Malin Aarhus Olsen (t.v.) har blitt Beatles-fan etter arbeidet fram mot tysdagens konsert i Granvin.
Malin Aarhus Olsen (t.v.) har blitt Beatles-fan etter arbeidet fram mot tysdagens konsert i Granvin.

Beatlemania på Granvin

Beatles-konserten i Seljord vil bli hugsa i lang tid.

Publikum visste å setje pris på dei musikalske elevane frå Seljord kulturskule og folkehøgskulen i bygda. Om det kanskje ikkje var heilt dei same tilstandane og hysteriet som Beatles skapte på 60-talet, gav publikum ein applaus som sa meir enn takk for opplevinga.

Frå kulturskulebandet Hep Zone drog i gang med «Eight days a week» var tonen sett for tysdagskvelden. Den andre kulturskulegruppa «Binders» framførte tittelsporet på konserten «Come together». Også elevar frå folkehøgskulen bidrog til ein flott kveld i kulturhuset i Seljord, både med a cappella- og visegruppe.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På ein slik kveld er det fantastisk å vera lærar i Seljord kulturskule, utbraut Jo Henning Kåsin etter konserten.

Saman med Oddbjørn Aase hadde han hovudansvaret for konserten, som elevane på førehand hadde varsla skulle bli den største og beste konserten i regi av kulturskulen.

– Kvart år har me ein rytmisk konsert. Det betyr ikkje at alt anna er urytmisk, men band er i fokus. Eg er litt over gjennomsnittet opptatt av Beatles, og me fann ut at ein Beatles-konsert passa godt, sa Oddbjørn Aase før konserten.

Mållaus rektor

Kulturskulerektor Tore Sognefest sette ord på det med ein parallell til heimbyen Bergen etter at applausen hadde lagt seg.

– Eg er som sportsklubben Brann; heilt mållaus, sa bergensaren med glimt i auga.

Malin Aarhus Olsen (14) er blant elevane som har fått eit nytt syn på den verdskjente gruppa frå Liverpool etter at dei byrja arbeidet med konserten etter jol.

– Eg hadde ikkje høyrd så mykje av Beatles før konserten, og har tenkt at det ikkje var noko fin musikk. Men det er jo så utruleg mykje bra og fascinerande, seier ungjenta som gav alt på scena, og som ikkje eingong let seg sette ut av at reima til bassen rauk i den fyrste låta.

Ho trekkjer fram «Helter skelter» og «Come together» som sine nye favorittlåtar, og var strålande fornøgd med konserten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var fantastisk moro, men kva skal me finne på no, spør ho med eit smil.

Aarhus Olsen spelar i flatdalsbandet «Binders». Ho skriv nokre låtar sjølv, men mest spelar dei coverlåtar. Håpet er at dei kan ha eigen konsert, kanskje til sommaren.

I det same bandet spelar Jon Olav Svartdal (13). Sjølv om det ikkje er Beatles han høyrer mest på til vanleg, har også Svartdal fått sansen for «the Fab Four».

– Både øvingane og konserten har vore veldig moro å vere med på, seier han.

Hans Olav Slettebø har også lært å kjenne Beatles gjennom to månadars førebuingar.

– Før det hadde eg ikkje stor kjennskap til Beatles. Favorittlåten er »Yesterday», seier 15-åringen.