30 år sidan
Les meir på VTB.no
Gled dykk alle countryfans! Bobby Bare og Wendel Atkins kjem til Dalen under årets «Tokke Countryfestival»! For å få den aldrande superstjerna Bobby Bare flyboren til utescena på Dalen må tilskiparane ut med heile 10 000 U.S. Dollar. Men kva gjer ein vel ikkje for å setje ei skikkeleg ramme rundt ei tilstelling det knyttar seg så store forventningar til? Stormsuksess i fjor, både økonomisk, kunstnarisk og Og med namn som Bare, Atkins, Spelemannsprisvinnarar Ottar Big Hand Johansen, Claudia Scott og Casino Steel, TJ. and The Stright Shot, kan det ikkje verta dårlegare i år. Som eit ekstra trekkplaster vert det truleg arrangera Telemarksmeisterskap for countryartistar med 8.000 kroner og opptreden laurdagskvelden i premie for vinnaren. Arrangørane er optimistar og reknar med at minst 10 000 menneskje vil finne vegen til Dalen helga 4. til 6. juli. Og sidan budsjettet er på godt over 1 million kroner trengst det verkeleg folketilstrøyming.
– Du må koma her å sjå på det flotte kjøkenet me har fått her på prestesenteret, sa sokneprest Bernt Olav Karlsen i Tokke då me møtte til seinste kommunestyremøtet i Tokke på soknehuset på Dalen. Presten tala som alltid sant, for kjøkenet var verkeleg fint. Dette fatta bladfykens interesse, og her om dagen vitja me «prestekjøken» snikkaren Kåre Kyrkjebø i Skafså. Me blir ikkje møtt av eit tipp topp moderne fabrikkbygg med lysande reklameskilt på utsida, men like bortanfor Svingen Landhandel held Kyrkjebø til i eit hus han bygde alt i 1952. Kyrkjebø gjekk fire år på yrkesskulen i Lunde før han tok til med snikkering, og det var bygningsarbeid han byrja med.