Høyringssvar: Forskrift for løypenett for snøskuter i Vinje

Forskrifta er omfangsrik, eg tek berre tak i noko. Å gje eit høyringssvar er som å sukre eller salte maten, kokken er ferdig og retten er på bordet. Retningslinene i forskrifta er lagd. Det nye er dagleigeløyver. Dette er vel for å stette kravet om almen tilgang for snøscooter-køyrar busett utanfor Vinje kommune. Ved full utnytting av løyvekapasiteten vil det sei at ein mellom nyttår til fyrst i mai vil sleppe til 2500 snøscooterar i traséane i tillegg til dei som har løyve som grunneigar, er medlem i snøscooterklubb eller er næringsdrivande med turistløyve. Det kan bli eit stort press på naturen dersom det blir få stader i Sør-Noreg som får løypetraséar. At grunneigarane i Vinje vederlagsfritt vil sleppe til ein slik kommers kan ein undrast over. Eg synes elles ein kunne variert mengda løyve i høve til helger og ferietider slik at ein auka dei i desse tidene og minka dei elles i veka . Dette ville kunna gjera tilsynet med køyringa meir effektiv. Eg tek med slutninga frå Faun rapporten (som saumfor naturmangfaldet) 022- 2014 i pkt. 5 Samla vurdering der dei skriv:

«Det er grunn til å rekne med at skutertrafikken kan kome til å auke i åra som kjem. Til nå har det opne (raude) løypenettet vore reservert dei som bur i kommunen. I lovforslaget frå klima og miljødepartementet er det skrive at restriksjonar på bruken av løypenettet må vera objektive og ikkje diskriminerande. Det er derfor grunn til å rekne med at løypenettet vil bli ope for alle, også for dei som ikkje bur i Vinje eller har hytte i kommunen. Grunneigarar stilte i si tid krav om at løypene bare skulle vera for innanbygdsbuande som vilkår for å godkjenne kjøring over sin eigedom. Om dette nå vil gje endringar i løypenettet står det att å sjå.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå tidlegare var snøscootertraséen Hyllandshylen - Bøgrend delvis ein del av den såkalla Langesæløypa. Dette var fyri snøscooterløypa (sjå forskrift m kommentar s 13). Ein må såleis hevde at også her er skiturinteressene i førarsetet. Når løypene blir opna for almen bruk og kartfesta endrar dei karakter og blir offentleg stad jf. Politivedtektene for Vinje kommune. Myndigheitene fær såleis eit utvida ansvar.

Statlege myndigheiter har i forskrift sett forbod om snøscooterkøyring på offentleg veg. Dette er vel mest av tryggleiksgrunnar. Dei nye reglane legg opp til at det lokale vegkontoret kan gjera unntak frå hovudregelen om forbod mot køyring med snøscooter på offentleg veg. Fartsgrensa blir ved slike tilfeller sett til 30 km i timen.

Eg synes vi bør ha ei forsiktig opning til nye snøscooterforskrifter, såleis meiner eg at ei fartsgrense på 30 km i timen er ein høg fart i samband med køyring i bustad/hyttefelt og i kombinasjon med skiløyper/kryssing med snøscooter. Uhell o.a. mellom skiløypar og snøscooterkøyring er ei klein sak for snøscooterkøyringa. Av erfaring med fartsgrenser på veg ser ein at køyring ofte ligg over tillaten fartsgrense. Såleis er det vitugaste å leggje opp til ein låg fart. Også i høve til støyforureining vil ein låg fart i desse situasjonane vera gunstig då køyring på lågt turtal er støydempande. I forskrifta er det ei mengd fartsgrenser. Dette er innvikla å rette seg etter. Det bør difor skrivast inn i regelverket fyljande:

Føre kryssing eller køyring i samband med veg eller skiløyper er høgste tillaten fart 30 km i timen med full stopp føre kryssingspunktet. Dette skal merkast med farts- og stoppskilting.

Ingvald Bjaaland