Ragnhild Mandt stod for den offisielle opninga va vegen i Eidsborgberget fredag. Tokke-ordførar Jarand Felland (t.h.) og fylkeskommunens leiar for samferdsel, Knut Duesund var hjelparar.
Ragnhild Mandt stod for den offisielle opninga va vegen i Eidsborgberget fredag. Tokke-ordførar Jarand Felland (t.h.) og fylkeskommunens leiar for samferdsel, Knut Duesund var hjelparar.

Opna vegen med pomp og prakt

Det kunne fort gått gale då ei av hovudfartsårene i Tokke rasa ut for fire månader sidan. I går blei Eidsborgberget erklært køyrbart att.

– Klokka var 06.25 svartjoleftan. Eg skulle på jobb og sat i mine eigne tankar på veg til Dalen. Til vanleg brukar eg mykje av vegbanen i svingane i berget, men akkurat denne dagen heldt eg skikkeleg innersving. I det eg køyrer gjennom svingen legg eg merke til at det er uvanleg mørkt der muren til vanleg lyser opp. Eg køyrer ein liten stubb før eg ryggar tilbake. Då ser eg at muren og delar av ytre vegbanen er borte, fortel Ragnhild Mandt frå Eidsborg.

Det var Mandt som denne dagen ringte 175 og varsla Vegvesenet om raset. Berre 25 minuttar tidlegare hadde mor hennar passert rasstaden, men då hadde det ikkje rasa. Det er grunn til å tru at det har vore litt flaks i biletet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vedgår at pulsen blei høg og adrenalinet pumpa skikkeleg. Då eg rygga opp att gjekk eg ut av bilen, og då rasa det meir. Dermed var det berre å hive seg i bilen og kome seg ned til Dalen. Det er klart at dette kunne gått gale. Hadde eg bruka vegbanen slik eg plar, kunne det fort enda utfor berget, fortel Mandt.

Opna vegen

Fredag fekk ho jobben med å stå for den offisielle opninga av vegen.

– Eg er ikkje redd for å køyre Eidsborgberget, men det er nok fleire svingar som kan vere utsette. No satsar eg berre på at Vegvesenet har gjort ein skikkeleg jobb, smiler ho.

Avdelingsdirektør for Statens vegvesen i Telemark, Kjell Solheim, takka både entreprenørar og brukarar av vegen for at alt hadde gått smertefritt.
Avdelingsdirektør for Statens vegvesen i Telemark, Kjell Solheim, takka både entreprenørar og brukarar av vegen for at alt hadde gått smertefritt.
Olav Bjørn Bakken var fyrstemann som passerte rasstaden etter at vegen opna fredag.
Olav Bjørn Bakken var fyrstemann som passerte rasstaden etter at vegen opna fredag.
– Det blir litt enklare for meg å kome meg til Dalen for å handle no, seier Lisette Haukelisæter, ein av dei næraste naboane til rasstaden.
– Det blir litt enklare for meg å kome meg til Dalen for å handle no, seier Lisette Haukelisæter, ein av dei næraste naboane til rasstaden.

– Det har blitt gjort ein skikkeleg jobb her. Derfor har det også teke noko lenger tid enn me fyrst trudde. Men eg vil rose entreprenørar og publikum som har ferdast i området. Det har ikkje vore problem av noko slag, sa Kjell Solheim, avdelingsdirektør for Statens vegvesen i Telemark

Både Solheim, Knut Duesund, som er leiar i fylkeskommunens hovudutval for samferdsel, og Tokke-ordførar Jarand Felland heldt taler i samband med opninga.

Vegen blir lysregulert ei tid framover slik at arbeidet med sikring og dekke kan skje på ein tryggast mogleg måte. Om tre veker opnar Suleskarvegen, og det har vore viktig å få Eidsborgberget køyrbart innan den tid. Ikkje minst uttrykte næringsdrivande på Dalen dette i vinter.

For skuleborna har det også vore nokre utfordringar i vinter. Dei har blitt køyrt med buss til og frå båe sider av rasstaden. Slik sett har det vore utfordrande for fylkeskommunen og Telemark bilruter også. No er det slutt på det, og bussane kan passere som vanleg.

Betraktningar frå ein bladfyk i berget:

No veit eg korleis dei har hatt det etter at det blei bart på vegen. Med «dei» meiner eg dei som jobbar ved Vest-Telemark museum i Eidsborg og som har bruka apostlanes hestar frå rasstaden til museet og tilbake, etter at akebrett-sesongen tok slutt. Eg gjorde det same torsdag, og det var tungt. Eg skjønar også godt Sverre Bakke då han fortalde at han ofte blei litt sveitt då han gjekk opp berget, og våt dersom det var uvêr. Litt sveitt? Eg blei klissblaut innafor jakka, og når det i tillegg sette inn med snøvêr på tur ned att, så blei eg jammen klissblaut på utsida også. Det fortel meg tre ting: Dei museumstilsette er spreke, eg er det motsette, og det var på tide at vegen blei opna att.

Artikkelen held fram under annonsen.

I alle fall blei vegen opna fredag, og dermed kan både bilistar, museumsarbeidarar, næringsdrivande på Dalen, Sverre Bakke og eg gle oss til våren og sommaren. Og eg veit også om fleire som truleg er strålande fornøgde med at vegen er open att – nemleg borna til dei museumstilsette. No får dei ha snøsvingarane, akebretta og rattkjelkane for seg sjølve når snøen kjem.

Stein Olav Lie