Men no blei det flyktningfleirtal
Nytt årsverk i Nissedal kommune: Flyktningkonsulent. Fyrste oppgåve: Lage plan for å ta imot inntil 30 flyktningar.
For ni månader sidan utgjorde Sp, Frp og Høgre fleirtalet som vedtok at Nissedal kommune ikkje kan ta imot flyktningar på noverande tidspunkt. Sp bad om meir utgreiing i saka før partiet ville sjå nærare på ho att.
Rådmann Sverre Sæter kan ikkje skryte på seg anna enn om lag same utgreiinga som sist, då han torsdag prøva seg med saka igjen i kommunestyret.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette er ingen butikk og ikkje noko me kjem til å tene pengar på, innleia rådmannen saka der han ynskjer å busetje inntil flyktningar i perioden 2015–2017.
Manglar nykelen
Frank E. Lien (Frp) var fyrst på talarstolen.
– Det er ikkje meir grunnlag for å ta imot flyktningar no enn førre gong saka var oppe. Det er ikkje arbeid her til flyktningane. Mange kjem frå krigsområde, og me manglar eit sterkt psykisk helsevern til dei. Eg føreslår å oppretthalde vedtaket frå februar om at kommunen ikkje kan ta imot flyktningar no, sa Lien.
Runa Vee Tveit (Ap) såg gjerne at ein opnar for nye landsmenn.
– Eg er positiv til busetjing av flyktningar, ei sårbar gruppe me har eit samfunnsansvar for, sa ho.
Partifelle Tore Skåli var samd.
– Me kan gå på ein smell, men eg trur me skal klare dette, sa han.
Anne-Nora Oma Dahle (Sp) sa at prinsipielt og moralsk er partiet for flyktningar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men saka no har ikkje stor karakter av forandring frå sist. Mangelen er bustader og arbeid, nykelen for at me skal klare denne jobben. Her må ein jobbe grundig frå dag ein, sa ho.
Dahle føreslo at ein fyrst av alt tilset ein flyktningkonsulent. Han skal ha ansvaret for ein flyktningplan, som skal opp i kommunestyret før ein tek imot flyktningar.
Stor ansvar
Jørgen O. Nes (Frp) følte politikarane ikkje hadde fått svar på det dei spurde etter ved førre handsaming, og ville røyste nei no også. Men han forstod det ville bli ja til flyktningar.
– Det blir eit vanvittig stort ansvar. Alt må leggast til rette, sa han.
– Ein tek på seg eit større ansvar om ein let flyktningane framleis sitje i mottak, repliserte Øyvind Tveit.
Stein Skåli (Sp) hadde ikkje skifta meining frå sitt nei sist.
– Eg er bekymra, og ser det er stor fallhøgde. Eg håpar eg tek feil i mine bange aningar, sa han.
Etter gruppemøte varsla posisjonspartia Høgre, KrF og Ap at dei støtta rådmannen. Mot røystene til Frank E. Lien, Jørgen O. Nes, Stein Skåli og Bjørn Gunnar Nordbø (Sp) vedtok kommunestyret å opne for flyktningar og stø framlegget frå Dahle. Ein svært nøgd rådmann sa dette etterpå til VTB:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Snarast mogleg råd må me lyse ut ei stilling som flyktningkonsulent, og så får me ta det derfrå. Spennande!