Opnar armane og bygda for flyktningane
Snart flyttar ein syrisk familie med mor, far og sju barn til Haukeli. Seinare kjem endå fleire – og gode krefter i bygda er klare til å ynskje dei velkomne.
Tidleg på 90-talet blei mange bosniske flyktningar frå krigen på Balkan busett i Haukeli og Edland. I dag er det vanskeleg å sjå for seg korleis samfunnet der hadde vore utan desse nye innbyggjarane. Familiane blei buande, og har slått rot i Øvre Vinje.
På den tida var Gyri Midtveit, Åste Nedler Haugen og Guro Kili unge vaksne og hadde flytta frå heimbygda. Dei hugsar difor ikkje korleis det var då det kom flyktningar til Edland for fyrste gong. Men dei veit at dei har lyst til å bidra til at dei nye flyktningane som snart kjem til bygda skal få like lyst til å bli buande. I løpet av oktober kjem ein syrisk familie på ni – mor, far og sju barn – flyttande til Haukeli frå ein flyktningleir i Libanon. I løpet av neste år kjem det fleire.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me vil at dei som flyttar her skal trivast og at dei skal ha lyst til å bli her. Me treng fleire barn på fotballaget, fleire elevar i skulen, seier Gyri Midtveit.
Ho er leiar i IL Rein og ein av dei som har meldt seg til å sitje i eit integreringsutval, der bygdefolk som har lyst til å gjera ein innsats for at overgangen skal bli lettare for dei nyinnflytta kan melde seg til teneste.
– Vanskeleg å bli integrert
Kristina Vaitkuviene har også meldt seg. Ho veit godt korleis det er å koma til Haukeli med eit anna språk og ein annan kultur. Den litauske familien flytta til Haukeli i 2008. Det var ikkje berre lett.
– Eg syntest det var vanskeleg å bli integrert, sjølv om eg snakka godt engelsk. Det er mange som er lukka, kanskje litt skeptiske til det som er nytt, seier Vaitkuviene.
Ho trur på tett oppfylging – så sant dei som kjem hit ynskjer det.
– Det er viktig at nokon fylgjer med. At ein ikkje berre hjelper til med å flytte inn og så seier «ha det, me sjåast vel på skuleavslutning», meiner ho.
– Edland er også ein del av verda
Åste Nedler Haugen og Guro Kili er også blant medlemmene i gruppa, som førebels ikkje har hatt noko ordentleg møte. Totalt er dei 6-7 personar så langt, og håpar at endå fleire har lyst til å stille opp.
– Eg er med fordi eg er positiv til nye menneske. Eg har ikkje noko særleg djupare forklaring enn det, ler Haugen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kili håpar ei slik gruppe kan bidra til haldningsendring hos dei som er skeptiske.
– Ein må gå inn i dette med ei positiv haldning. Me må ikkje bruke så mykje krefter på å tenkje på at nokon kanskje har negative haldningar, men heller tenkje på dei positive kreftene som faktisk er ein ressurs, meiner Kili.
– Ungane her har godt av å bli kjent med folk som kjem frå andre kulturar. Edland er også ein del av verda, seier Midtveit.
Vil høyre frå alle
Dei vil søkje erfaringar hos dei som kom frå Bosnia til Haukeli på 90-talet og høyre kva dei trur er viktig å tenkje på.
– Me ynskjer oss innspel frå det breie lag av bygda her! Både eldre og unge. Og me må lære om erfaringane i Åmot, der integreringa også har vore vellukka, seier damene, og peikar mellom anna på prosjektet med Levande bok-kveldar, der dei som har kome til Vinje frå eit anna land fortel historier – anten om bakgrunnen sin, eller om det dei vil.
Dei gler seg til å bli kjent med dei nye innbyggjarane og til at dei nye skal bli kjent med bygda og kulturen dei kjem til. Familien som kjem i oktober har barn i alderen 3 til 19 år.
– Det blir spennande å sjå kven dei er og kva for interesser dei har, smiler Vaitkuviene.
Artikkelen held fram under annonsen.
Byggjer to- og firemannsbustader i Haukeli
Familien som kjem i oktober skal bu i eit hus kommunen har kjøpt av Knut Olav Edland. Så skal det også opp nye bustader i to av dei kommunale bustadfelta. På oppdrag frå kommunen skal Boinnova Smart Living AS byggje éin firemannsbustad i Slobrekk og to tomannsbustader i Øvre Heddebru. Opphavleg var planen to firemannsbustader i Slobrekk, men etter tilbakemeldingar frå innbyggjarane gjekk kommunen vekk frå dette. Den to-etasjars firemannsbustaden ligg i skrånande terreng og har inngang på båe plan. Tomannsbustadene blir bygde på eitt plan.
Boinnova kjøper tomter av kommunen og byggjer dei åtte bustadene med støtte frå Husbanken. Vinje kommune har inngått leigeavtaler som gjer at dei har tildelingsrett på alle dei nye bustadene. Kommunen vil også leige ut til andre grupper med låg betalingsevne, som minstepensjonistar og ungdom i etablerarfasen, opplyser assisterande rådmann Anders Sandvik.
– Leilegheitene på rundt 65 kvadratmeter vil vere eit etterspurd supplement i bustadmarknaden i Vinje. Vinje kommune vil også ha høve til å leige ut til andre grupper med låg betalingsevne, slik som til dømes minstepensjonistar eller ungdom i etablerarfasen, seier Sandvik.
Det har vore tre møte i Haukeli mellom kommunen og naboar.
– Det var ampert på det første møtet. Det var vår feil. Me hadde ikkje informert godt nok. Då er det fort gjort at det byrjar å gå rykte, seier Sandvik, som også beklagar at dei gløymde å annonsere for møtet.
Han meiner stemninga har snudd, og at dei fleste no er positive til å bidra til at flyktningane skal trivast:
– «Me har greidd det før og skal få det til no også» er haldninga, seier Sandvik.
Haukeli hotell har stilt lokale til rådvelde og har vore ein veldig positiv bidragsytar, ifylgje Sandvik, som fortel at hotelldirektøren har sagt at hotellet vil vere med og arrangere velkomstfest for flyktningane. Han blir også med i integreringsutvalet.