Sterk sesongdebut for Lid Byggland-brørne
Årets Beitosprint blei ei god oppleving for Ånund og Torgeir Lid Byggland frå Høydalsmo. Sterke plasseringar i det prestisjefylte rennet gjev grunn til optimisme for resten av sesongen.
Etter å ha gått gode prologar der Torgeir gjekk i mål som nummer åtte og Ånund som nummer fjorten, blei rollene og plasseringane bytta om i finalane. Der enda nemleg Ånund på 8. plass og yngstebror Torgeir blei nummer 14.
– Dette var sesongens fyrste sprintrenn og Beitosprinten er eitt av dei renna med høgst nivå gjennom sesongen. Det er for mange eit viktig uttaksrenn. Verken Torgeir eller Ånund har toppa forma til dette rennet, så det fortel at det gode treningsarbeidet dei har lagt ned har gjeve resultat, seier teamsjef i Team Telemark, Hans Kristian Lahus.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ikkje tilfeldig
Han er strålande fornøgd med båe løparane, og han gler seg til dei komande renna.
– Resultat i helga er ikkje på nokon måte tilfeldig. Båe har spesialisera seg på klassisk sprint, og i løpet av vinteren er det mange konkurransar i nettopp denne øvinga. Det gjev grunn til optimisme. Alt til helga er det nye sjansar i noregscuprennet på Gålå, fortel Lahus.
– At me får to løparar blant dei fjorten beste er veldig sterkt. Og det er ekstra moro at det er brørne Lid Byggland, legg han til.
– Bortimot perfekt
Torgeir Lid Byggland seier til VTB at han gjorde bortimot eit perfekt løp i kvartfinalen laurdag.
– Taktisk var det perfekt. Eg leia ut på oppløpssida, men blei frykteleg stiv dei siste ti meterane. Dermed glapp sjansen til å gå vidare. Men ein fjortandeplass i det gode selskapet er eg godt fornøgd med, seier han.
Han meiner sjølv at kapasiteten er der. Godkjensla han fekk i helga har vore sakna ei tid.
– Det er godt å kjenne at kroppen fungerer, og at det klaffa i Beitosprinten. Eg er også strålande glad på vegne av Ånund, seier veslebroren.
– Og du fekk vel med deg at me båe fekk mykje fjernsynstid i helga, avsluttar han leande.