Svein Vetle Trae frå Åmotsdal blei fredag tildela Kongens fortenestemedalje i gull for sin genuine interesse og formidling av norsk krigshistorie. Seljord-ordførar Halfdan Haugan stod for overrekkinga på vegne av Kong Harald V.
Svein Vetle Trae frå Åmotsdal blei fredag tildela Kongens fortenestemedalje i gull for sin genuine interesse og formidling av norsk krigshistorie. Seljord-ordførar Halfdan Haugan stod for overrekkinga på vegne av Kong Harald V.

Har gjort seg fortent til Kongens gull

Svein Vetle Trae frå Grasbekk i Åmotsdal fekk i går Kongens fortenestemedalje i gull. Hans genuine interesse for krigshistoria og formidlinga av denne ligg til grunn for utmerkinga.

Samfunnsnyttig innsats over lengre tid er ein av dei viktige statuettane ved vurdering av kandidatar til Kongens fortenestemedalje. Ordninga som blei stifta av Kong Haakon VII i 1908 blir dela ut for innsats på område som gagnar samfunnet slik som kultur, kunst, vitskap, næringsliv og sosialt og humanitært arbeid. Statuttane har blitt endra opp gjennom åra etter som samfunnet har endra seg.

I går fekk altså Svein Vetle Trae den gjeve utmerkinga, og det var Seljord-ordførar Halfdan Haugan som stod for utdelinga på Nutheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Trae har ei mangslungen karriere bak seg med hovudvekt på skogbruk, miljø og læring. I heile sitt liv har han vore levande interessert i Forsvaret og i å ta vare på forsvarshistoria generelt og i Telemark spesielt, innleidde Haugan.

Han peika også på i tala si at Trae har vore med i okkupasjonsberedskapen og han har gjort teneste som jaktoppsynsmann i 15 år i dei områda der fleire norske motstandsmenn opererte.

– Det er likevel historieinteressa og evna han har til å formidle denne som er det sentrale i grunngjevinga for utmerkinga, sa Haugan.

Krigsføredrag som 14-åring

Seljord-ordføraren fortalde at Trae alt som 14-åring heldt sitt fyrste føredrag om krigen. I ettertid har blitt mange fleire føredrag om temaet både i inn- og utland.

– Han har også skrive tre bøker, der den siste, «Lamplight», er eit storslage verk som tek føre seg situasjonen i Noreg fram til krigsutbrotet i 1940, og hendingane framover til freden og landssvikaroppgjeret etterpå, fortalde Haugan.

Skal møte Kongen

Det var ein overraska og litt rørt Svein Vetle Trae frå Grasbekk i Åmotsdal som tok imot den gjeve utmerkinga.

– Eg trudde eg var invitert fordi eg sluttar som kommunalt tilsett, så dette kom særs overraskande. Rett nok stussa eg over at det var så mange bilar utanfor, men ikkje kunne eg vel ane at det var fordi eg skulle bli tildela ei så gjev utmerking, smiler Trae.

– Det er i alle fall umåteleg hyggjeleg både med utmerkinga og ikkje minst at så mange gode vener og kjente har tatt turen, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innstillinga til utmerkinga var på heile 52 sider. Seinare i år skal Trae møte Kong Harald V som ein del av utmerkinga.