95-åringen les framleis opp mot hundre bøker i året.
95-åringen les framleis opp mot hundre bøker i året.

«Eg blir aldri lei av pensjonistlaget»

Liv Tengren var leiar i Seljord pensjonistlag i 27 år. Det byrjar å bli ei stund sidan, men ho er framleis både aktiv og engasjert. 25. september fylte ho 95 år.

Den trufaste VTB-lesaren har kanskje lese om Liv før. Det blir litt avisomtale av å leie eit aktivt pensjonistlag i så lang tid. Då ho gjekk av som leiar blei ho gjort til æresmedlem i laget, og alt i 1989 fekk ho som fyrste kvinne Seljord kommunes kulturpris. Liv hugsar framleis godt det fyrste pensjonistlagsmøtet ho var med på.  

– Det var på skulen, hugsar eg, og Sigurd Telnes viste lysbilete.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seinare blei det mange møte. Ho fortel at laget var veldig aktivt, og dei var mange som var engasjerte.

– Ja, det fortener me litt skryt for. Me hadde faste treff på Borgen då me serverte kaffi eller mat. Eg var også veldig flink til å nytte lokale ressursar, og folk stilte opp. Ein kan jo ikkje berre vere leiar, ein må gjere ting også, seier Liv.

Laget arrangerte både symjing og gymnastikk, teater og dans for pensjonistane i Seljord.

– Når me hadde dans var det faktisk nokon som meldte seg ut av laget, men dansen var heilt uskuldig altså, seier Liv med eit smil.

Då VTB kjem på besøk heim til henne i Prestegardsvegen har ho dekt på med sveler, kaffi og brus, og funne fram gamle utklypp frå VTB og TA. Det eine utklyppet er frå 1990 og viser pensjonistane på tur til Nordkapp.

 – Tre gonger var me der. Eit år reiste me saman med pensjonistlaget i Bø og Sauherad, eit anna år med pensjonistlaga frå Vest-Telemark. Eit år var me til Åland også. Me låg på fine hotell og hadde det veldig sosialt. Me reiste på så mange turar. Ja, eg trur ikkje det er den plass me ikkje har vore, fortel ho.

Ho blei aldri lei av pensjonistlaget, men eit kraftig hjarteinnfarkt gjorde at ho valde å gje seg som leiar.

Leseslave

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg går framleis på møte i pensjonistlaget. Det er moro å kome ut og treffe folk, men eg høyrer så dårleg. Om folk sit litt vendt bort, blir det fort vanskeleg å få med seg kva som blir sagt. Når eg ser Dagsrevyen har eg det så høgt at andre må reise, seier Liv og ler.

Ho har alltid lika å følgje med, og samfunnsengasjementet er der framleis. Ho røysta ved valet, og følgjer spent med på korleis regjeringsforhandlingane går.

– Eg ser på Dagsrevyen kvar dag. Det må eg, men etterpå er det stort sett ikkje noko å sjå på. Då slår eg av og set meg godt til rette i sofaen under leselampa med ei bok. Det er dagens høgdepunkt, smiler Liv.

Akkurat no les ho Hesteviskaren, og for ikkje så lenge sidan las ho Profetene i Evighetsfjorden av tidlegare sambygding Kim Leine. Ho har alltid vore glad i å lese, og les opp mot hundre bøker kvart år.

– Bøker er hobbyen min. Eg har byrja å sjå litt på sport også, handball og fotball, og det hender eg ser ein film eller ein serie, men nokon TV-slave er eg ikkje. Nei, då er eg heller leseslave, ler Liv, som håpar ho får ei ny bok til bursdagen.

Feira med familien

Opphaveleg kjem ho frå Gjøvik, men sidan 1957 har Seljord vore «heime». Ho har fire barn, ti barnebarn, fjorten oldebarn og to tippoldebarn. I dag bur ho aleine, og klarer seg fint sjølv.

– Eg står opp og kokar meg kaffi, seinare gjer eg litt husarbeid og lagar formiddagskaffi. Etterpå går eg meg kanskje ein tur, men då brukar eg rullator. Eg lagar middag kvar dag. Ja, potet må eg ha, fortel 95-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har mykje besøk av familien, og skryter av kor flinke dei er til å hjelpe henne. Den store dagen blei feira med middag på hotellet saman med familien, etterpå var det kake og kaffi heime hos jubilanten. I alt var dei 34 gjester.

– Det blei sju kaker, men eg har ikkje baka ei einaste sjølv. Det er det familien som gjer, seier jubilanten med eit smil.