Formannskapet og representantar frå kommuneadministrasjonen fekk høyre om ein hektisk arbeidsdag for dei tilsette ved bustaden for mindreårige flyktningar.
Formannskapet og representantar frå kommuneadministrasjonen fekk høyre om ein hektisk arbeidsdag for dei tilsette ved bustaden for mindreårige flyktningar.

Ungdomane trivst på Kyrkjejordet

Fem unge gutar har funne seg godt til rette i den nye heimen sin i Seljord. Men frå neste år blir bustaden mindre bemanna på grunn av nye tilskotsreglar.

Formannskapet og representantar frå kommuneadministrasjonen i Seljord blei førre torsdag invitert til heimen for mindreårige flyktningar i Seljord. Avdelingsleiar Geir Jensen ynskte representantane velkomne til bustaden på Kyrkjejordet i Seljord sentrum. Ungdommane sjølv var ikkje heime, dei går på vidaregåande skule i Seljord.

– Alle gutane er 2001-modellar og starta på ungdomsskulen då dei kom til oss. Nå går ein går på restaurant og matfag og dei fire andre gutane på medier og kommunikasjonslina her i Seljord, kunne Jensen fortelje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fem gutane som kom til Noreg og Seljord hausten 2016 budde fyrst i fyrsteetasje i bygningen Sjukehuset Telemark eig der Distriktspsykiatriske held til i andre høgda. I juni i sommar dei til huset på Kyrkjejordet. Seljord kommune har ansvaret for dei fem ungdommane i fem år, og får også støtte for dei denne perioden.

Tilskotet minkar

Så langt har den nye heimen til ungdommane blitt bemanna med to vaksne i samanhengande døgnturnus delt frå måndag til onsdag, onsdag til fredag og frefredag til måndag. Dei vaksne fungerer som eit foreldreteam der dei må ta hand om alt frå daglege gjeremål som rapportskriving, husarbeid, klesvask og innkjøp av mat til oppfylging av lekser, helsetenester, ulike fritidsaktivitetar og dugnadsarbeid, som mellom anna er knytt til fotballaget der alle gutane er med.

Formannskapet i Seljord fekk sjå korleis dei fem ungdommane bur i bustaden for mindreårige flyktningar og blei vist rundt i heimen av avdelingsleiar Geir Jensen (t.h.). Gunnar Eilefstjønn (H, t.v.)) og ordførar Halfdan Haugan (Ap).
Formannskapet i Seljord fekk sjå korleis dei fem ungdommane bur i bustaden for mindreårige flyktningar og blei vist rundt i heimen av avdelingsleiar Geir Jensen (t.h.). Gunnar Eilefstjønn (H, t.v.)) og ordførar Halfdan Haugan (Ap).

– Huset er ein hyggeleg heim. Ungdomane gledde seg til å flytte frå den fyrste heimen som var svært institusjonsprega, men sakna han også litt då dei flytta inn her. Dei er fem flotte gutar som har sin kultur, men dei er gode vener, fortel Jensen.

Han fortel om interesserte og læreviljuge ungdommar som brukar mykje tid på lekser og fotball. Fleire har også fått seg jobb på kveldar og helger i Seljord.

– Me jobbar for å skape tryggleik og lage ein god heim for ungdommane. Målet vårt er at gutane skal bli gode i norsk, bli trygge og ha eit godt bilde av den nye heimstaden slik at dei flyttar tilbake til Seljord til dømes etter at dei er ferdig utdanna. Det er me som er limet i livet deira nå og som gjer vårt for at dei skal snakke norsk, bli trygge og trivast, seier Jensen.

Færre tilsette

Seljord kommune vedtok at dei skulle ta imot ti mindreårige flyktningar, men har fått fem. I dag er det ni tilsette som er knytt til bustaden for mindreårige flyktningar i Seljord, men neste år blir dei redusert til seks tilsette – kvar av dei i 80 prosent stilling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var ved årsskiftet endringane tredde i kraft. Jensen fortel at då Seljord fyrst tok imot dei mindreårige flyktningane hadde dei ei refusjonsordning med Bufetat og barnevernet, men frå 1. januar 2017 blei dette endra til direktetilskot per einsleg mindreårige kommunen har.

– Det gjer ein liten kommune som vår veldig sårbar. Me får om lag 1,2 millionar kroner per ungdom per år men når dei fyller 17 år blir tilskotet redusert til om lag 750 000 kroner per ungdom, seier Jensen.

Han fortel at dette vil føre til at Seljord kommune vil få 2,25 millionar kroner mindre i tilskot frå neste år.

Utfordrande

– Kva gjer me? Det vil føre til ei kraftig nedbemanning i heimen, dessverre. Det er tøft, men me må halde på å skape ein trygg heim for dei unge, seier Jensen og innrømmer at det har vore ei kjempeutfordring.

– Me må gå ned på bemanning, og kan ikkje lenger ha to vaksne på arbeid til kvar tid. I tida då ungdommane skal vere på skulen vil det mellom anna ikkje vere folk i huset for å gjere oppgåvene som i dag blir gjort. Neste år har me totalt 3,7 millionar kroner som skal dekkje drift, lønsutgifter, mat og alt knytt til heimen, seier Jensen.

Seljord kommune har ansvar for dei fem ungdommane i fem år – det vil seie fram til 2021.

Jensen er tydeleg på at det har vore viktig for han og kommunen at når ein fyrst skulle ta imot mindreårige flyktningar, skulle ein gjere dette skikkeleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er spente på korleis det vil gå neste år, men me får gjere det beste ut av det, seier Jensen.

Ei mogleg løysing for å skaffe nye inntekter til bustaden er om kommunen får nye ungdommar til huset og nye tilskot.

Jensen fortel at bustaden kan ha maks seks ungdommar. Og om ein av dagens ungdommar ynskjer å flytte på hybel for skulegang, hadde ei løysing vore at heimen kunne fått inn nye ungdommar som kunne busetje seg i huset, og kommunen fekk nye tilskot for yngre ungdom.

– Korleis er utsiktene for det, spurde ordførar Halfdan Haugan (Ap).

– Dei er lik null, dessverre. Nå kjem det berre kvoteflyktningar til Noreg, seier Jensen.

– Men bustaden for mindreårige flyktningar er ein god driftsmodell, men han blei litt annleis enn det me såg for oss, la kommunalsjef for undervisning, Ronde Schade, til.