Knakk saman
Mykje snø og angrep frå maur gjorde til at røstehytta til Åmdals Verk gruver måtte gje tapt.
– Det er mange bygningar som høyrer til gruvene eller gruvemuseet, og røstehytta var heldigvis ikkje den bygningen me var mest bekymra for, seier leiar i lokalstyret for Åmdals Verk gruver, Unni Bendiksen.
Maur og snø
Det var for to veker sidan at bygningen, som blei sett opp i 1989, måtte gje tapt. Taket og veggane kollapsa under den tunge snøen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Sjølv om det var plater på taket, hadde det ikkje vore nok mildvêr til at snøen sklei av. Maurangrep hadde også gjort sitt til at treverket ikkje lenger var så solid, fortel Bendiksen.
Tjuvar på ferde
Røstehytta har vore bruka som lager, og der var mellom anna materialar og delar til ei mølle som i si tid stod på Dalen.
– Der var også enkelte ting som høyrer til gruvene. I tillegg var det mellom anna nokre gamle margarinkasser og ein gamal boks med Freia-merke på. Dessverre har nokon vore og forsynt seg av dette før me fekk kome i gang med oppryddinga. Eg ser gjerne at dei eller den som har forsynt seg leverer tilbake det som er borte, oppmodar Bendiksen.
– Kva skjer vidare no?
– No må me rydde, og så blir det opp til forsikringsselskapet å avgjere korleis erstatninga blir, svarar Bendiksen.
Uvisst om det kjem nytt bygg
Ho fortel at muren under røstehytta skriv seg frå tida då gruvene var i drift, men at ho ikkje veit sikkert kva bygning som stod der.
– Nei, det er eg ikkje sikker på. Me er usikre på om me skal setje opp att eit nytt bygg her, i alle fall kan me ikkje det før me veit kva slag forsikringsoppgjer me får. Elles vil eg rose Vest-Telemark museum som har stått på og rydda snø av taka på bygningane til gruvene, seier lokalstyreleiaren.
Bendiksen seier at mykje av det dei ryddar hamnar på søpla, men at noko også blir teke vare på.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Bygget var på 88 rutemeter, så det var plass til mykje der, avsluttar ho.