Politimeisteren og Politidirektoratet vil avvikle lensmannskontoret i Fyresdal. Ordførar Erik Skjervagen (t.v.) og resten av kommunestyret har fylgd tilrådinga frå rådmann Ketil O. Kiland om ikkje å gje opp saka, men klagesvaret nyleg gjev nedtur igjen. (Arkivfoto)
Politimeisteren og Politidirektoratet vil avvikle lensmannskontoret i Fyresdal. Ordførar Erik Skjervagen (t.v.) og resten av kommunestyret har fylgd tilrådinga frå rådmann Ketil O. Kiland om ikkje å gje opp saka, men klagesvaret nyleg gjev nedtur igjen. (Arkivfoto)

Politifagleg vurdering: Nedlegging gjev betre tenestetilbod

Politidirektoratet stør politimeisteren i at nedlegging av lensmannskontoret i Fyresdal vil betre det totale tenestetilbodet i kommunen. Dei går heller ikkje med på at bygda blir knytt til politistad i Kviteseid i staden for i Vinje.

Fyresdal kommunestyre har klaga på synet til politimeisteren og Politidirektoratet om å leggje ned lensmannskontoret i bygda, og at ein blir knytt til tenestestad i Åmot. Lokalpolitikarane har fylgd tilrådinga frå rådmannen om å krevje at ein får behalde kontoret. Om ikkje det let seg gjere, vil fyresdølane heller bli knytt til lensmannskontoret i Kviteseid.

Etter å ha motteke klaga, har politimeisteren og Politidirektoratet vurdert saka på ny utan å endre meining. Politidirektoratet stør politimeisteren som er overbevist om at det totale tenestetilbodet vil bli betre om lensmannskontoret blir lagt ned.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ivareta krav om responstid

Politimeisteren viser til at samanslåinga av Fyresdal, Tokke og Vinje lensmannskontor skal bidra til å frigjere ressursar som både skal bidra til å styrke beredskapen i regionen og styrke det førebyggjande arbeidet i kommunen. Færre tenestestader vil gje høve til å auke talet på operative politimannskap i Vest-Telemark, og dermed på ein betre og meir stabil måte enn i dag kunne ivareta kravet om responstid. Og nokon oppgåver som blir løyst på lensmannskontor blir flytta til patruljebilane.

Politimeisteren meiner at ved å oppretthalde dagens tenestestader i dei tre kommunane, vil ein ikkje oppnå den heving i kvalitet og effektivitet som er forventa gjennom nærpolitireforma. Vidare at det ikkje er kapasitet til å bemanne eit lensmannskontor i Fyresdal kvar dag med to som er politiutdanna, om politidistriktet skal nå kvalitetskrava som er sett i reforma til beredskap, førebyggjande arbeid og tilgjengelegheit.

Kvifor fire i staden for to?

Fyresdal kommune har elles i klaga bede om konkret fagleg grunngjeving for endra vurderingar undervegs som førte til at også lensmannskontora i Nissedal og Seljord likevel skal bestå. Politidirektoratet har fått dette svaret frå politimeisteren:

«Nissedal lensmannskontor blei oppretthalde av omsyn til beredskapen på tvers av fylkesgrensene mot Agder. Seljord lensmannskontor er oppretthalde fordi ein på bakgrunn av lange leigekontraktar såg det hensiktsmessig å oppretthalde denne tenestestaden i nært samarbeid med Kviteseid. Dette for ikkje å bruke ressursar på å byggje opp Kviteseid, noko som ville vore nødvendig for samlokalisering».

Må til Vinje

Om ikkje Fyresdal får behalde lensmannskontoret, ynskjer dei tilknyting til politiet i Kviteseid. Politidirektoratet har fått denne kommentaren frå politimeisteren på endringa fyresdølane vil ha:

«Ved å leggje Fyresdal til Kviteseid vil ein ikkje bare skuve politiressursane lenger sørover i tenesteeininga Midt-Vest, men også miste fordelane for Fyresdal kommune som ligg i eit samla og større fagmiljø i eit felles kontor med Tokke og Vinje. Eitt av måla ved reforma er å skape interessante arbeidsplassar for å hindre turnover i små kommunar, noko som har vore ei utfordring i Vest-Telemark dei siste åra».

Etter at politimeisteren og Politidirektoratet nyleg har stått på sitt blir saka sendt til Justisdepartementet for endeleg avgjerd.