Magne Skarprud i Viltnemda åtvarar mot stor elgfare langs vegen, og oppmodar bilistane i vestfylket til å vere oppmerksame og avpasse farten.
Magne Skarprud i Viltnemda åtvarar mot stor elgfare langs vegen, og oppmodar bilistane i vestfylket til å vere oppmerksame og avpasse farten.

– Køyr forsiktig!

Magne Skarprud i Viltnemnda i Kviteseid åtvarer bilførarar i vestfylket mot stor elgfare i desse dagar.

– Det er stor elgfare om dagen. Når det gjeld Kviteseid er det ingen område som utpeikar seg som mindre utsette enn andre no. Elgen finst i nærleiken av vegane i heile kommunen – frå Dalane til Fjågesund, langs E143 og Rv41, og over alt elles, seier Skarprud.

Dette gjeld ikkje berre Kviteseid, men over heile Vest-Telemark. Talet på elgpåkøyrslar har vore høgare i vinter enn det som er vanleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mykje av årsaka til dette er sno og kulde. Når det er mykje sno i høgda er det naturleg at elgen trekkjer nedover mot lågare strøk, der bilvegane òg er, seier Skarprud.

Når elg eller anna vilt blir påkøyrd, er det viltnemnda i den aktuelle kommunen som rykkjer ut. Elgen stikk som oftast til skogs om han er i stand til det. Dersom viltnemnda har mistanke om at elgen er skadd, må dei ut for å søkje og eventuelt avlive han. Ofte kan ein stadfeste at han er uskadd ved å sjå på spora i snoen og om han har starta å beite, men det hender òg at ein må søke i dagevis etter skadde dyr, fortel Skarprud.

– Det er klart det er vanskelegare både for elgen og oss no når det har vore så mykje laussno. Elgen trekker nedover til mindre snorike område, og der hamnar dei ofte i vegane. Dei gongene elgen stikk til skogs att etter ein påkøyrsel, er det vanskelegare for oss å tolke spora i all snoen, og det er dessutan tungt å gå i slik sno når ein ikkje flyt oppå, seier Osvald Åmot i Tokke viltnemnd.

Berre i januar har han fått 17 telefonar om påkøyrslar av elg og rådyr. 10 av dyra måtte bøte med livet.

– Skremt

Ofte er påkøyrslane korkje dyra eller bilføraren sin feil, men ved å senke farten kan bilføraren avgrense skadane dersom ein elg spring ut i vegen, seier Skarprud i Kviteseid.

– Har de vurdert å bruke blod i vegen som verkemiddel, slik dei prøvar andre stadar i landet?

– Nja. Ein må nesten lure på om det må til. Eg er mykje ute på ettersøk kveldar og nettar, og då blir eg heilt skremd over farten bilistane held. Fareskilta som er sett opp har liten verknad på bilistane. Dessutan er det no fare for å treffe på elgen over alt, ikkje berre der skilta står.

– Det er ikkje mogleg å lære elgen trafikkreglar. Difor vil dei alltid trekke mot dei bare vegane når tilhøva er slik dei er no, sjølv om det er farleg for dei. Ofte kan heller ikkje bilføraren klandrast for påkøyrslane, men mykje er gjort om ein senker farten, seier Osvald Åmot, som legg til at verstingane når det gjeld å ikkje ta omsyn til viltfaren er utanbygds folk som er på veg mellom aust og vest.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slapp med skrekken

Tone Marie Skogstad frå Fyresdal veit kor fort det kan gå når elgen plutseleg spring ut i vegen. Tysdag fekk ho eit ublidt møte med skogens konge.

– Han kom berre rett ut av skogen der, og sprang rett inn i bilen. Det var for seint å bremse, og det hadde ikkje nytta same kva, når det er så såpeglatt som no, peikar og forklarar Skogstad.

Ho var på veg frå Fyresdal til Tønsberg, men i Kviteseid enda ferda med smadra frontrute, knekte speglar og nedslege tak. Den digre elgoksen som sprang på Toyotaen til Skogstad blei så hardt skadd at han berre så vidt greidde å kome seg ut av vegen før viltnemnda kom og avliva han.

– Eg køyrde berre i 50-60 kilometer i timen. Hadde eg køyrd fortare, eller hadde elgen landa med beina fyrst inn frontruta, hadde eg ikkje vore meir, seier den uheldige sjåføren stille.

– Eg rakk ikkje bli redd der og då, for alt gjekk så fort. Eg er berre glad det berre er bilen som er skadd, og at eg slapp med skrekken denne gongen òg. For tjuge år sidan køyrde eg nemleg også på ein elg, den gong i Vrådal, fortel Skogstad, som berre har ein ting å seie til alle bilførarar i vestfylket:

– Ha augo alle vegar og køyr gørrforsiktig, særleg no på dette føret. Det kan vere livsfarleg når ein elg kjem i full fart ut frå skogen, så om ein ligg i åtti då har ein ikkje sjans viss elgen kjem inn frontruta.

Fleire dyr døyr på vegane i Telemark

Stadig fleire bilistar kolliderar med dyr. Dei siste to åra har talet på melde bilskadar etter kollisjon med dyr vore langt høgare enn åra før, viser tal frå forsikringsselskapet TrygVesta.

Telemark er blant fylka der talet på dyrepåkøyrslar er sterkt aukande. I fjor fekk TrygVesta meldt inn 40 prosent fleire dyrepåkøyrslar frå Telemark enn snittet for fylket i åra 2003-2008 til saman.

Artikkelen held fram under annonsen.

På landsbasis auka talet på slike skadar med meir enn 16 prosent frå 2007 til 2008. I 2009 heldt dette talet seg stabilt.

– Me registerte berre ein nedgang for heile landet på ein prosent frå rekordåret 2008 til 2009. Talet på dyrekollisjonar er derfor bekymringsfullt høgt, seier pressetalsmann Roald Stigum Olsen i TrygVesta.

Tala viser skadar og kollisjonar med alle typar dyr, ikkje berre elg, hjort og anna vilt.

– Dette er skadar meldt inn av TrygVestas privatkundar. I nokre fylke er talgrunnlaget lågt. Derfor skal me vere forsiktige med å generalisere desse tala for heile forsikringsbransjen. Men dei gjev klare indikasjonar på at talet på dyrekollisjonar er urovekkjande høgt, seier Roald Stigum Olsen.

– Tala samsvarar også godt med statistikken frå SSB, som viser at trafikken tek livet av eit stadig aukane tal dyr som elg, hjort og rådyr. I jaktåret 2008/2009 blei meir enn 7500 hjortevilt drepe i trafikken. Det er neste 500 fleire dyr enn året før, og det er det høgste talet som er registrert, seier han.

Roald Stigum Olsen seier tala gjev høve til å på ny understreke kor viktig det er å vere varsam i trafikken. Han bed bilistane vere merksame på dyr som raskt og uventa kan springe inn i vegbana. Særleg ein kollisjon med elg kan gje store skadar.

– Når ein bilist treffer eit så stort dyr som ein elg, er krafta enorm. Erfaringsmessig gjev slike påkøyrslar store materielle skadar. Det er svært dramatisk og ei sjokkarta oppleving, seier han.

Han rår bilistane til å redusere farten og vere ekstra vakne når dei ferdast langs strekningar der skogens konge ferdast.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Påkøyrslane skjer ofte utanfor tettbygd strøk, der farten er høg. Dermed aukar risikoen for førar- og passasjerskade. I tillegg kan det vera glatt på vegane, noko som gjev lang bremsestrekning. Elgen kjem brått på, og då er farten avgjerande. Derfor bør du setje ned farten og ta omsyn til skiltinga, seier han.

– I tillegg må folk vera særleg merksame når dei køyrer i grålysinga om morgonen og i skumringa om kvelden. Då er elgen mest aktiv, seier han.

Korleis unngå påkøyrslar

– Sjå etter spor i vegkanten når du er ute og køyrer. Sjølv om spora er gamle, vil det sannsynlegvis vere vilt i nærleiken. Dei held seg ofte i same område. Pass difor ekstra godt på om du ser spor.

– Senk farten!

– Pass spesielt på etter at det har blitt mørkt om kvelden og før det blir ljost om morgonen.

– Respekter fareskilta som varslar om mykje vilt i området, men hugs at dyra er over alt på denne tida.

– Den ekstreme elgfaren vil vare heilt til vêret blir litt varmare og snoen i høgda startar å smelte. Vanlegvis startar den prosessen i mars.

Kjelde: Viltnemnda.

Kva gjer du når uhellet er ute?

– Ring politiet. Dei har oversikt over viltnemnda i den aktuelle kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Gje mobilnummeret ditt til politiet, slik at dei kan gje det vidare til viltnemnda. Dei vil då kunne kontakte deg om detaljar kring påkøyrselen.

– Merk området der du køyrde på dyret. Heng gjerne opp ein plastpose eller liknande. Då blir det lettare for viltnemnda å finne området dei skal starte eventuelle ettersøk etter skadde dyr.

Kjelde: Viltnemnda.