Landbrukskafé – ein viktig møtestad
Måndag inviterte Tokke kommune til landbrukskafé i Byrte. Eit flott initiativ, meinte dei frammøtte.
Med 2912 sauer er Tokke framleis den største sauekommunen i Telemark. Og i Tokke er Byrte bygda med flest dyr.
– Det er viktig at kollegaer i landbruket kan møte kvarandre. Landbruket er ei særs viktig næring for kommunen. Det gjer bygdene levande og gode å bu i. Me er veldig glade i dykk, innleidde Tokke-ordførar Jarand Felland (Sp).
Artikkelen held fram under annonsen.
Rullering av landbruksplan
Einingsleiar for plan, næring og kultur, Gunhild Austjord, kytte av Byrte som ei aktiv landbruksbygd. Ho informerte også om at landbruksplanen er ute på høyring.
– Me er pålagt å ha eit overordna planverk. Det er viktig for framtidas vyer. I landbruksplanen ligg det tiltaksretta føringar for mykje, mellom anna økonomiske verkemiddel. Mange føringar kjem frå sentralt hald, men nokre føringar kan me sjølve gå for. Derfor er det vikig å kome med innspel til kva ein bør prioritere, sa Austjord.
Potensial
Sverre Bakke er landbrukssjef i Tokke. Han peika på at landbruket i Tokke er svært viktig på mange felt, men at det ligg eit potensial for at fleire kan skaffe seg gardsbruk og drive gard.
– Det er busetnad på 178 gardar i Tokke. Potensialet er 209 når tidene blir betre i landbruket, sa Bakke.
Han fortalde at 70 gardsbruk søkte om produksjonstilskot siste år, og at potensialet truleg er det dobbelte. Bakke sa også at det er 43 bruk med husdyr.
– 1990-talet var ei god tid for landbruket. Det blei sett opp mange nye fjøs då. Elles vil eg seie at landbruk er ei politisk næring, og at storleiken på ressursane frå Stortinget avgjer aktivitetsnivået, forklara han.
Dei fleste som driv med sau i Tokke har over vinterfôra 100 dyr.
– Det er spesielt at besetningane er så store. De er veldig flinke, sa Bakke til dei over 20 frammøtte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fryktar færre mjølkeprodusentar
Landbrukssjefen var elles uroa for mjølkeprodusentane i kommunen. Det er berre seks produsentar att, og i fylgje Bakke er ingen av dei ungdomar.
– Seks produsentar er veldig få. Men så er det slik at det er svært kostnadskrevjande å starte med mjølkeproduksjon. Det krev store investeringar, meinte Bakke.
Ti bruk driv med geit, medan fire bruk satsar på ammekyr. Slik stoda er i dag er det mangel på storfekjøt, og derfor er ammekyr satsinga i tida.
– Slik var det på 90-talet også. Men ein pressa økonomi gjorde at fleire måtte gje seg. For å drive med ammekyr treng ein mykje fôr og beite, sa landbrukssjefen.
Ulike tilskotsordningar
I Tokke blir det ytt tilskot på opptil 300 000 kroner til oppføring av ny driftsbygning. I nabokommunen Vinje er tilskotet på 600 000.
– Eg ynskjer at tilskota bør vere på same nivå som i Vinje. Det er mykje lettare å kome i gang dersom tilskotet er større. I tillegg har dei tilskot til dyrking i Vinje. Det har ikkje me, sa bonde Jørund Håvard Askje frå Skålebygdi.
Knut Kristian Vadder er sauebonde i tillegg til at han har nokre ammekyr, og han er politikar. Vadder er leiar i utviklingsutvalet i Tokke kommune.
– Tilskot til dyrking er eit av innspela me har kome med til landbruksplanen. Eg likar også ordningane i Vinje svært godt, men pengesekken i kommunen vår er ikkje like full som han var. Men noko må me vel prøve å få til, sa Vadder, som også syntest det er trasig at det omtrent ikkje er bruk med husdyr på Skafsåsida.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det blei elles føreslege å bruke meir ressursar på om det er mogleg å hente inn eksterne midlar som ein også kan bruke til landbruksprosjekt.
– Eg vil tru det er mykje å hente eksternt også for ein kommune, sa Tore Felland Storhaug frå Mo.
Fleire av bøndene gav uttrykk for at kommunen satsa mykje på museum og turisme. Og at tida kanskje var inne for å la landbruket bli like høgt prioritert.
– Det blir heilt feil å setje landbruket opp mot musea, sa ordføraren, og dermed blei det ikkje meir diskusjon om det.
– Men me vil sjølvsagt sjå om det er mogleg å prioritere landbruket meir, la han til.
Ein viss optimisme
Talleiv Utistog frå Byrte gav uttrykk for at nedgangen i oljenæringa var positiv. Med det meinte han at sjansen for at dei som tidlegare arbeidde offshore kanskje kunne tenkje seg å starte gardsbruk.
– Kva tenkjer så landbrukssjefen generelt om landbruket i Tokke?
– Det er mykje positivt på gang. Mellom anna nybygg og restaureringar av gamle fjøs. Nivået har vore ganske stabilt dei siste 2–3 åra. Utfordringane framover blir å, skal me seie overleve, dei neste ti åra. Det er fleire bønder som trekkjer på åra, og det er nødvendig at komande generasjonar tek over, svarar Bakke.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han held fram med at det blir viktig for kommunen å leggje til rette for dei som vil drive landbruk. Og då betyr det også at ein må tilby arbeidsplassar.
– Dei fleste treng ein jobb i tillegg til å drive gard. Men me veit at arbeidsplassar ikkje er enkelt å skaffe. Elles trur eg me må bli flinkare til å hjelpe gardbrukarane med administrativt arbeid som å skrive søknadar og liknande, sa Bakke.
Vidare var han inne på skogbruk og kor viktig det er å drive ungskogpleie og planting.
– Det er snakk om langsiktige investeringar, men avgjerande for at komande generasjonar kan hauste av dei, sa han.
Menneskeføde i kraftfôret
Tarjei Gaastjønn har i mange år drive gard med mellom anna oksehald. No er det sonen som driv garden, men faren har klare meiningar om kva som er litt av problemet i norsk dyrehald om dagen.
– Prisen på kraftfôr burde vore mykje høgare. Då måtte dyra i større grad beite naturleg, og kulturlandskapet hadde blitt teke mykje betre vare på, sa han.
Tidlegare var kraftfôret i stor grad laga av animalsk feitt. Men så blei det lagt ned forbod mot å bruke beinmjøl som fôr til drøvtyggjarar. I same rennet blei også fiskemjølet borte som drøvtyggjarfôr. No er det vegetabilsk feitt med mellom anna soya i kraftfôret.
– Soya er menneskeføde mange stader i verda. Då blir det for meg heilt meiningslaust at Noreg skal importere store mengder kraftfôr og vere med på å skape svoltsituasjonar ute i verda. sa Gaastjønn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rosa initiativet
John Utigard frå Byrte driv med sau. Han var godt fornøgd med kvelden.
– Me har ikkje så mange fora der me kan møte kvarandre, og derfor er det viktig å kome saman på denne måten. Ofte blir me sitjande på kvar vår tuve og drive med vårt. I kveld er det bønder frå alle delar av kommunen her. Eg rosar initiativet, sa han.