Sidan Signe Raftevold Rue gjekk i 2. klasse på barneskulen har ho hatt Keith Griggs som pianolærar. No er det slutt på samarbeidet.
Sidan Signe Raftevold Rue gjekk i 2. klasse på barneskulen har ho hatt Keith Griggs som pianolærar. No er det slutt på samarbeidet.

Farvel til Griggs med Grieg

I 11 år har Signe Raftevold Rue tatt pianotimar med Keith Griggs. No gjev Griggs seg som kulturskulelærar, medan Rue snart flyttar til Lofoten.

Keith Griggs gjev seg etter 15 år som lærar i kulturskulen i Seljord. Rektor Tore Sognefest takka for innsatsen mot slutten av tysdagens kulturskulekonsert. Griggs understreka at han framleis kjem til å vera i Seljord der han er tilsett som kantor.

– Det er vemodig å seie farvel til elevane, uttala Griggs.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein av elevane er Signe Raftevold Rue frå Flatdal. Ho byrja med piano i andre klasse på barneskulen. Tysdag framførte ho Sommerfugl og Haugelåt-halling av Grieg med pianolæraren på fyrste rad.

Dei tre siste åra har ho gått på Kvitsund gymnas, og med pianolæraren busett i Kviteseid har vegen vore kort til å halde fram samarbeidet.

– Keith har vore kjempeviktig for meg. Han har vore tolmodig og ein stor inspirasjon, er attesten frå eleven.

Anna Nenseter og Elin Reinstaul framførte songen «Say Something» tysdag.
Anna Nenseter og Elin Reinstaul framførte songen «Say Something» tysdag.
Ina K. Vefall framførte 4. sats frå Dvorak sonatine.
Ina K. Vefall framførte 4. sats frå Dvorak sonatine.

– Ho har alltid kome kjempegodt førebudd til timane. I alle fall nesten alltid, smiler læraren.

– Kvifor blei det piano på deg?

– Eg har ei «felemor» og ein «felebror», men fele var ikkje noko for meg, så det blei piano, smiler Rue, og viser til mor Torunn og bror Bjønn.

No skal Griggs konsentrere seg heilt og fullt om jobben i kyrkja, medan Rue flyttar nordover.

– Eg skal på friluftslivsline på folkehøgskulen i Lofoten, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var i alt 16 innslag på den akustiske konserten på Granvin kulturhus tysdagskvelden. I tillegg til piano, var det elevar med hardingfeler, fiolin, klarinett, trompet og song på scena.