Tokke brannvesen og røykdykkar Bjørn Vindal var raskt på plass då dei fekk melding om brann i garasjen til Knut Våmartveit på Dalen. Då dei kom til staden hadde huseigaren sjølv sløkt brannen. Brannvesenet bruka også varmesøkjar for å vere sikre på at det ikkje var meir varme i veggen der brannen oppstod.

– Kunne fort gått gale

Midt på dagen onsdag fekk brannvesenet i Tokke melding om bygningsbrann i Myllevegen på Dalen. Då dei kom fram hadde huseigaren sjølv sløkt brannen som var i ein garasje.

– Eg var inn ein tur og fekk meg litt mat. Då eg kom ut i garasjen att såg eg røyk. Det var ei lykke at eg ikkje sat lenger ved matbordet, då kunne det fort gått gale, seier huseigar Knut Våmartveit.

Han fortel at han har ei smie i den frittståande garasjen og at det er i samband med den brannen har byrja.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den vesle smia har både eldfast stein og plate, men det kan sjå ut til at den eldfaste plata har sprekt og dermed har flammane fått tak i veggen, seier han.

Hadde sløkkjeutstyr

Våmartveit sløkte brannen på eiga hand ved å spraye sløkkeskum på flammane før han reiv materialen som hadde teke fyr og bruka brannsløkkingsapparatet.

– Eg hadde både sprayflaska med skum og brannsløkkingsapparatet rett ved sida av meg, så det gjekk heldigvis fort å sløkkje, fortel han.

Både brannvesen og politi var på plass etter at brannalarmen gjekk på Dalen i 12-tida onsdag.
Både brannvesen og politi var på plass etter at brannalarmen gjekk på Dalen i 12-tida onsdag.

Utrykkingsleiar i Tokke brannvesen, Kjell Storøygard, fortel til VTB at han visste det var to garasjar på eigedomen, men at han ikkje visste kva garasje det var før dei kom til staden.

– Når me kom fram var brannen sløkt, og heldigvis, om ein kan bruke eit slikt ord, var branntilløpet i den frittståande garasjen. Det kunne vore verre om det hadde vore i garasjen som er direkte knytt til huset, eller om huseigaren hadde venta litt lenger før han gjekk ut i garasjen att, seier han.

Politiet var også på plass for å gjere sine undersøkingar.