Opnar brannstasjonen i Vinje for publikum
Når hausten set inn aukar talet på bustadbrannar monaleg. Brannvernveka skal bidra til å redusere det. På Vinje brannstasjon opnar brannvesenet portane for store og små fyrstkomande laurdag.
Som einaste i Vest-Telemark arrangerer Vinje brannvesen open dag på Åmot brannstasjon fyrstkomande laurdag. Over heile landet opnar 350 brannstasjonar portane for små og store denne laurdagen.
– Nye tal visar at hausttradisjonen «open dag» framleis er viktig for å redusere omfanget av alvorlege bustadbrannar, skriv Vinje brannvesen i ei pressemelding om den årlege brannvernveka i veke 38.
Artikkelen held fram under annonsen.
Der set dei søkjeljos på viktige tal når det gjeld branntryggleik i heimen:
- 9 av 10 har ikkje avtalt møtestad i tilfelle brann.
- 1 av 3 kan ikkje naudnummeret til brannvesenet.
- 1 av 4 er usikre på om sløkkeapparatet fungerer.
Desse tala kjem fram i ei ny undersøking TNS Gallup har utført for If Skadeforsikring, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og Norsk brannvernforening i høve brannvernveka i år.
– Ha brannøvingar heime
– Byrjar det å brenne, er du og familien veldig overlatne til dykk sjølve i dei fyrste livsviktige sekunda og minuttane. Då er det ikkje tid til å gruble over kor det er trygt å rømme, google etter kven de skal ringe til, eller pakke brannsløkkeapparatet ut av emballasjen. Det er kun gjennom å ha brannøvingar heime dette kan trenast på, seier konserndirektør Morten Thorsrud i forsikringsselskapet If, som er ein av medarrangørane til open dag på brannstasjonane.
– «Open dag» har blitt ein fantastisk fin tradisjon i september kvart år. I fjor var det rundt 250 000 besøkande på landsbasis. Arrangementet samlar vaksne og born til artig læring med ein alvorleg undertone, idet vi går inn i ei årstid der talet på bustadbrannar vanlegvis aukar i takt med at vi trekker innomhus, skruvar på varme, fyrar i omnen og tenner ljos, seier brannvesenet, håpar mange tek turen til brannstasjonen i Åmot på laurdag.