Mykje straumsparing med enkle grep
Straumforbruket i Noreg i 2003 var det lågaste sidan 1996. Wenche og Tellef Myhra i Treungen sparte mange pengar i fjor etter at dei blei flinkare til å slå av straumen.
Forbruket av straum i landet gjekk i fjor ned med fem prosent i forhold til 2002. Avdelingsdirektør Marit Lundteigen Fossdal i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner nedgangen har samanheng med høge straumprisar, stort mediefokus og informasjonskampanje der det blei oppmoda om å spare straum.
Nissedølane Wenche og Tellef Myhra er blant dei i Vest-Telemark som reduserte straumforbruket monaleg i fjor. Nedgangen for familien var på 18 prosent, og det tyder mange pengar spart.
Artikkelen held fram under annonsen.
Slo av den eine etter den andre
Hovudårsaka til nedgangen er at me blei flinkare til å slå av straumen rundt i huset. Dei høge prisane i fjor og nesten tome magasin gjorde at me såg nøyare på kva me sjølve kunne gjere. Me har bare gjort enkle tiltak som alle kan gjere for å få ned forbruket. Me sparte ein del pengar på den måten, og det er god løn for det vesle strevet, seier Tellef.
Familien slutta å bruke fleire av straumomnane. I staden gjekk dei over til å satse meir på vedfyring.
Me byrja å slå av den eine omnen etter den andre og merka at det gjekk bra utan. Me kutta likegodt ut dei elektriske omnane. Det er ingen vits i å ha dei på når ein ikkje er i huset, eller når ein kan fyre med ved, seier Tellef og Wenche.
Det er bare badet og toalettet i huset som blir varma opp ved hjelp av elektrisitet. Elles blei familien nøyare på at vaskemaskina skal vere full av klede før ho blir slått på. Og det blei slutt på å ha på lys i rom der ingen ikkje oppheldt seg.
Kasta bort ein del pengar
Eg må rose kjerringa, for ho har vore flink til å passe på at me ikkje lenger brukar straum unødvendig. Og passe på må ein gjere i dag, elles kan det koste ein dyrt. Det er greitt å bruke pengane på anna i staden, seier Tellef.
Sjølv treng han ikkje å ha mange lamper på i stoga når han er der.
Eg har ikkje behov for å ha heile rommet opplyst for å sjå på tv. Ein tenkjer som så at kva betyr det om ei 40 watt pære lyser. Men det blir pengar av det om lampa står på heile året. Bare rekn på kva forbruket blir, oppmodar Tellef.
Nå i ettertid føler han familien har kasta bort ein del pengar dei tidlegare åra då det ikkje var slik fokus på straumsparing som det er blitt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg trur me også framover skal klare å halde straumforbruket på dagens nivå. Håpet er å kome endå lenger ned, men det er ikkje lett å få til, avsluttar Tellef.
For høge prisar på straum og nett
Straumprisen blei tridobla frå 2000 til 2003, og har dobla seg dei to siste åra. Dei siste 12 månadene har nettleiga gjennomsnittleg auka 10,8 prosent på landsbasis, opplyser Strømforbrukernes Interesseorganisasjon i ei pressemelding.
Styresmaktene har gjeve kraftaktørane frie taumar vel vitande om kva konsekvensar tridobling av straumprisen ville få for privatforbrukarane. Staten med Statkraft er faktisk ein av dei største pådrivarane til denne vanvittige tappinga av landets innbyggjarar, uttaler organisasjonen, og viser elles til at prisauken frå 2000 til 2003 har gjeve staten 300 prosent meir i momsinntekter. Det tyder 12 milliardar kroner meir i moms frå dei private forbrukarane.
Organisasjonen hevdar vidare at styresmaktene har sett maksimalrammer på nettleiga som er langt høgare enn det som er nødvendig for å drifte og byggje ut nettet.
Strømforbrukernes Interesseorganisasjon er nå lei av å høyre tåkeleggingsprat frå styresmaktene. Ingenting blir gjort med sjølve problemet; for høge prisar på straum og nett. Tilsynelatande skal kraftaktørane få behalde posisjonen sin, medan forbrukarane framleis skal bli tråkka på, uttaler organisasjonen, som vurderer å gjennomføre aksjonar med konkrete krav framover.
Liten straumtillit til politikarane
Straumforbrukaranes tillit til at stortingspolitikarane tek vare på interessene deira er vesentleg svekka. Det viser Gallups Energibarometer, som tri gonger sidan juni 2003 har intervjua eit representativt utval på 1.000 straumkjøparar.
Det er ikkje meir enn dryge tri prosent av dei spurte som har stor eller svært stor tillit til at politikarane tek vare på deira interesser på ein god måte i kraftspørsmål. Neste to av tri gjev uttrykk for direkte mistillit. 75 prosent av forbrukarane meiner det er politikarane som har ansvaret for at ein ikkje får ny vinter med høge straumprisar. Bare 13 prosent meiner ansvaret ligg på kraftbransjen.
Knekken i tilliten til politikarane kan tyde på at dei ikkje har innfridd forventningane til forbrukarane om førebyggjande tiltak slik at ein slepp høge straumprisar, uttalar Eva Fosby Livgard, avdelingsleiar i TNS Gallup, i ei pressemelding.