Fleire veteranbilar er alt på plass i Treungen. Johan Ziener Thronsen satsar på eit rikt utval av gamle gjenstandar når han opnar eige museum med kafeteria.
Fleire veteranbilar er alt på plass i Treungen. Johan Ziener Thronsen satsar på eit rikt utval av gamle gjenstandar når han opnar eige museum med kafeteria.

Investerer stort i privat museum

Johan Ziener Thronsen si langvarige interesse for gamle ting resulterer no i privat museumssatsing verdt 15-20 millionar kroner i Treungen.

VTB møter Johan Ziener Thronsen og dottera Cecilie Ziener Thronsen i det flotte gardstunet på Strandrak i Nissedal kommune. Dei to deler eigarskapet på den flotte plassen med fantastisk utsikt, og Cecilie er 4. generasjonen som er der.

– Tri barn er fødd opp her på så og seie all fritida kona mi og eg har hatt. Kvart år er me her 4-5 månader til saman, fortel Johan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Cecilie er gullsmed og har mellom anna laga dåpspresang levert til kongefamilien. Om sommaren tek ho med seg jobben til Strandrak.

Johan overtok halve garden i 1972. Nær 20 år seinare gav far hans andre halvparten til Cecilie. Ein kan trygt seie at dei ikkje har lege på latsida etter overtakinga.

Opphavleg stand

– Jorda var så gjengrodde att me måtte ta bort 70 lastebillass med røter, hugsar Johan.

Åra etterpå har andres beitedyr halde oppe kulturlandskapet, for det er noko eigarane av garden legg vekt på.

– Me sjølve har bare høner. Dei er Noregs mest vidreiste av sitt slag og er bak på hengaren når me tek dei med frå bustaden i Blommenholm i Bærum, seier Johan.

At han har sansen for bygg der naturen er så og seie totalleverandør, er bustaden eit døme på. Huset blei bygd av naturstein i jugendstil i 1918, og er eitt av få av sitt slag i landet.

Då Johan overtok Strandrak var det få bygg der. Det tømra våningshuset frå 1785 hadde blikktak og panel utvendig.

– Det blir galt for ei tømre, tenkte han, og starta ei restaurering ein knapt har sett maken til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Våningshuset blei førd tilbake slik det opphavleg var. Tømra kom fram i dagen også utvendig, og torvtaket kom på plass. Eit lafta tilbygg inneheld kjøkken og toalett med dusj, etter boring av vatn og legging av kloakkanlegg.

Redda tømrer

I 1979 starta Johan ein prosess med å flytte gamle tømrer i kommunen til eigedomen. Han hadde tenkt å annonsere etter slike bygg, men jungeltelegrafen ordna opp i den saka. Opp gjennom åra er det henta seks tømrer til Strandrak. Alle er frå slutten av 1700-talet og har sjølvsagt fått torvtak. Fleire av dei stilige bygga hadde ikkje stått oppe i dag, om dei ikkje hadde blitt tatt hand om. Derfor synest Johan det er greitt at dei blei flytta til annan gard i kommunen. Å flytte tømrer til dømes frå bygda til Holmenkollåsen, er han veldig imot.

– Alle bygningane på Strandrak er lokale, og det er veldig viktig å bevare slike. Me har lagt vekt på å tilbakeføre dei slik dei opphavleg var, og det synest eg me har klart. Me har fått eit tun me trivst veldig godt i og som fungerer. Det er ikkje vanskeleg å leve her i 2010, smiler ein nøgd Johan, og får eit nikk av dottera.

Det er vanskeleg å konkretisere talet på timar og pengar som er lagt ned på eigedomen i snart 40 år. Så og seie kvart einaste år har satsinga sysselsett bygdefolk.

– Det har skjedd veldig mykje her, og eg angrar ikkje på ei einaste krone, slår Johan fast.

– Det er noko å gjere kvart bidigaste år, men vedlikehald må til, held han fram, klar til å gyve laus på nye oppgåver på den idylliske plassen.

Bygde seg opp

Johan er fødd i Oslo og flytta til Kilen nord i Nissedal i 1965, ein eigedom som hadde vore i familien i lange tider. Grunnskulegangen blei avslutta i det som då var Nordbygda skule ikkje langt unna. Etterpå blei det Kvitsund og Foldsæ landbruksskule.

I 1975 starta Johan på ei satsing som skulle vise seg å bere frukter og vere midt i blinken for ein som i årevis har vore oppteken av gamle ting. Johan etablerte Oslo ryddekompani, og i den samanhengen lånte han 3.875 kroner av faren for å kjøpe ein Bedford. På dagtid jobba han for faren i bilbransjen, medan ettermiddagen og langt utover kveldane og helgene blei bruka til køyring og rydding av alt mogleg frå ulike bygg i hovudstaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Verksemda hans gjekk bra og det blei kjøpt inn endå ein bil og tilsett folk. Vidare handla faren eit bygg der Johan etablerte brukthandel i 1. etasje. Seinare vart satsinga gjort om til Christiania Auktionsforretning.

– Eg hadde lenge hatt samlingsmani og måtte alltid sjå på lastebilplanet før ting blei hivd på søpla. Eg fekk betalt for å køyre bort gamle ting, og så selte eg nokre av dei etterpå. Det blei ein vinn-vinn situasjon, fortel Johan.

Valde eigedom

Frå 1975 til 1987 dreiv han det som skulle vise seg å bli den 3. største renovasjonsbedrifta i Oslo. Bedrifta lever framleis, men under anna namn etter eigarskifte.

Auksjonsforretninga blei starta i 1978 og selt i 1997.

– Den lever i beste velgåande i dag, og er framleis Noregs 3. største auksjonsforretning, fortel Johan.

Parallelt med dei nemnde satsingane har han alltid drive med eigedom.

– Det var ikkje eit venstrehandsarbeid. Eg måtte velje om eg skulle satse på det eine eller andre, og valde eigedom, seier Johan, som ei tid hadde 150 tilsette i eiga og familiens verksemd.

– Det var til å få hjarteinfarkt av, hugsar han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bygga blir leigd ut mykje som bustader, men også som næringseigedomar for både restaurant- og forretningsdrift. Eigedomane ligg i Oslo, Porsgrunn og Cannes i Frankrike.

– Ein kan forstå kvar du har fått pengar til satsinga på Strandrak, kjem det frå bladfyken.

– Eigedom har ikkje vore så galt siste åra …, svarar Johan.

– Det har ikkje vore kjedeleg opp gjennom åra, legg han til når han tenkjer på verksemdene.

I dag er eigedomssatsinga ei rein familiebedrift med innleige av til dømes vaktmeisterhjelp og sonen Jonas som er tømrar.

Heilårsdrift og kafé

I alle år har Johan sagt nei til å bli intervjua av media som til dømes næringslivsaviser. Grunnen til at han slepper lokalavisa VTB innpå seg er ei morosam nysatsing som er på gang i Treungen. Snart får Nissedal kommune eit museum. Det blir i privat eige, for då kan Johan styre tiltaket som han vil sjølv.

Ideen om eige museum starta då Johan sine lager byrja å bli fulle av gamle gjenstandar og bilar. Nokre av dei er relativt sjeldne.

– Eg tenkte at dei kan vere gøy å sjå på, også for andre. Særleg om dei blir presenterte på ein ok måte. Det skal me gjere og det skal vere spennande, seier Johan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Erling Tveit i Treungen tente på museumsideen til Johan, og selte eit bygg på industriområdet i bygda til det kjøparen meiner er ein hyggeleg pris. For 1,5 millionar kroner har Johan overtatt 10 dekar areal og det 1.300 kvadratmeter store bygget der det før var steinsenter. Tidlegare har Johan kjøpt det gamle heimevernslageret i Treungen, eit bygg som blir sett i samanheng med det planlagde museet.

I tillegg til museum med alt mogleg gamalt utstyr og ting, er planen å få på plass eit kjøkken og ha kafeteria.

– Me håpar på heilårsdrift, og då må me ha eit slikt tilbod. Elles tenkjer eg at lokalet kan brukast til dømes til veteranklubbar, seier Johan.

Eit av skupa han har klart å få til alt, er lån av Noregs største private telefonsamling, snadder av gamal moro. Eigar er Olav Dalen Zahl i Oslo, opphavleg frå Lunde. Sjølv har Johan 80-200 år gamle orientalske teppe, ei samling han har bygd opp gjennom 40 år. Dei gamle bilane hans vil sjølvsagt bli plassert i lokalet, og nokre av dei er alt parkert i eit rom der. Elles ser Johan heile tida i marknaden etter spennande objekt.

Z-museum

Utstillingane i museet vil bli endra, slik at nye dukkar opp år for år for dei som har lyst til å stikke innom att. Johan vil vidare opne for at folk med samlingar og enkeltgjenstandar med historisk interesse kan ha tinga utstilt på museet.

– Det må vere heilt spesielle ting som ikkje finst der frå før. Vidare ynskjer eg samarbeid med Søftestad Gruber. Me må få turistar og andre til å vere i bygda heile dagen, ja gjerne lenger også. Marknadsføringa vil også skje i Danmark og Tyskland, og me må prøve å få reiseselskap til å stoppe i bygda. Det blir satsa på å få folk også langvegs frå i ei tid det er ganske stort miljø som er interessert i veterangjenstandar, seier Johan.

Vidare ynskjer han at museet skal bli eit stort undervisingsrom for skular, og det skal bli høve til å røre gjenstandar.

– I ein liten dal som denne bygda må alle trekkje i same veg. Eg ynskjer samarbeid med alle det er naturleg å samarbeide med i Nissedal kommune, slår Johan fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Namnet på det nye innslaget i Treungen blir Z-museum.

– Namnevalet er for å gjere folk nyfikne. I lokalet skal det vere ein stor fridom innan utstillingar, seier Johan.

Håpet er at museet opnar om to år. Det er behov for tid til å sette lokalet i stand både inn- og utvendig, og det skal vere kvalitet. Den kjende arkitekten Jens Relling i Oslo skal få boltre seg med kreativitet i bygget.

Sentralt i Sør-Noreg

Når ombygginga er ferdig og gjenstandane er på plass i lokalet, vil museet ha ein total verdi på 15-20 millionar kroner. Det er rein idealisme som ligg bak satsinga.

– Målet er å få drifta til å gå rundt. Får me til museet slik me vil, kan dette bli veldig spennande, smiler Johan.

Kvifor har så denne karen valt Treungen som stad for den store nysatsinga?

– Nokon meiner staden er utanfor allfarveg, men det er han ikkje. Me skal marknadsføre oss som sentrum av Sør-Noreg, for det er det Treungen er.

– No er eg 57 år og har lyst til å gjere noko moro. Moro skal det bli i Treungen, avsluttar ein som ler av at han kanskje er litt galen og ikkje er redd for å satse, ute i bushen.