I ein pause blei det heftig debatt mellom Hølje Haugsjå (Ap, t.v.) og Geir Christian Enger (KrF). – Eg kan garantere deg at i løpet av fem år vil kommunen gå fem millionar kroner i overskot, sa Haugsjå, som torsdag sa ja til å busetje minst 15 einslege mindreårige flyktningar dei neste tre åra.
I ein pause blei det heftig debatt mellom Hølje Haugsjå (Ap, t.v.) og Geir Christian Enger (KrF). – Eg kan garantere deg at i løpet av fem år vil kommunen gå fem millionar kroner i overskot, sa Haugsjå, som torsdag sa ja til å busetje minst 15 einslege mindreårige flyktningar dei neste tre åra.

Vil vite dei økonomiske konsekvensane

Somme politikarar i Nissedal meiner kommunen vil gå i pluss økonomisk ved å ta imot einslege mindreårige flyktningar. Andre undrar på om kommunen vil tape millionar på ei slik løysing. Rådmannen må igjen jobbe fram ny flyktningsak.

Rådmannen i Nissedal tilrådde kommunestyret torsdag å seie ja til busetjing av flyktningar i tråd med oppmodinga frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi). Det vil seie busetjing av 20 flyktningar neste år, der minst fem er einslege barn under 15 år. I 2018 og 2019 er tilrådinga å ta imot 15 flyktningar kvart år, og minst fem av dei skal vere einslege barn under 15 år.

Ian Parry-Jones (Sp) innleia debatten i kommunestyret med å seie at partiet hans ynskjer å bidra til at flyktningar som har fått opphald i Noreg får busetjing og blir ein del av det trygge og stabile samfunnet. Men Sp var ikkje nøgd med saksutgreiinga til rådmannen, og meinte ho var for tynn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Saka ber preg av hastverk. Me ynskjer eit betre faktagrunnlag før det blir fatta vedtak om busetjing i neste planperiode, sa Parry-Jones.

Flyktningar i grendene

Han viste mellom anna til at busetjing av einslege mindreårige kan gje utgifter utover det staten dekkjer. Parry-Jones sa Imdi sitt berekningsutval og KS har stadfesta at busetjing av einslege unge kan vere økonomisk utfordrande for kommunane.

– Det er full forståing i gruppa vår for at ein ikkje kan utgreie konsekvensane av alle eventualitetane, men me ynskjer ei sak som tek for seg både det som potensielt vil vere positivt og det me må vere obs på, sa Parry-Jones.

Elles minna han om at Nissedal er mykje meir enn Treungen sentrum.

– I grendene er det betre kapasitet i skulane og barnehagane enn i sentrum, det er ledige hus til sals og leige, og eit aktivt kyrkje-, idretts- og foreiningsliv. Kommunikasjon til Treungen er ei utfordring å løyse, men med litt vilje og nytenking meiner me busetjing i Kyrkjebygda, Haugsjåsund, på Felle og Fjone vil vere positivt for alle, sa Parry-Jones om plassering av flyktningar framover.

Sp kom med endringsframlegg der rådmannen kjem med ny flyktningsak seinhaustes. Partiet meiner ein må vurdere økonomiske konsekvensar for kommunen i perioden 2017–2024 ved busetjing av flyktningar, og særleg einslege mindreårige. Vidare sjå på korleis ein raskast mogleg kan hjelpe dei som blir busette til å eige eigen bustad, og forventa arbeidskraft i kommunen og nabokommunar. I tillegg sjå på fordelar og ulemper ved busetjing i grendene, og kva behovet er for auka bemanning ved å ta inn fleire flyktningar.

– Kan kommunen frå 2017 øyremerke heile integreringstilskotet til flyktningane? Ein må også utgreie konsekvensar ved å plassere eit overskot i fond som ein kan nytte til integreringsføremål, næringsutvikling og for å møte eventuell auke i sosiale kostnader, var også ein del av det Sp føreslo.

Mykje i minus

Runa Vee Tveit (Ap) synest saka var godt utgreidd av rådmannen. På vegne av partiet sitt føreslo ho at ein tek imot 15 flyktningar i 2017, og ti kvart av dei neste to åra. I alle tre åra skal minst fem vere einslege flyktningar under 15 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Varaordførar Geir Christian Enger (KrF) varsla at partiet hans ville stø forslaget frå Sp, og hovudgrunnen var økonomien.

– Saka er bra skrive når det gjeld dei positive sidene, men ho ser veldig lite på utfordringane me ville fått med talet rådmannen tilrår, sa Enger.

I saka etterlyste han tal frå Imdi sitt berekningsutval. Det nyaste talet frå Imdi er at ein kommune kan gå nær 400 000 kroner i minus over ein femårsperiode på å busetje ein einsleg mindreårig, opplyste Enger.

– Er me uheldige kan kommunen få eit underdekning på seks millionar kroner i løpet av fem år. Er me heldige går det bra, sa Enger.

På vegne av rådmannen svara flyktningkoordinator Kristin Oddbjørg Parkinson Vågen:

– De har ikkje bede om noko utgreiing om økonomi. Og eg vil minne om at flyktningbudsjettet har redda kommunebudsjettet før.

Forundra

Jørgen O. Nes (Frp) vedkjente at saka er veldig vanskeleg.

– Me har sagt ja til å ta imot 30 flyktningar, og det er eit stor tal i forhold til folketalet, sa Nes om kommunestyrevedtaket for i fjor og i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også Nes etterlyste at saka hadde i seg viktige ting om økonomien. Så kom han innpå noko også Stein Skåli (Sp) var forundra over: I 2013 sa kommunen at skulen i Treungen er stor nok for framtida, medan to år etter kom det varsel om utbyggingsbehov.

– Plutseleg i saka i dag står det at skulen har kapasitet i areal og kompetanse, sa Nes.

Førebels har ikkje kommunestyret vedteke ei eventuell utviding av småskulen, men dette kjem snart opp som sak for endeleg vedtak.

Elles sa Nes dette om når flyktningane er ferdig med introduksjonsprogrammet:

– Då blir det anten jobb eller Nav. Og Nav-budsjettet går direkte på kommunekassa.

Hølje Haugsjå (Ap) sa det var veldig gode ordningar på introduksjonsstøtta dei fyrste fem åra, og at mange kommunar derfor går i overskot. Vidare viste han til utrekning frå Bufetat; mange kommunar som har busett einslege mindreårige har tent økonomisk på det. Og i tillegg har ei slik integrering skapt arbeidsplassar.

– KrF brukar det økonomiske argumentet veldig sterkt, men der er det mange nyansar. Eg vil sjå reknestykket til KrF om de skal bruke det som argument. Me må diskutere reelle fakta, og ikkje bare slå i hovudet med ting, sa Haugsjå.

Ved avrøystinga gjekk ingen for tilrådinga til rådmannen. Brit Nordbø (Ap) gjekk med KrF og Frp på forslaget til Sp, som blei vedteke. Ap fekk seks røyster frå eigen leir for sitt forslag, i tillegg til at Kristine Sandall (H) blei med mindretalet.