Satsar i mineralbransjen
Gunnvald K. Solli frå Dalen er gründer og har i fleire år drive med eigedomsutvikling. No har han også kasta blikket mot verdifulle mineral som det enkelte stader finst store mengder av.
Tidleg i haust kjøpte Solli bygget som dei seinare åra har husa Tøy og Ting på Dalen. Bygningen som tidlegare også har vore klesforretning og landhandel, hadde vore til sals ei tid då Solli omsider fekk tilslaget.
Kva skal du med bygningen?
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg kjem til å gjere om lokalet i andre etasje til ein næringshage der det blir høve til å leige kontorplass. I tillegg syslar eg med planar om å lage eit laboratorium her, men det er nok eventuelt litt fram i tid. I fyrste etasje har eg planar om butikk, svarar Solli.
Potensial
I samband med eit tomtefelt han kjøpte på Ulefoss, Fensfeltet, støytte han som utbyggjar på nokre meir eller mindre uventa hindringar og utfordringar. I ettertid har Solli sett moglegheiter i problema.
Det blei mykje oppslag i media om det som skjedde. Det blei nemleg registrert høge radonverdiar i grunnen i feltet på Ulefoss. Det kom frå mengda thorium som var i grunnen der. Høge radonverdiar er skadelege og kan føre til kreft i fylgje dei som har greie på det. Det siste no er at thorium frå Fensfeltet skal testast i atomkraftverket i Halden, seier Solli.
Fleire ettertrakta mineral
Det er også interessant at det ikkje berre er thorium der, men også andre verdifulle og svært etterspurde mineral, forklarer Solli.
Men tilbake til laboratorium, kva skal du med det?
Det er få bergmenn att i dette landet, og det er også svært få som kan veldig mykje om berggrunnen i Noreg. I dag må me i alle fall til Danmark og endå lenger ut i Europa for å få analysert prøver frå fjell og berggrunn. Det er kostbart og lite praktisk. Derfor vurderar eg om det kan vere smart å etablere eit laboratorium på Dalen, fortel Solli ivrig.
Kompetansen er stort sett å finne i Tyskland og Austerrike, så kvifor ikkje få han til Dalen, legg han spørjande til.
Thorium mindre farleg
Thorium er eit alternativ til uran som brukast i atomkraftverk. Hovudforskjellen er at thorium som avfall blir brote ned til eit ufarleg materiale på ein brøkdel av tida samanlikna med uran. Uran må lagrast i hundretusenvis år, medan thorium blir ufarleg etter 300 år. Thorium let seg heller ikkje spalte og kan derfor ikkje nyttast til produksjon av atomvåpen. Derfor blir stoffet ofte kalla den snille kjernekrafta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Anslag over mengda thorium i Fensfeltet gjer at det kan vere nok til å produsere frå 10 til 120 gonger så mykje energi som ein kan produsere av olje og gass som finst på norsk sokkel per i dag, seier Solli.
Til miljøvenlege produkt
Han anslår at Fensfeltet, som eigentleg er ein gamal vulkan med ein omkrins på nærare fem kilometer, kan innehalde så mykje som 500 000 tonn med REE, ei forkorting for sjeldne jordartelement.
I desse jordartelementa finn me stoff som blir brukt i produksjonen av mobiltelefonar, hybridbilar, medisinsk utstyr, generatorar til vindmøller og i det heile teknologisk materiell. Til produksjon av ein hybridbil går det med om lag 30 kilo REE, forklarer Solli, som er eineaksjonær i Solli eigedom AS, som vidare eig 48 prosent av selskapet REE Minerals AS.
REE Minerals AS har kontroll på om lag 700 mål av den gamle vulkanen på Ulefoss.
Alt tyder på at etterspurnaden etter REE vil auke i åra framover, ikkje minst med omsyn til miljøvenlege tiltak, legg han til.
Annleis gruvedrift
I dag er det Kina som står bak hovudmengda av denne utvinninga, og dei slit med metodane dei brukar.
Kina har øydelagt miljøet sitt på jakta etter desse verdifulle stoffa. Dei raude elvene i Kina skuldast i stor grad dette. I Noreg har me andre og meir miljøvenlege utvinningsmetodar. Om Fensfeltet inneheld så mykje av desse stoffa som prøver så langt tyder på, ville det hatt ein verdi på åtte milliardar kroner i kinesisk målestokk, seier Solli.
Betyr dette ein ny gruverenessanse i Noreg?
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg har stor tru på dette, og det er fantastisk spennande å arbeide med. Ja, eg trur me får gruvesluskar i elektronisk form i alle fall, smiler han.
Feltet på Ulefoss er unikt, og det er truleg det einaste i heile Europa med så konsentrerte førekomstar av ulike viktige og verdifulle stoff.
Dette kan bli verkeleg stort, og i løpet av 2013 håpar me å ha fleire samarbeidspartnarar med i jakta på rikdomane, seier ein oppglødd gründer frå Skafså.