Planane for terrassbustadar i Storgård blei det aldri noko av. Men no har Gunnvald Solli nye planar klare; denne gongen gjeld det åtte større leilegheiter i fire separate bygg.
Planane for terrassbustadar i Storgård blei det aldri noko av. Men no har Gunnvald Solli nye planar klare; denne gongen gjeld det åtte større leilegheiter i fire separate bygg.

Vil byggje duplo-bustadar

Det er planar for fleire leilegheiter i Seljord. Gunnvald Solli satsar no på duplo-bustadar på Storgård-tomta.

I 1997 fekk Solli Eiendom AS på Dalen opsjon på kjøp eller leige av tomt for å byggje terrassehus i skortene ovanfor den tidlegare sjukeheimen i Seljord. Desse terrassebustadane blei aldri noko av. Men no vil Solli i gang att. Denne gongen med såkalla duplo-bustadar.

– Prinsippet er at kunden kjøper eit hus med ein utleigedel. Å leige ut ein del er svært gunstig skattemessig, forklarar Solli, som fortel at slike typar bustadar er svært vanlege til dømes i Spania.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sal eller utleige

Om han bare skal selje husa, om det blir å selje leilegheitar kvar for seg, eller om noko ikkje skal seljast, men leigast ut, har ikkje utbyggjaren teke stilling til enno – det kjem an på etterspurnaden.

På Storgård-tomta planlegg han å byggje til saman åtte leilegheiter; fire hus med to leilegheiter i kvar. Etter det me forstår er det ikkje vanlege tomannsbustadar, men tvihøge hus med ei leilegheit i kvar etasje. Prosjektet er kostnadsrekna til vel fem millionar kroner.

Opsjonen Solli har på tomta har gått ut, men no bed han om at retten til å kjøpe eller leige tomta blir forlenga. Det meiner teknisk sjef i Seljord, Kåre Groven, at den mogelege utbyggjaren bør få. Han gjer framlegg om at opsjonen blir forlenga fram til 1. juli 2006, eit framlegg formannskapet skal ta stilling til onsdag.