå oktober i fjor og fram til mai i vår. Det var svært vellukka, men det var ikkje så mange unge seljordingar som møtte fram – dei håpar me at kjem i haust, smiler Reiten.
Ho blei glad då Flatland tok kontakt med henne og ynskte å kople folkehøgskulen til kulturmøta som alt var i gang.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Bakgrunnen for initiativet mitt til det nye valfaget var at eg som seljording hadde eit ynske om å engasjere meg meir i situasjonen til dei nye innbyggjarane me har i bygda vår. Og sidan Røde kors var i gang med noko bra, og folkehøgskulen samarbeidde litt med dei då det var flyktningmottak i Morgedal, kom spørsmåla om korleis eg kunne bidra og korleis ein kunne kople inn skulen i arbeidet lokalt, seier Flatland.
Han har ein draum om at Seljord skal bli kjent som det lokalsamfunnet der ein ser kvarandre.
– Eg ynskjer å vere med og leggje til rette for å skape ein arena der folk kan møte dei ein ikkje kjenner. Og kva er vel smartare då enn å hengje seg på dei som alt er i gang og kan, smiler Flatland, og seg på Reiten.
Ho innrømmer at Røde kors har kjent seg litt åleine om kulturmøta, og fortel at dei nå har bede Seljord kommune om hjelp til vidare arbeid med språk- og integreringsarbeid.
– Me vil også gjerne ha med oss fleire enkeltpersonar, lag og organisasjonar – for me ynskjer så stort engasjement som mogleg, seier Smeland.
Startar onsdag
Kulturmøta vil bli halde ein gong i månaden, og startar fyrstkomande onsdag på friviljugsentralen.
– Me vil halde kulturmøta annankvar gong. Røde kors har møte på friviljugsentralen og folkehøgskulen i sine lokale.
– Innimellom kulturmøta er planen min at me i valfagsgruppa også skal trekkje inn dei yngre nye seljordingane som har flytta til kommunen i undervisninga vår, seier Flatland.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er veldig fint at me får folkehøgskulen med oss i arbeidet vidare, for det har vore flest eldre som har møtt på kulturmøta. Dette er ein flott arena for alle å bli litt betre kjent om ein er lokal eller innflyttar, seier Reiten.
– Det er alle sitt ansvar at andre ikkje kjenner seg einsame. Kulturmøta kan vere ein fin møtestad for alle. På sikt ser me føre oss at desse møta kan ha både quiz, middagslaging og musikalske innslag. Me gler oss veldig til å kome i gang, smiler Flatland.