Stør ikkje fotballturar

Formannskapet i Seljord gjekk i førre møte mot å stø Tele-tur AS sine fotballturar frå Seljord til Skagerak arena i Skien på grunn av at kommunen har for lite frie midlar til å kunne prioritere slike tiltak.

I vedtaket legg formannskapet til at dei forstår at buss og kollektivtransport er gode miljøtiltak og håpar at det finst nok fotballentusiastar i området slik at bussruta kan realiserast og halde fram.