Etter å ha kome fram frå buskane var Olav Torgeir Metveit og Annes svigerinne, Liv Valebjørg, klare med klemmar til jubilanten.
Etter å ha kome fram frå buskane var Olav Torgeir Metveit og Annes svigerinne, Liv Valebjørg, klare med klemmar til jubilanten.

Bursdagsfeiring heilt på topp

Anne Skomdal Valebjørg fekk ein original vri på 60-årsfeiringa. Jubilanten var på topptur, og blei overraska av gjest etter gjest innover heia.

Jørund Valebjørg møtte heller laber interesse frå kona Anne då det blei snakk om feiring av 60-årsdagen hennar.

– Ho ville ikkje feire. Då eg nemnde på å ta ein topptur saman med dei tre barna våre, syntest ho ikkje det var så gale, seier Jørund om den svært naturglade betre halvdelen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Turen blei planlagt å gå frå Valebjørgheia, over Maurdalsrista, gjennom Gråstakk, over grensa til Nissedal kommune og ned til Støyldalen, ei ferd på fem timar ved roleg gange.

– Anne veit ikkje kva som skjer på turen eller kven som er invitert. Men ho veit at det blir middag i Bestestøga på Fjone. Og me har sagt til ho at det kjem mellom 50 og 100 gjester, seier Jørund.

I Annes ånd

Utan at Anne visste noko som helst om det som venta, blei gjestene halvtimen før plassert ut to og to innover i det vakre fjellterrenget.

Bursdagsgjestene Sven Lie og Tove Valebjørg hadde gøymt seg bak ein stein i heia då Anne Skomdal Valebjørg skulle på topptur med familien.
Bursdagsgjestene Sven Lie og Tove Valebjørg hadde gøymt seg bak ein stein i heia då Anne Skomdal Valebjørg skulle på topptur med familien.
Anne er svært glad i å gå toppturar. Mange gjester som overraska og ei kjempetriveleg feiring utover laurdagen gav ei oppleving for livet.
Anne er svært glad i å gå toppturar. Mange gjester som overraska og ei kjempetriveleg feiring utover laurdagen gav ei oppleving for livet.

Blant dei fyrste gjestene var fyresdølen Sven Lie og Tove Valebjørg frå Kragerø. Tove og ektemannen har i årevis hatt den gamle skulestoga på Valebjørg som hytte, og slik blei ho kjent med Anne og Jørund.

– For at gjestene skal bli betre kjent med kvarandre er det laga ein miks. Derfor står eg her med Sven, og ektemannen min er lenger oppe i heia, seier Tove.

Alle dei 27 gjestene som blei plasserte på kvar sine område i fjellheimen er glade i å gå på tur.

– Dette er eit veldig bra tiltak, seier Tove.

– Ja, dette er ei fin greie, og det ligg i Annes ånd, legg Sven til, før båe går for å gøyme seg bak ein stor stein for plutseleg å sprette fram når jubilanten kjem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stornøgd jubilant

Bladfyken har gøymt seg eit stykke unna i eit kratt og lyngområde som i ventetida etter kvart skulle vise seg å vere full av maur. Ikkje lett å halde kameraet stille då innvandringa tok til for fullt, men kva må ein utskremt ikkje gjennom.

Anne går fyrst i fylgjet, og like ved steinen sprett to gjester fram. Slik fortset det både her og der oppover heia til heile gjengen er samla ved fyrste varden på Maurdalsrista.

Men korleis opplevde eigentleg Anne det som skjedde? Like etter starten av turen i eit kliss regnvêr såg ho plutseleg to personar kledd i regnutstyr, fortel ho dagen etterpå til lokalavisa.

– Kven i all verda er dette som har forvilla seg inn her i regnvêret?, tenkte ho.

– Nesten for kvar gong skvatt eg då det dukka opp endå fleire folk, seier Anne.

– Dette var veldig triveleg og eit heilt supert påfunn, held ho fram.

Vel framme på Fjone blei det etter middagen musikk og bildeserie frå Anne var lita. Deretter var det køyretur tilbake på Valebjørgheia og feiring på Fiskebustøylen. Der blei det kaffi, kaker og feiring til lenge etter at eventuelle reinsdyr i nærområdet nok hadde lagt seg. Og Anne fekk ei uforgløymeleg stund då eine dottera song for henne.

Dagen derpå er bare heilt fantastisk å mimre om for Anne om alt rundt gebursdagsfeiringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har aldri høyrt om eit slikt opplegg og selskap før, og kjem aldri til å gløyme dette. Eg trur eg må ta meg ei veke fri frå jobben i skulen og fordøye alt som skjedde. Eg får nesten gråten i halsen no når eg pratar med deg, avsluttar Anne, etter ein dag heilt på topp.