– Me treng fleire lærlingplassar i offentleg sektor
I år hadde Tokke kommune sju søknader om lærlingplass. Av desse fekk berre tre plass.
Tysdag føremiddag var politikarane og leiarane frå etatane og avdelingane i Tokke kommune samla til dialog- og budsjettdrøftingsmøte i kommunestyresalen på Dalen. Under presentasjonen frå sentraladministrasjonen kom det frem at Tokke kommune treng fleire lærlingplassar i offentleg sektor.
Målet til fylkeskommunen er å ha to lærlingplassar per 1000 innbyggarar. Tokke kommune har fire lærlingplassar ei kvar tid, og kvar lærling har ein slik plass i to år.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I år hadde me sju søkarar, men berre tre ledige plassar. Me hadde berre éin søkar i fjor som fekk plass. I 2018 kjem vi ikkje til å ha meir enn éin ledig plass. Det er synd. Mengda søknader varierer sjølvsagt frå år til år, men me har eit behov for fleire lærlingar i kommunen, sa personalsjef Niina Laaksonen.
Treng fleire helsefagarbeidarar
Innan helse- og omsorgstenester er det eit auka behov for fleire arbeidstakarar, særleg i åra som kjem.
– Vi treng fleire arbeidstakarar i kommunen, spesielt helsefagarbeidarar. Fleire stader er det høg gjennomsnittsalder, og eg synest det er viktig å sjå fram over og tenke på å rekruttere dei unge. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå dei som arbeider fast at det er veldig fint med ein lærling. Av dei tre ledige plassane får helse og omsorg to lærlingar til helsesenteret, og oppvekstetaten får éin lærling til barnehage.
Ein stor ressurs
I Vest-Telemarktinget i slutten av april heldt rektor på Vest-Telemark vidaregåande skule, Tove Palmork Haavelmoen, og Else Fugelsnes Metveit frå OKOS (Opplæringskontoret for offentlig sektor i Telemark) innlegg om utfordringar i samband med utplassering innafor offentleg sektor. Bodskapet deira var å få til endå fleire lærlingplassar i offentleg sektor i Vest- Telemark.
– Dei ulike kommunane har ulike budsjett til lærlingplassar, og antal lærlingplassar varierer mellom kommunane. Det er viktig at kommunane tek i mot sine eigne ungdommar og ser på dei som ein ressurs. Det er viktig at dei som ønskjer å vere på Dalen skal få lov til det. Då kan dei få bu heime, vere der dei ønskjer og det er mindre sjanse for at dei droppar ut, seier Metveit til VTB.
– Elevar som ikkje får lærlingplass må gå eit tredje år på skulen. For mange blir dette tungt og nokon droppar ut. Det er frykteleg synd, fortset ho.
Gjer det dei kan
Frå august 2017 er det no dei vidaregåande skulane som blir ansvarleg for å lage eit opplegg til elevane. Tidlegare har fylkeskommunen hatt ansvar for dette.
– Det er riktig at det frå hausten av er skulen som er ansvarleg for dei som ikkje får lærlingplass. Vi har ei arbeidsgruppe som arbeider med dette, og det er ingenting som har blitt avgjort ennå. Det eg kan seie er at det vi ønskjer er at eleven skal få lærlingplass, og vil arbeide med dette gjennom det siste året, fortel rektor Tove Palmork Haavelmoen.