Vegen Seljord-Bø stengt heile helga
Riksveg 36 mellom Seljord og Bø vil vera stengd komande helg og ut i neste veke. –Det er langt vanskelegare å få renska opp ved rasstaden enn me hadde rekna med. Det er difor uråd å få rydda vegen til i morgon, slik me fyrst hadde tenkt, seier overingeniør Leif Sundfær ved vegkontoret til Vest-Telemark Blad. Det er store masser ovanfor sjølve raset som må renskast vekk – både fjell og vegetasjon. (…) Raset ved Heggeneset gjekk tysdag ved 14.30-tida. Fleire tonn rasa ut i vegen og delvis ned i Seljordsvatnet. Arne Nordbø frå Flatdal sto med boreutstyr der raset kom, men han vart klar over kva som skjedde i siste liten, kasta utstyret frå seg og berga livet.