Barnekoret frå 4.–7. klasse. Til venstre er stipendvinnar Ina Kathrine Vefall, like ved Kathrine Samland.
Barnekoret frå 4.–7. klasse. Til venstre er stipendvinnar Ina Kathrine Vefall, like ved Kathrine Samland.

Dei unge sin store kveld

På konserten til Seljord kulturskule fredag var det heile 29 forskjellige innslag. Ein tredel av alle elevane i kommunen har delteke på det kommunale musikalske tilbodet denne sesongen.

120 unge frå seks til nitten år har delteke i Seljord kulturskule sidan sist haust.

– Me har jamn rekruttering, og nesten ikkje venteliste. Det er mange talent her, men me må dyrke dei fram og gje dei gnisten, seier kulturskulerektor Tore Sognefest.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med så mange i kulturskulen er det ikkje plass til alle på ein konsert, og derfor er det fleire slike arrangement gjennom sesongen. Fredag var det klart for sommarkonsert med 29 forskjellige innslag på Granvin. Midt mellom dei overrekte Seljord-ordførar Halfdan Haugan Drømmestipendet på 10 000 kroner til Ina Kathrine Vefall – ein av 100 norske unge søkjarar og musikarar som har kome gjennom nålauga hos ein jury og sit att med ei slik utmerking for 2017.

Betydd veldig mykje

– Me bør eigentleg vere kjempestolte i Seljord som har så flott kulturskule, innleia ordføraren, før han ropa fram ein stipendvinnar som har delteke på det kommunale tilbodet i årevis.

– Kulturskulen har betydd veldig mykje for meg – samarbeidet med andre, å lære instrument og stå på scena, sa Vefall, etter å ha fått diplom og pengegåva.

Sunniva Åfløy Bredesen (t.v.), Mikael Engebretsen, Mathilde Hagen-Nielsen, Åsne Langesæter og Celina Lauvstad.
Sunniva Åfløy Bredesen (t.v.), Mikael Engebretsen, Mathilde Hagen-Nielsen, Åsne Langesæter og Celina Lauvstad.
Elisabeth Østensen.
Elisabeth Østensen.
Kristian Berntzen (t.v.), Ivar Torsdalen, Sander Tørrem og Selma N. Jensen.
Kristian Berntzen (t.v.), Ivar Torsdalen, Sander Tørrem og Selma N. Jensen.
Ingrid Andrup (t.v.) og Maren J. Sigstad.
Ingrid Andrup (t.v.) og Maren J. Sigstad.
Gustav Endresen (t.v.) frå Vinje og Jon Grøstad Jonsen frå Tokke var også med.
Gustav Endresen (t.v.) frå Vinje og Jon Grøstad Jonsen frå Tokke var også med.
Julie N. Nilsen.
Julie N. Nilsen.
Lotta Maylen Finseth.
Lotta Maylen Finseth.

Sju år gamal byrja ho med fiolin, og fire år seinare blei det piano. Neste var gitar, så song og i seinare tid har ho vore med på musikkproduksjon.

– Eg vil takke alle kulturskulelærarane – og for stipendet. Det er veldig hyggeleg å bli satt pris på, sa det musikalske talentet, som nå har plan om å studere i Kristiansand, men kanskje kjem tilbake som lærar i Seljord kulturskule ein dag?

Flink gjeng

Mange av innslaga på konserten var det jenter som stod bak. I det store barnekoret med elevar frå 4. – 7. klasse er alle utanom éin av dei jenter.

– Den gjengen er veldig flinke, seier kulturskulerektoren.

Det er ikkje vanskeleg å vere einig med han i det, etter songprestasjonane denne gruppa hadde frå scena – som så mange andre denne kvelden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire band deltok, og det eine av dei blei til i løpet av dei to siste dagane før konserten.

Ein del av elevane spela piano, andre brukte trompet, fiolin, gitar eller fele.

– Det er litt generasjonsskifte på hardingfele – me byggjer opp ei ny stamme, seier Sognefest.

Ståande applaus

Det var ikkje bare dei unge som fekk stor applaus etter konserten. Då kulturskulelærarane blei bedne om å kome på scena, reiste publikum seg og applauderte.

Det er 13 lærarar fordelt på 4,5 årsverk i kulturskulen – nokon er i små stillingar.

– Det er veldig viktig for kulturskulen at me har den stabiliteten blant lærarane, og at dei trakterer ulike instrument. Eg har vore kulturskulerektor sidan 2006, og ennå ikkje tilsett nokon nye i ei fast stilling, seier ein nøgd Sognefest.