Prosjekt Vest-Telemark, fotballskule i Åmot med trenarar frå Colchester
Prosjekt Vest-Telemark, fotballskule i Åmot med trenarar frå Colchester

Ungdomen trenar som proffar

Mål: Tippeligaen og toppserien skal ha spelande vesttelar i løpet av ti år. Eit middel for å nå målet er fotballskule med engelske proff-trenarar.

«You said you could do it fast! Well, come on, then!» 

Dei leikar ikkje fotballtrening, dei engelske proff-trenarane frå Colchester. Engelskmennene er hyra inn som trenarar på fotballskulen i regi av Prosjekt Vest-Telemark. Satsinga har som mål å styrke fotballen i Vest-Telemark, og er eit samarbeid mellom idrettslaga Rein, Vinje, Dyre Vaa, Åmdal/Tokke, Fyresdal, Kviteseid og Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så snart skal det vera fleire spelarar frå Vest-Telemark i tippeligaen?

– Ja, og i toppserien for kvinner. Trenarane skryter veldig av jentene som er med. I løpet av ti år er målet å ha spelarar frå Vest-Telemark i dei øvste divisjonane, seier Øyvind Kili, som er tilsett som spelarutviklar i prosjektet.

(Sjå fleire bilde frå fotballskulen vedå klikke her!)

Terpar på teknikken

Det er andre året prosjektet arrangerer ein slik fotballskule. Det er ikkje vanskeleg å få engelskmennene til å koma – dei er nemleg bergtekne av omgjevnadene, i tillegg til å vera imponerte over engasjementet til både spelarane og foreldra deira.

– Dei seier dei ser tydeleg at både barn og foreldre engasjerer seg. Dette er ikkje ungar som blir sleppte av på trening slik at foreldra kan dra og handle, seier Kili.

Når VTB er innom er det teknikktreningar over heile banen, i mange ulike grupper. Deltakarane er alt for opptekne til å snakke med pressa. Dei har viktigare ting å gjera. Dessutan krev det litt ekstra konsentrasjon når trenaren snakkar engelsk. Men det er ikkje noko problem, forsikrar Kili.

– I fjor hadde me tolkar, i år har me ikkje det. Ein kjem langt med den engelsken ein kan og kroppsspråk. Det er god trening i å kommunisere på engelsk òg, slår han fast.

Påfyll for trenarar

Heile pinsehelga var sett av til trenarbesøket. Fredag var det trenarforumet som hadde møte med engelskmennene. Fleire av trenarane gjev tilbakemeldingar om at spelarane ynskjer meir opplegg, meir teknikk på treningane etter at Prosjekt Vest-Telemark tok til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle treng påfyll for å utvikle seg fagleg, også dei vaksne, seier Kili.

Entusiasme

Ved sida han står Åse Wiik Slåtta, leiar i fotballgruppa og prosjektleiar for Prosjekt Vest-Telemark. Ho fortel at ho aldri har vore vidare interessert i fotball.

– Men dette er kjempemoro å vera engasjert i – fordi dei unge synest det er så moro! Dei synest det er heilt topp, og då synest eg også det, seier Slåtta.

For det er dei unges entusiasme og engasjement heile prosjektet handlar om. Det er trass alt ikkje foreldra deira som skal spele fotball.