Marianne Vadder (Sp), Beate Marie Dahl Eide (Sp), Henry Mæland (Sp), Eivind Skogheim (Ap), ordførar Halfdan Haugan (Ap), rådmann Finn-Arild Bystrøm, Jon Svartdal (H) og Gunnar Eilefstjønn (H).
Marianne Vadder (Sp), Beate Marie Dahl Eide (Sp), Henry Mæland (Sp), Eivind Skogheim (Ap), ordførar Halfdan Haugan (Ap), rådmann Finn-Arild Bystrøm, Jon Svartdal (H) og Gunnar Eilefstjønn (H).

Utsette Nav-kontorplasseringa

– Me treng ei fullstendig saksutgreiing der begge alternativ er tekne omsyn til, uttala opposisjonspolitikarane og fekk eit samla formannskap med på å utsette avgjerda om framtidig Nav-kontorplassering.

– Eg er den fyrste til å innrømme at eg har vore med på mange enklare politiske saker enn denne. Kva er Seljord mest tent med, innleidde ordførar i Seljord, Halfdan Haugan (Ap), då formannskapet skulle diskutere framtidig plassering av felles Nav-kontor torsdag.

Skulle dei folkevalte sjå til Midt-Telemark eller Vest-Telemark?

Artikkelen held fram under annonsen.

Rundt formannskapsbordet sat også dagens leiar av Nav Seljord, som blir leiar av nye Nav Midt-Telemark, Hanne Sommerfelt, saman med prosjektleiar for Nav-samarbeidet i Midt-Telemark, Geir Midtbø, spent ventande på ei avgjerd i saka.

Dagen før hadde politikarane invitert dei tilsette ved Nav-kontoret i Seljord til å seie sitt om ynskt framtidig plassering.

Vanskeleg

Rådmann i Seljord gjorde i sitt saksframlegg klart at «saka har blitt tilnærma umogleg å løyse administrativt ved å gje eit råd som samlar både dei administrative tilrådingane og ein til dels sprikande politisk debatt i fleire kommunar». Hans innstilling var todelt, der fyrste alternativ var at Seljord søkjer om å bli med i etableringa av eit myndig Nav-kontor i Midt-Telemark, medan det andre alternativet var å bli med og etablere eit nytt kontor i Vest-Telemark plassert i Tokke.

Nye dokument

Etter at administrasjonen i Seljord sendte ut saka har nye dokument kome. Tysdag ettermiddag sende rådmann i Tokke ut sitt saksframlegg om felles etablering av Nav-kontor i Vest-Telemark og eit framlegg til samarbeidsavtale for etableringa, slik Vest-Telemark-rådet hadde bede han om. Onsdag kveld fekk formannskapsmedlemmene i Seljord dokumenta. I møtet torsdag blei det kjent at alle hadde enno ikkje lese vedlegga då dei ikkje let seg opne hos ein av representantane.

– Skal me setje av tid for å lese gjennom før eller etter diskusjonen, undra ordføraren.

– Eg meiner det er feil å handsame saka sidan det har kome fleire nye dokument – me må ha heile breidda i saka. Kor mange har fått lest alle dokumenta? Me treng ei fullstendig saksutgreiing frå rådmannen der begge alternativ er tekne omsyn til. Eg føler at me nok ein gong «rushar» saka, uttala Henry Mæland (Sp) og ynskte at saka blei levert tilbake til rådmannen for ny saksutgreiing slik at den kunne bli lagt fram på nytt.

– Det handlar om å ha all saksinformasjon når ein skal handsame ei sak, uttala Beate Marie Dahl Eide (Sp).

– Det er ei svært viktig sak, og truleg ulike meiningar i dei ulike partia, eg veit ikkje kva partifellene mine meiner. Det er like greitt å ta den rett til kommunestyret, uttala Jon Svartdal (H).

Artikkelen held fram under annonsen.

Vanskeleg sak

– Dette er bortimot den mest vanskelege politiske saka eg har arbeidd med, konkluderte ordføraren i Seljord og klubba eit samrøystes framlegg om at rådmannen ettersender ei ny saksutgreiing der også dei nye dokumenta er tatt omsyn til, før kommunestyret kjem saman i Seljord neste torsdag.  

– Men kva tenker de at eg skal gjere med den nye informasjonen? Forventar de å få ein kopi av det som er utkastet frå Tokke, at eg skal vere heilt eining i det, undra rådmannen.

– Det er ei saksutgreiing me ynskjer, presiserte ordføraren.