Ordførar for ein dag
Daniel Knutsen (16) tok over ordførarrolla til Jarand Felland sist torsdag. Det var i samband med Operasjon Dagsverk, at ungguten fekk prøve seg i Tokke.
Solidaritetsdagen ved Vest-Telemark vidaregåande skule sist torsdag og fredag, betyr at elevane må jobbe og tene pengar som skal gå til ein barnehage i Ghana. I Tokke fekk fyrsteklassingen Daniel Knutsen frå Breiset, mellom Høydalsmo og Øyfjell, jobben som ordførarens stadfortredar.
– No sit eg på ordførarens kontor med ordførarkjeda rundt halsen. Me har akkurat vore på eit møte, fortel Knutsen til VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
Betre kollektivtransport
Sjølv om jobben berre er eit spel denne dagen, har 16-åringen likevel gjort seg nokre tankar om kva han ville ha lagt vekt på som ordførar i Tokke.
– Eg skulle lagt vekt på å forbetre vegane til og frå Dalen. Meir og betre kollektivtransport er noko eg ville satsa på. Rimelegare mat på den vidaregåande skulen er også noko eg ville ha prøva å fått til dersom eg hadde vore ordførar på ordentleg, fortel Knutsen.
Rundt i kommunen
Ungguten fortel at han er litt oppteken av politikk, men han er usikker på om han kjem til å engasjere seg lokalt etter kvart.
– Det kjem mellom anna an på kva eg driv på med når eg er ferdig med den vidaregåande skulen, seier han.
Han skal saman med den ekte ordførare, Jarand Felland, ha seg ein runde på Dalen og ein tur til Høydalsmo i løpet av dagen.
– Me skal på bedriftsbesøk, og så skal me innom skulen i Høydalsmo. Elles må eg seie at Tokke kommune er ein god kommune å bu i, så eg er fornøgd med det, avsluttar han.