– Aldri for seint å snu
Spaden er ikkje sett i jorda i for nytt fengsel Evje, og det gjev håp for skogsleiren i Kleivgrend. Stortingsrepresentant Lene Vågslid (Ap) håpar regjeringspartia snur i saka.
– Regjeringa har varsla at dei kjem med ei kapasitetsmelding for kriminalomsorga, og me ventar spent på den. Det er aldri for seint å snu, seier Vågslid, med klar oppmoding til regjeringspartia.
Sist vår handsama Stortinget ei stortingsmelding frå Justisdepartementet om kapasitet i kriminalomsorga. Då bad dei departementet kome attende med ein opptrappingsplan innan våren 2016. Departementet vil ikkje seie noko til VTB om kva for vurderingar dei gjer i det arbeidet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Meiningslaust å leggje ned Kleivgrend
– Treng begge delar
Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet og samarbeidspartia Venstre og Kristeleg folkeparti presenterte ei rekkje justistiltak i samband med den stortingsmeldinga i fjor vår. Blant dei var å leggje ned Kleivgrend skogsleir i Fyresdal, og erstatte dei 28 opne soningsplassane med lukka soningsplassar i eit nytt fengsel i Evje i Aust-Agder.
Same haust vedtok dei same partia eit statsbudsjett som inkluderte denne nedlegginga.
Saman med Kleivgrend vil dei òg leggje ned Håvet fengsel, som til liks med Kleivgrend er avdelingar av Arendal fengsel. Håvet har 13 soningsplassar i ei ope avdeling tilknytta den lukka avdelinga i Arendal. Plassane ved begge dei nedlagte avdelingane vert overført til det nye, lukka fengselet i Evje. Det skal etter planen byggjast som eit offentleg-privat samarbeid.
– Arbeidarpartiet meiner at me treng både fleire opne og fleire lukka soningsplassar. Soninga må stå i høve til brotsverka som folk faktisk har gjort, og syte for at dømte kjem ut mindre kriminelle enn då dei kom inn, meiner Vågslid.
Usemje om ope soning
– Langt fleire kunne sona i opne anstaltar, og langt fleire kunne sona med elektronisk fotlenkje, men det er lengda på straffa og samfunnets behov for tryggleik som avgjer soningsforma, seier ho.
Det synet deler ikkje Jan-Arild Ellingsen, som sit i justiskomiteen for Framstegspartiet. Han meiner det største behovet er for nye lukka soningsplassar, og seier Telemark har eit luksusproblem.
– Eg veit ikkje kva regjeringa konkluderer med i kapasitetsmeldinga, men eg vil tru at ein monaleg auke av plassar i Skien har betydning for Telemark. I tillegg er det eit prosjekt i Notodden på gang. Slik sett har Telemark eit luksusproblem, seier han til VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det nye fengselet i Evje kjem i heimkommunen til andre nestleiar i justiskomiteen, Kjell Ingolf Ropstad (KrF), men det har ikkje lukkast VTB å nå han for ein kommentar. I følgje Justisdepartementet kostar opne og lukka soningsplassar i gjennomsnitt høvesvis 0,6 millionar kroner og 1 million kroner kvart år.