Søkjer om å rive telegrafistbustad
Eit samrøystes kommunestyre i Nissedal har gjeve rådmannen fullmakt til å søkje om løyve til å rive telegrafistbustaden på det gamle stasjonsområdet i Treungen.
Jørgen O. Nes (Frp) meinte det måtte bli ein monaleg kostnad for kommunen å rive bygget.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er betre å selje telegrafistbustaden til ein som kan tenkje seg å stelle det opp, sa han.
– Me har ikkje vurdert kostnaden ved å rive bygget, men klart det har ein kostnad, sa Kjell Vøllestad, leiar for teknisk eining i Nissedal kommune.
Elles blei det minna om frå administrativt hald at det for to år sidan ikkje var ynskje om å privatisere denne delen av området det bustaden ligg.
– Det vil nok vere ei litt komplisert sak å få gjennom ei frådeling, sa Vøllestad.
Runa Vee Tveit (Ap) sakna kunnskap om kva ein faktisk riv i dette tilfellet.
– Det er eit greitt spørsmål og litt kritikk til sakshandsaminga, repliserte partifelle og ordførar Halvor Homme.
Så minna han om at saka no handlar om å gje rådmannen fullmakt til å søkje riveløyve, og slik blei det.
Etter at Treungbanen blei lagt ned i 1967, overtok kommunen stasjonsområdet med bygningar i Treungen. Telegrafistbustaden er svært enkel med grunnflate på 42 kvadratmeter, og blei truleg bygd rundt 1913, då Treungen stasjon blei opna.
Artikkelen held fram under annonsen.
I dag bur det ingen i det som i årevis har vore utleigebustad og som no er i svært dårleg stand.
Bustaden har ikkje eiga tomt, men er ein del av jernbaneområdet som i reguleringsplanen er vist som spesialområde, bevaring.
Etter vurderingar om restaurering og sal til private, forkasta rådmannen båe alternativa.