Kommunen vil ta av eigedom for å etablere turveg
Om ikkje kommunen kjem fram til ei løysing i forhandlingane med ein av grunneigarane ved Nesbukti, vil dei reise ekspropriasjonssak for å realisere turvegplanane.
Formannskapet i Seljord gav i førre møte rådmannen fullmakt til å forhandle fram ei avtale om grunnerverv av delar av arealet der den nye turvegen skal gå frå Nesbukti sjukeheim til Skipparbakken i Seljord sentrum.
Kommunen har ei tid arbeidd med ein reguleringsplan som mellom anna skal leggje til rette for sentrumsnær bustadutvikling og ynskjer også i samband med denne planen å etablere ein tursti langs bukti.
Artikkelen held fram under annonsen.
I planen heiter det at turvegen skal gli inn i terrenget tilpassa den nye vasskanten, og bli lagt på ei høgde slik at ein får god kontakt med vatnet på same tid som den ikkje blir flaumutsett. Dekket skal vere jamt, fast og sklisikkert, og overgangen mellom vegetasjon og turveg skal bli nytta som naturleg leieline.
Manglar ei avtale
I saksutgreiinga skriv kommunen at dei har vore opptekne av å involvere grunneigarane så mykje som mogleg i planprosessen. Det er fleire heimelshavarar i det aktuelle området, og kommunen har forhandla og kome til semje om bruksrett til turvegen med grunneigarane Tore Tufte og Ingrid Tellnes Heggenes. Desse avtalane er signerte og klare for tinglysing.
Sakshandsamaren opplyser også at kommunen ikkje har lukkast og kome fram til ei avtale om bruksrett med grunneigar Eivind Norgaard, men grunneigaren har opplyst til kommunen at det er ynskjeleg at dei nyttar ekspropriasjonsretten for å sikre seg areal til turvegen.
Ekspropriasjon tyder at nokon om naudsynt med tvang blir fråteke eigedom eller rettar mot ei erstatning. Det mest vanlege er ekspropriasjon av fast eigedom, og oftast til offentlege føremål som til dømes institusjonar, skular, sjukehus eller vegar.
Kommunen meiner det har vore vanskeleg å få til ynskjeleg utvikling i området sidan grunneigarane ikkje stiller areala til disposisjon for potensielle utbyggjarar eller legg eigedomen for sal.
Heilt rett
Dersom ikkje grunneigaren og rådmannen kjem fram til ei friviljug avtale meiner formannskapet at rådmannen bør få fullmakt til å gjennomføre eit grunnerverv i form av ekspropriasjon. Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak i saka
– Denne saka har lege på plankartet ganske lenge, og skal me ekspropriere må det vere gode grunnar. Grunnerverv og ekspropriasjon omfattar kompliserte rettslege område, sa plansjef i Seljord, Frid Berge.
– Her er det heilt rett å ekspropriere, for me kjem ikkje lenger om me ikkje gjer det. Det er ikkje for å vise makt, men for at me skal få dette gjennomført. Men fyrst skal rådmannen forhandle med grunneigaren, sa ordførar Halfdan Haugan.
Artikkelen held fram under annonsen.
Jon Svartdal var også samd i at det ville vere rett å stø opp om forslaget frå rådmannen.
– Nå har me kome dit at memå gå for denne løysinga,meinte Svartdal.
Ventar telefon
Gunneigar Eivind Norgaard kjenner sjølvsagt til planane om turvegen som mellom anna skal gå over eigedomen hans, men seier til VTB at han ikkje høyrd noko frå kommunen enno. Han ventar at dei tar kontakt.
– Kommunen har moglegheit til å få leige området om dei vil det, seier han og ynskjer ikkje å kommentere saka ytterlegare.
Kommunestyret i Seljord gjer endeleg vedtak i saka 20. oktober.